Blometog

Share

I staden for fakkeltog var det i kveld blometog i Oslo og fleire andre store byar. Eg har i grunnen vore klistra til TV-ruta desse dagane om eg skal seie noko om meg sjølv. Eg har prøvd å lese litt på Internett, men ei kjensle av avmakt har gjort at eg meir har late TV2 og NRK velje for meg enn at eg sjølv har leita fram informasjon på nettet.

Ikkje minst er eg imponert av TV2 som har lagt bort reklamen og sender nyhetskanal på hovudkanalen med oppegåande journalistar som dekkjer hendingane både i Oslo og på Utøya på ein måte som gjer at eg får mykje informasjon i ein situasjon der trongen for informasjon er stor.

Denne helga var Sigumund på Blink-festivalen i Sandnes, der ski-eliten har rulleskirenn. Han nytta høvet til ein tur til Ålgård for å besøke farmor, det var ganske lenge sidan sist han hadde vore innom henne sjølv om han hadde vore på den kanten av landet fleire gonger utan å ha hatt tid til å stikke innom. Ho var svært glad i telefonen då vi snakka om det..

Dei sportslege aktivitetane i Sandnes vart etter kvart avlyste, men då nedrigginga var ferdig laurdag, gjekk det ikkje fly tilbake til Oslo, så han måtte vente til sundag. Vel komen heim fekk han bare nokre timar fri før han måtte på jobb att, hendingane hadde nærast støvsugd marknaden for folk som kunne halde kamera og sportskanalen hans vart engasjert til å formidle hendingane til heile verda.

Saman med dei andre mediefolka har han gjort ein stor jobb for å få ut informasjon om hendingane og interessa frå heile verda har vore stor. Å sitje og fylgje med frå reportasjane har fjetrande og gripande på same tid. Eg har knapt vore innom Internett i denne tida, og dei få gongene eg har vore der, har bare vore nytta til å lese litt, bloggen har vore stille og Setesdalswiki har heller ikkje fått nye artiklar. Der står det 1499, artikkel nr. 1500 skulle vere Setesdølen for fredag, men den måtte og vente.

For oss rundt om i landet som ikkje er direkte råka av hendingane, normaliserer livet seg litt etter kvart. Nokre må på jobb, slik at hjula kan svive, andre startar ferie og dreg på tur, slik planen har vore. Vi får inn i den siste fellesferieperioden med bileta av blometog mot terror i medkjensle med offer og pårørande.