Eksplosjonar og skyting

Share

Det er stor skilnad på eksplosjonar og skyting på film og i det verkelege livet. I dag fekk vi eit eksempel på det. Det som vert omtalt som ei bombe, eksploderte utanfor regjeringskvartalet og pulveriserte fasadar og vindu både i offentlege bygningar og i nabobygningar. Etter kvart kom det fram at det var sju døde og mange skadde, nokre av dei var hardt skadde.

Og så gjekk det bare kort tid, så kom det melding om skyting på Utøya. Eg visste ikkje at det var så mange som 6-700 på desse leirane, men eg skjøner jo betre kvifor Arbeidarpartiet sine toppar prioriterer arrangementet, dei når mange unge frå heile landet på ein og same dagen. Det gjorde drapsmannen og, etter det eg veit no, var det ti som vart tekne av dage der denne fredagskvelden.

Uverkelege hendingar begge stadene. Eg lurer på om det er nokon eg kjnner, det gjer vel dei fleste. På facebook og twitter er det mange som har skrive og kommentert hendingane. Alle er vi sjokkerte av det vi har sett på TV, og sjølv om det same kjem om att og om att, sit vi som fjetra.

Sjølv sat eg og fylgde med på Tour de France då meldinga kom på TV2. etter kvart vart heile sykkelrittet flytt til TV2 Zebra og hendingane i Oslo overtok i hovudkanalen. Når ein tenkjer på TV2 si satsing på sykkel og at dette tre vekers sykkelrittet i dag hadde sjølve kongeetappen, seier det noko om kor alvorleg hendingane i Oslo vart opplevde. Det var vel knapt ei mil att av løpet då det måtte vike plassen, og tvekampen om gul skjorte, ungdomstrøye, klatretrøye og kva dei no heiter, alle saman, måtte vike.

Det får stå sin prøve, hendingane i Oslo var dramatiske og vil bli ståande. Etter kvart kom det ein artikkel om det på Wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Anslagene_i_Norge_2011 Eg kunne ikkje anna enn late meg imponere over kor omfattande artiklane vart etter kvart. Både kart og bilete kom på plass temmeleg fort.

På Setesdalswiki vart det derimot stille. Dagens arbeid stoppa på 1499 artiklar, og om ikkje nokon andre skriv i løpet av natta, vil vi få artikkel nr. 1500 i morgon. Truleg vert det artikkelen om dagens Setesdaølen. Den som lever får sjå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *