Ferietid og på bloggen

Share

Det ser ut til at det er ferietid og på bloggen, for nå er det gått nokre dagar sidan eg skreiv her. Siste gong var torsdagskvelden, då fortalde eg om turen til Byrkjedalstunet, der Kjell Ingolf feira bryllup fredagskvelden. Setesdølen hadde vigd heile agurknytt-sida til hendinga i fredagsnummeret, der avisa og drog fram lått og løye frå Setesdalstinget i vår, der han fekk kåtleiksprisen, ein noko improvisert heider som konferansier Styrk Fjærtoft Trondsen hadde med seg til arrangementet.

Her heime i Mandal fekk vi besøk av Sigmund og Margaret i helga, dei avslutta ferien hos oss etter å ha vore det meste av turen i Sveits og Frankrike. Vi fekk til og med ein billedkavalkade, i våre dagar slepp ein jo å vente på framkalling og slikt, og ettersom Reidun var framsynt då vi fekk oss nytt fjernsyn, har vi no eit apparat som kan koplast til datamaskinen og gjev alle høve til å sjå. Takk for både besøk, framsyning og alt det andre dei hadde med seg og delte med oss desse dagane. Reidun samlar på fingerbøl, Håkon talde opp over 120 ulike, og når borna har vore på tur, kjem det gjerne eit nytt i samlinga.

Men i dag drog dei innover til Oslo att, alle saman. Dei som hadde tidleg ferie er no ferdig med ferien, dei som har sein ferie, er så vidt komne i gang. Med regn som piska rutene i dag, tok barnebarn og foreldrene deira turen til Sørlandsbadet. Der måtte dei stå ein time i kø for å kome inn, så mange hadde tenkt same tanken. Men det verka ikkje som om det gjorde så mykje, då dei kom heim, fortalde dei om ein triveleg dag. Dei hadde til og med fått gratis is av ein eller annan grunn. Så livet er ikkje så ille, sjølv om det regnar denne sommaren. Det var jo og naudsynt om magasina skulle fyllast opp att. Vona kunne no vere at dei ikkje tømde dei like mykje eit anna år som dei gjorde i år, men det er vel for mykje å håpe på. Det må vel ein lov til før dei som styrer det systemet, skjønar at vi godt kan redusere profittjaget og heller sikre sjølvforsyning og mindre bruk av kolkraft frå samkøyring og produksjon andre stader.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *