Tenk om Setesdalswiki vart meir brukt

Share

Tenk om folk i Setesdal ville bruke Setesdalswiki til alt den nettstaden kan brukast til. Bare fantasien set grenser. No ligg det ganske mykje stoff der, det nærmar seg 1500 artiklar, og for kvar ny artikkel som kjem, veks nytteverdien for denne informasjonskanalen ved at hyperteksten vert betre og betre. (Hypertekst er namnet ein nyttar for å seie noko om lenkene i leksikonet, dei gjev lesaren høve til enkelt å gå frå artikkel til arikkel.)

I dag fann Helge ein måte å legge inn ein heil årskalender, slik at det er mogleg å få oversikt over dager der det ikkje er artiklar, ikkje bare i løpet av ein månad, men for eit heilt år. Setesdalswiki er spesiell på den måten i høve til wikipedia, som skil mellom dag og årstal. Ved å ha dei saman, vert det ei unik oppslagstavle for akkurat den dagen, og det gjev høve til å legge inn ein aktivitetskalender for eit lag eller ei forening. I og med at kven som helst kan redigere, kan informasjonen oppdaterast når det er trong for det utan at ein må sende det til ein ansvarleg som skal gjere det på vegne av deg. Du kan gjere det sjølv. Lenke til kalendersida ligg i venstremargen, med eitt klikk har du heile kalenderen på plass, og eit nytt klikk gjev deg datoen du vil legge inn informasjon på.

Når eg legg inn hendingar i kalenderen, er det som oftast hendingar som er omtalt i Setesdølen. Men det er jo ikkje noko krav at det skal vere hendingar som er annonsert eller omtalt der. Om laget eller foreninga di har ein møteplan, kan den leggjast inn. Og når du skriv ein artikkel om laget eller foreninga di, kan du lage ei lenke der du legg inn møteplanen for laget for eit semester eller eit år. Til dømes kan Valle bygdekvinnelag ha ei lenke som heiter Valle bygdekvinnelag – Møteplan 2011, så lagar du ei lenke for denne teksten og skriv inn heile møteplanen for 2011 der. Og slik kan alle lag og foreningar i Setesdal ha si eiga side med møteplan. I tillegg kan ein altså no leggje det inn på den aktuelle datoen. Tenk om nokon hadde teke det i bruk for hausten 2011!

Bach og Böhm

Share

I kveld vert bloggen min orgelrelatert. Grunnen til det er at eg vart inspirert av Ian Richards, som har starta sin eigen blogg. Den finn du her: http://ianmrichards.blogspot.com/

Her skriv han om orgel og konsertar. Ettersom han starta i går, er det ikkje så mykje å lese der enno, mne det han skriv er interessant, ikkje minst for meg og Niklos, som jo har hatt orgelprogram i Valle Radio sidan 1997.

I dag skreiv Ian om konserten han skal ha komande tysdag klokka 20 i Oddernes kirke. Det vert ein konsert med Bach og Böhm, difor brukte eg det som overskrift i kveld. 18. november 2008 hadde eg eit program med Böhm, eg skreiv om det programmet på bloggen same kvelden:
http://valleradio.blogs.no/2008/11/18/georg-boehm-5060476/

Program
Ian sitt program vert slik, etter det eg kan lese på bloggen hans:

Preludium, fuge og postludium i g-moll av Georg Böhm
«Christ lag in Todesbanden» av J.S. Bach (BWV 718)
Partiter over «Ach wie nichtig» av Georg Böhm
Sonate i D-Dur av Carl Philip Emmanuel Bach, en av J.S. Bachs sønner
Partiter over «Freu dich sehr, o meine Seele» (noen av variasjonene, ikke alle) av Georg Böhm
Preludium og fuge i C-Dur, BWV 531

I mitt Georg Böhm-program i 2008 hadde eg ikkje med nokon av dei stykkene Ian skal spele tysdag. Eg spelte Preludium og fuge i C-dur, koralpartita over Herr Jesu Christ, dich zu uns wend og Partita: Wer nur den lieben Gott liesst walten, Mitt program i Valle Radio er bare ein halvtime, Ian spelar nok ein time på sin konsert. I Valle Radio hadde eg funne musikken på ei plate med Christian Teeuwsen frå Ontario i Canada. Han spelte på orgelet i Bovenkerk i Kampen i Nederland,

Verket «Christ lag in Todesbanden» har vi hatt med i Valle Radio fleire gonger, mellom anna som korkomposisjon med Samuel Schein (1586-1630) i programmet som Niklos hadde 1. februar i år. Då var det Evangelische Singgemeninde Siegen dirigert av ulrich Stötzel som framførte verket i Valle Radio. I 2005 hadde eg med i Valle Radio ein orgelkoral av G. A. Homilius over dette verket med Jan Kleinbussink på orgelet i Grote of Lebuïnuskerk i Deventer. Den kyrkja hadde eg gleda av å besøke då vi var i Nederland og lånte huset til foreldra til Pieter Leebeek ei veke.

Men no kom eg på viddene. Eg trur eg vil prøve å kome meg til Kristiansand tysdagskvelden og høyre Ian spele.

Politikarar på Setesdalswiki

Share

Eg må nok sjå i augo at det neppe blir blått i blått på listene til dei politiske partia på Setesdalswiki. Eg hadde ei von om at vi saman kunne ta ein dugnad før valet, slik at folk kunne gå inn på Setesdalswiki og lese om kandidatane. Eg trur dei fleste listene er der, men det er i grunnen bare Evje og Hornnes Høyre som har fylgt opp med informasjon om kandidatane. Dei har lagt informasjon ut på internettsidene sine, og etter avtale med Inger Juvastøl kan eg hente stoff der for å skrive små biografiar på Setesdalswiki. Det som står på Høgre-sidene, passar i ein politisk samanheng, men eg tek bort ein del av det politiske stoffet når eg skriv inn artiklane på Setesdalswiki, slik at det blir meir biografisk og leksikalsk profil.

Til no er det blitt 10 av 19 på Høgre-lista i Evje og Hornnes. Eg har og fått nokre artiklar om KrF-lista i Valle, men elles er det nokså tynt med artiklar om politikarane. Med tanke på at det er to månader til valet, trur eg ikkje det går å nå dei ambisjonane eg hadde i vår då eg starta å leggje inn listene.

Ikveld skreiv eg om Tom Roger Øydne, han står langt nede på Høgre-lista, men i næringslivet er han ein tungvektar. I 2002 starta han konkurrenten.no etter å ha bygd opp Sørlandsruta Touring frå 0 til 15 tilsette på ti år. Han hadde eit mellomspel då han budde i Oslo og jobba for Norway Bussekspress, men sidan vart det Evje, der det no jobbar 65 personar i 45 årsverk med busselskapa konkurrenten og Risdal Touring. Les sjølv om han her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tom_Roger_%C3%98ydne

Setesdal Husflidssentral

Share

Setesdal Husflidsentral har no fått artikkel på Setesdalswiki, og Britta Lise Homme hadde bilete, så artikkelen har fått to bilete. Opp gjennom åra har Randi Gåserud Myrum ofte vore i Valle Radio og fortalt om aktivitetar dei har på Husfliden, så eg syntest det var på tide å skrive litt om emnet her på bloggen og. Om du går inn på artikkelen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Husflidssentral kan du finne ut om det manglar noko som burde vore med.

Men grunnen til at eg skreiv om Husfliden i dag, er nok at eg held på å fylle ut røde lenker i artikkelen om Kunstlaget si sommarutstilling 2011. Eg har ein tanke om at det kan vere ein fordel for utstillinga, og eg vil gjerne hjelpe Ånund K. Homme på min måte. Han og Nella har vore inspirasjonskjelder for meg i dei 20 åra eg no har vore i Valle (kom hit i august 1991, så det manglar vel ein månad). Ånund er pensjonist, men har heile si pensjonisttid halde fram med kulturaktivitetar i bygda, og i år slo utstilling til med betre sal enn på lenge, trass i at medlemstalet i kunstlaget sjeldan har vore så lågt som no.

Sommaren 2011 kan godt brukast til å skrive på Setesdalswiki, så eg skriv litt innimellom. Men i dag måtte eg sjå Thor Hushovd sykle i gul trøye i Tour de France, så det vert lange avbrekk. Ettersom det norske damelandslaget sparka fotball i kveld, vart det litt fotball og. Slik rullar dagane med ymse gjeremål. Det eg held på med, kan ikkje leverast for sal på Setesdal Husflidssentral, men vonleg kan det gjere folk i Setesdal meir kjende med kva som rører seg i bygdene, både kven som bur her og kva dei held på med.

Honnevje rasteplass og andre rasteplassar

Share

Honnevje rasteplass vart kåra til Årets rasteplass av NAF. Setesdalswiki hadde artikkel om rasteplassen, og no har snart 300 vore inne og lese på artikkelen. I dag la eg inn eit bilete der av tilsette i Valle Sparebank som plaskar i eit av dei mange plaskebassenga som elva lagar ved rasteplassen, men eg kunne godt hatt fleire bilete frå den fine staden. Då ville eg lagt dei i galleri under artikkelen.

Det er mange rasteplassar både nord for og sør for Honnevje rasteplass. Eg hadde likt å ha artiklar om alle saman, men det har ikkje vore lett å finne stoff, så til no har det ikkje blitt noko særleg. Men ikkje minst i sommarsesongen er rasteplassar populære stader med mange besøkjande, og i våre dagar, der folk har iphone og andre små maskinar som dei tek fram når dei stoppar på ein rasteplass langs riksveg 9, hadde det vore flott om dei kunne finne artikkel på Setesdalswiki. Om ein kunne fått artiklar om rasteplassar med toalett på plass, så hadde mange passasjerar blitt glade. Men og alle dei andre burde hatt artiklar.

I ein slik artikkel burde det stått noko om kva tid rasteplassen vart bygd. Eg trur kanskje det er grunnen til at eg ikkje alt har starta på det prosjektet. Men det kan kanskje vere mogleg å fylle det ut etter kvart, så om ein startar på ei liste, kan utfyllande informasjon kome når ein finn det. Kanskje det kunne høve som eit lite ferieprosjekt på Setesdalswiki.

Setesdalswiki: Første artikkel på engelsk

Share

Vi har diskutert litt om vi skulle skrive nokre av artiklane på Setesdalswiki på engelsk, og i dag kom den første, det var artikkel om Honnevje rasteplass. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Honnevje_rasteplass/english Det var Siri J som skreiv artikkelen, basert på artikkelen Ånund K. hadde skrive og som eg utvida noko i dag etter at Honnevje rasteplass var kåra til Årets rasteplass 2011 av NAF. Den artikkelen har no vore vist 254 gonger, eg trur ganske mange av dei var no i helga, ettersom kåringa skjedde på Reiseradioen. No i kveld la eg og inn kart i den norske artikkelen.

Så får vi sjå om det kjem fleire artiklar om Setesdal på engelsk etter kvart.

Etter at eg hadde hatt besøk i går og skrive artikkel om Daniel Sandén-Warg, tenkte eg at eg skulle skrive om spelemannslaget Knut Heddis Minne. Dei ga ut plate våren 2003, men etter det eg hugsar, vart det nokså lite av dei då musikklinja på Valle vidaregåande skule vart avslutta. Eg tok ein telefon til Harald B. Knutsen på Agder Folkemusikkarkiv, og han kunne stadfeste det, folk er spreidde over store område no, sa han, Knut Breivegen er inne i sin andre periode på Svalbard, så det er ikkje så lett å samle folk, sjølv om gruppa ikkje er formelt nedlagd. Plata Lea Deg fekk vi i Valle Radio då ho kom ut, så den har vore brukt i nokre program, men vi spelar nok meir country enn folkemusikk i lokalradioen, så ho har ikkje vore så mykje i bruk. Eg hadde for ein del år sidan ein serie program der Harald B. Knutsen presenterte noko av musikken han har på arkivet sitt, og det er kanskje snart på tide å ha ein ny programserie med folkemusikk.

Eg skreiv ein artikkel om plata deira, Lea Deg, den var ikkje stort meir enn ei sporliste, men då var det slutt på folkemusikk-artiklane for i dag, for då tok Tour de France til, og det var spanande å fylgje Thor Hushovd i gul trøye på tredje etappen. Sanneleg klarte han å medvirke til at lagkameraten hans, amerikanaren Tyler Farrar, vann på 4. juli, som jo er nasjonaldagen over there. Og sjølv får han sykle i gul trøye i morgon og. Tour de France engasjerer mange, og eg synest det er fascinerande å sjå alle syklistane i feltet så lenge eg ikkje må ut på sykkel sjølv.

Jubel og besøk

Share

Eg kunne ikkje anna enn å juble litt då Thor Hushovd med eitt sekunds margin sikra seg den gule trøya i Tour de France. Ikkje minst ettersom han hadde klatretrøya på lån denne dagen. På første etappe enda han som nummer tre, og dermed fekk han låne trøya denne dagen. Som de skjøner, Tour de France er eit program å fylgje, om ikkje minutt for minutt, så i alle fall ein del av tida.

Då det programmet var slutt, var det fotballkamp, norske damer mot brasilianske. Det gjekk ikkje så godt, eg irriterte meg over at dei brasilianske damene på ingen måte spelte frøkenfotball, men skubba og sleit meir enn menn hadde fått lov til.

Like før Dagsrevyen tok til, kom ein telefon frå ein Wikipediaskribent på sørlandstur. Han lurte på om eg var heime og hadde høve til at han kom på besøk. Det hadde eg, og ein halvtime etter kom ei DIGER campingvogn ned bakken der vi bur. Eg dirigerte han inn på plenen og snart sat vi benka i stova og snakka saman som om vi hadde kjent kvarandre i årevis. Han hadde vore på Landskappleiken i Seljord og tenkte at når han var på desse kantar, kunne det vere høveleg å svinge innom meg. Så lasta han over 450 bilete som han hadde teke der og sa eg gjerne måtte bruke det som høvde på Setesdalswiki. Så eg lurer no på om eg må utvide siktemålet for Setesdalswiki til å gjelde både Setesdal og folkemusikk. 🙂

Eg skreiv forresten om Daniel Sandén-Warg på Setesdalswiki i dag. Eg hadde jo håpt at han skulle gå til topps og få med seg Kongepokal heim, det hadde vore eit artig slumpetreff om så hadde skjedd. Det gjorde det ikkje, men artikkelen ligg no der, og biletet var det min wikipediakamerat som tok: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Daniel_Sand%C3%A9n-Warg

Eg gleder meg over at Setesdalswiki veks, det er ingen mangel på stoff å skrive om. Frode Inge, som var på besøk hos meg i dag, sa at han gledde seg over det han las der,så eg måtte bare bruke bilete han har teke. Det kjem eg til å gjere etter kvart som eg får artiklar på plass. Takk for både besøk og bilete.

Rydding

Share

Det er ryddetid i heimen, og når det er regn ute, er det nok av ting å ta fatt på inne. Men eg er ikkje flink, så då Reidun og Helge tok eit tak i denne veka, hadde eg best lyst å gøyme meg i kjellaren. Eg gøymde meg bak datamaskina i staden og var rådgjevar. Det er jo høveleg jobb for ein eldre mann, etter det eg skjønar.

Eg er nok for ein stor del skuld i det som ryddast, for det er eg som i årevis har drege aviser til husar. Slik sett har Setesdalswiki hatt ein god effekt, der eg før skreiv på wikipedia og skulda på at eg samla aviser for å finne relevant stoff til å skrive om der, er det no Setesdølen som er kjelda. Ettersom den kjem bare to gonger i veka, kan det bli ryddig etter kvart når andre aviser ikkje vert kjøpte eller kasta rimeleg fort, nesten som i eit normalt hus.

I løpet av denne veka er nokre sekker samla i hop og køyrde på søppelplassen. Mandal sin søppelplass heiter Brennevinsmyra og ein stor del av den vart ekspropriert av svigerfar sin eigedom då han budde i huset vi bur no. Difor har vi kort veg til søppelplassen og treng ikkje vente på søppelbilen for å få levert papiravfall. Og ettersom det var regn i dag, fylte dei to sekker til.

Av og til kan ein sjå på TV nokre program der folk bur i hus som er overfylte med ting og tang. Det er viktig å kaste, tenkjer eg då, men når programmet er slutt, er det vanskeleg å gjere det. Difor går kveldens honnør til dei som tok eit tak denne veka. Dei gjorde det lettare å puste for oss alle og det er godt å vite at ein skal sleppe å bla i dei fleire gonger.

Helseprosjekt og festivalsommar

Share

I dag skreiv eg om eit av prosjekta til Helseprosjekt Setesdal på Setesdalswiki. Eg har jo lese om det, men i dag fann eg, takka vere ei lenke på Facebook, prosjektomtalen som har gjort at prosjektet psykisk helse og rus får pengar frå Staten og andre instansar. Eg fann og dei som er i prosjektgruppa, men det er ikkje lett å finne informasjon nok til ein liten biografisk artikkel om medlemene. Wenche Tangene, som er prosjektleiar i Helseprosjekt Setesdal, har vore med i Valle Radio fleire gonger, og du kan lese meir om Rus- og psykiatriprosjektet i Setesdal på http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Rus-_og_psykiatriprosjektet_i_Setesdal&redirect=no

Eg la ut lenke til prosjektet på Twitter, kanskje nokre av dei som fylgjer det eg skriv på Twitter, fekk nokre idear. Truleg får eg meir stoff om dette etter kvart.

Ettersom det var fredag, var det nytt Setesdølen, og eg tenkte at alle no hadde fått ekstrabilaget, men etter det eg fekk høyre frå Tina Høgevold, hadde folk i Valle ikkje fått det, men Øyvind Jacob sa at det var kome på Rysstad. Eg veit ikkje om posten har vore i manko på ferievikarar, Ronny Stavsholt har jo begynt på Bykle Vindu, og eg såg dei lyste etter folk, så kanskje det er grunnen. Eg la ut overskriftene til dagens Setesdølen her: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Setesd%C3%B8len_nr._51,_2011&redirect=no

Og lenke til temaavisa, som eg fekk tysdag, finn du her:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8lens_temaavis_juni_2011

I morgon er det Blueslaurdag på Ose, her er Setesdalswiki sin artikkel om arrangementet, som startar klokka 15. http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=2._juli_2011&redirect=no På den lenka ser du andre arrangement som går av stabelen i morgon. Mykje raudt, eg klarar ikkje å få med meg alt som skjer i Setesdal for tida. Difor hadde det vore triveleg om du som les dette og veit noko, og vart med i skrivinga. No har Setesdalswiki 1424 artiklar, alle kan skrive, og det er nok å skrive om.