Tid for å fylle opp kalenderen 1

Share

Så skriv me 1. august og det er tid for å fylle opp kalenderen. Eg fylgjer Tor Bjarne Bore på Twitter, og han gav meg ei lenke til ein artikkel i New York Times der ein diskuterte valget mellom papirkalender eller kalender på datamaskinen. http://www.nytimes.com/2011/07/31/fashion/calendar-wars-pit-electronics-against-paper.html?_r=2&ref=technology

Sjølv har eg hatt eit avslappa forhold til kalenderen. Eg har aldri fått meg til å fullføre prosjekt med Time Manager og slike fine system, sjølv om eg har starta nokre gonger. Truleg burde eg hatt eit slikt system, for då hadde eg vore meir effektiv og fått gjort mykje. Om eg hadde skrive kva eg skulle gjere frå time til time, så kunne eg avtale å treffe folk på ei tid som høvde for oss begge.

I dag var eg på bilverkstaden, eg stilte med det same Citroen-verkstaden i Mandal opna, dei har hatt sommarferie i tre veker og bilen min har stått minst så lenge, bare det aller mest nødvendige av turar har blitt gjort. For det er ein eller annan følar som ikkje virkar, så han får alt for mykje bensin og vert nesten kvalt. I dei situasjonane tek heile bilen til å riste, og køyring er lite triveleg. Men så går det over etter ei stund, og ein lang periode er bilen heilt fin, men så kjem det att.

Eg trong ingen kalender for å vite at måndag 1. august måtte eg vere på bilverkstaden klokke 07.30 for om mogleg å få dei til å sjå på bilen min. Eg hadde ikkje bestilt time før ferien, men tenkte at eg fekk høyre med dei. Dei tok bilen inn på verkstaden og las frå computeren det same som eg fortalde dei, så må dei skaffe deler. Kalenderen deira sa at det tidlegaste eg kunne få time på verkstaden var onsdag 10. august. Det har vore verre, om eg ringer og bestiller time, likar dei best å setje meg opp ein månad eller seks veker fram i tid.

Når situasjonen er slik, skjøner eg at dei treng kalender, elles ville dei ikkje hugse kven som skulle på verkstad så langt fram i tid. Og deira kalender er synkronisert etter alle kunstens reglar, slik at dei på datamaskinen sin kan finne ut kven som skal kome og kva som skal gjerast.

Mitt system er noko enklare, og det er eg glad for. Det skal eg skrive meir om i morgon.