Tid for å fylle opp kalenderen 2

Share

Eg lova i går at eg skulle skrive meir om det å fylle opp kalenderen. Ein av dei som fyller opp min kalender, er Ørnulf Hasla. Snart kjem oversynet over kven som skal ha sendingar i Valle Radio onsdagskveldane i haust, og nokre av dei dagane er eg på den lista. Men eg treng knapt kalender for tysdagar og onsdagar, for då er Valle Radio prioritert for mitt vedkomande, så kalenderen min er i grunnen full desse dagane alt no.

Å fylle opp kalenderen for Valle Radio er nok viktigare for mange andre enn for meg. Dei som arbeider skift, må synkronisere vakter slik at det ikkje blir dobbeltbookining. Dei likar jo å få lista over oppsettet for Valle Radio tidleg, slik at dei kan bytte om noko skulle skjere seg. Så Ørnulf har ein jobb å gjere no i august midt mellom alle gjeremåla som næringsdrivande i Valle sentrum der handelen med turistar er viktig for å halde verksemda oppe.

Eg kunne nok fylt opp kalenderen med oversyn over kva eg skal ha i radioen på tysdagskveldane, at eg vil ha fleire seriar som eg så kunne planlagt noko nøyare enn eg gjer. Men eg likar fridomen og har ikkje så lyst til å binde meg så veldig, så det har eg i grunnen unngått å gjere, i alle fall for lange periodar om gongen. Mange seier at ein full kalender gjev fridom, for då har ein struktur på avtalane sine. Eg likar betre å ta ting noko på sparket.

Utanom Valle Radio har eg ikkje så mange oppgåver som er faste og treng å ryddast plass til i kalenderen. Å skrive på Setesdalswiki er noko ein kan gjere kva tid som helst. Det skal eg kome tilbake til i morgon.