Tid for å fylle opp kalenderen 3

Share

I denne serien om å fylle opp kalenderen har eg eit poeng til. Det er litt mindre personleg enn dei ande to artiklane mine, som har handla om Time Manager og Valle Radio sin kalender. Men Setesdalswiki har og ein kalender.

Om du ser i venstre margen på Setesdalswiki, står det Kalender 2011. Om du trykker på den lenka, kjem det opp ein kalender for heile 2011. Nokre tal er raude, nokre er blå. Dei raude betyr at det ikkje er skrive noko, dei blå har alt informasjon om eitt eller anna.

Tanken med å ha ein kalender på Setesdalswiki er at ein skal kunne skrive inn informasjon om hendingar i Setesdal på den aktuelle dagen. Alle kan skrive inn informasjon der, det kan til og med gjerast om ein ikkje har registrert seg, men det er noko enklare å gjere det registrert, for då slepp ein å skrive inn koden som uregistrerte brukarar må nytte for at vi skal unngå spam i nettleksikonet for Setesdal.

I denne kalenderen kan ein altså skrive inn hendingar som skal skje. Nokre lurer på kvifor eg skriv dei i fortid, det er fordi då slepp eg å gå inn og rette det når dagen har vore der. Eg skriv inn mangt og mykje, mest slikt som er annonsert i Setesdølen, ettersom eg ikkje i særleg grad har andre kjelder å basere informasjonen på.

Eg hadde likt godt om du skreiv inn hendingar i den kalenderen. Det tek bare ein augneblenk, men om ti personar skriv for aktivitetar som lag og organisasjonar har, vil det fort verte ei stor kjelde til informasjon som folk kan nytte. Eg veit det er andre slike tenester, men det fine med Setesdalswiki er at alle kan skrive, om ein skal ha det inn på ei kommunal informasjonsside, må ein sende mail til dei som har rett til å leggje inn stoff der. Ved å skrive det på Setesdalswiki, sparar ein eit ledd og kan legge ut informasjonen som ein sjølv vil. Nokre gonger fortener arrangementet ein eigen artikkel, andre gonger kan alle informasjonens stå direkte i kalenderinnslaget, det er valgfritt. Men det fine med Setesdalswiki er at ein kan lenke til namna på dei som skal delta med foredrag eller musikk, og ofte er det artiklar om dei, og om det ikkje er, kan ein skrive artiklar om dei og.

Tenk om vi kunne fylle kalenderen på Setesdalswiki slik at alle dagan for resten av 2011 vart blå.