Hytter i Setesdal

Share

For folk i byane på Sørlandskysten er nok Setesdal særleg aktuell som stad å ha hytte, i alle fall om ein er glad i å vere på fjellet og gå på ski, og det er det mange som er. I går, torsdag 4. august 2011 stod det ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen om dette. Det var Hans Jacob Brekke som hadde gått gjennom ein rapport laga av Agderforskning i 2009 om Norsk hyttestatistikk. Artikkelen kalla han Dominerer hyttemarkedet. Den stod på side 8 i avisa, så om du ikkje har kasta henne, kan du lese han no i helga, det var interessant stoff.

Eg sleit litt med å finne utgangspunktet for artikkelen, for eg fann ingen rapport i skriftene til dei to forfattarane som var nemnde, Winfried Ellingsen og Jørn Cruickshank. Då sende eg like godt ein epost til Brekke, og ikkje lenge etter hadde eg stoffet som han hadde basert artikkelen på.

Du kan vel tenke at grunnen til at eg vart interessert i artikkelen ikkje var fordi eg sjølv skulle skaffe meg hytte. Det har du heilt rett i, hytte har ikkje interessert meg noko særleg, og hytte i område der føresetnaden er at ein skal gå på ski, det interesserer meg i alle fall ikkje. Om nordmenn vart fødde med ski på beina, så vart ikkje jærbuar det. Dei tøffingane frå Rogaland som går Sesilåmi har nok lært å gå på ski gjennom prøving og feiling, og på det området har eg helst feila. Så mitt tilhøve til hyttefolk er stort sett at eg møter hyttebyklarar på veg til Hovden når eg er på veg til Mandal fredagane, og så prøver eg å køyre opp dalen så seint på sundagskveldane at dei er kome nedover når eg dreg oppover.

Nei, grunnen til at eg vart interessert i den artikkelen, var at han høvde for å lage ein liten leksikonartikkel på Setesdalswiki. Kanskje det til og med kan kome fleire artiklar, men til no er det bare kome ein. Den finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hytter_i_Bykle

Det syner seg at det var 2223 hytter i Bykle i 2007, då statistikken vart laga, og av desse hadde kristiansandarane 778. Andre byar langs sørlandskysten var og høgt på lista, så om dei nyttar hyttene sine eit par gonger i månaden, vert det ein del trafikk på Riksveg 9.