Hytteliv

Share

Eg skreiv ein artikkel på Setesdalswiki i går om hytter i Bykle. I dag gjorde eg han ferdig og talde opp kor hytteeigarane kom frå. Det syner seg at dei kjem frå 95 kommunar utanom Bykle. Til og med folk som bur i Bodø og Tromsø har hytte i Bykle, det er jo mest ikkje til å tru. Men statistikken syner at det i alle fall var tilfelle i 2007. Dei kan då ikkje bruke hyttene sine særleg mykje.

I artikkelen i Fædrelandsvennen seier ein av dei som står bak undersøkinga at hyttebyklarane vert tekne vare på og inkludert betre i bygdelivet enn hytteeigarar ved kysten. Eit slikt tiltak er å utvikle aktivitetar for hyttebyklarane både sommar og vinter, ikkje bare vinter, som ein kanskje lett kunne tru.

Komande helg er det ein slik sommaraktivitet som står for tur. Rekordfestivalen kallar dei det på Hovden, og ein av aktivitetane er treklamring. Ein annan er kappløp med bade-ender frå Støylsbruka ned til Hartevatn. Slike aktivitetar gjev verdensrekordar på Hovden, i alle fall den sistnemnde, den kan bare haldast på Hovden. Treklamring kan kanskje organiserast andre stader, for alt det eg veit.

Med slike aktivitetar er det bare fantasien som set grenser. Når det i tillegg vert lagt opp til konsertar og underhaldning for små og store, vil folk bruke hyttene sine og på ei tid ein ikkje tenkjer ein Hovden-tur som aktuell.

På Setesdalswiki har eg ein artikkel om Rekordfestivalen. Den handlar om festivalen i 2009, så mykje vatn har funne vegen gjennom Otra til havet sidan artikkelen vart skriven. Men årets festival er over same lest, så litt får du med deg: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Rekordfestivalen

Programmet for årets festival finn du her: http://www.rekordfestivalen.no/