Hund og katt

Share

Den som har høyrt eit kåseri av HC Hansen der han legg ut om pus sine vurderingar av situasjonen i verda, har ofte trekt på smilebandet over kåsøren sin omgang med kattar, Whiskas og whisky.

Me har og ein katt og den har etter kvart fått mange kommentarar. Han hoppar opp på gelenderet og bankar på vindauga når han vil inn, og når vi et frukost, kjem han og set seg på golvet ved sida av bordet og sit til han får ein brødbit med smør på. Av og til er han nøgd med ein bit, andre gonger vil han ha meir. Ei halv skive av familieskinke vert ofte og sett pris på, før han luntar opp trappa og finn ein roleg plass å tilbringe dagen inntil Reidun kjem heim. Av og til lurer eg på om han kan klokka, for nokre minutt før ho kjem ned bakken, sit han i vinduet og kikkar etter henne, og når bilen kjem, er det full fart ut i gangen for å vere mottakingskomite.

Men om eg vil ha han ut og han sjølv ikkje vil, nyttar det ikkje om eg opnar døra, han snur halen til døra etter å ha kikka ut, så jamtar han og vil ut døra på andre sida av huset. For min del kunne vi godt vore utan katt, men det er ei anna soge.

Då eg vaks opp, hadde vi hund eit par år, det er ei tid eg minnest med glede. Difor kan eg forstå det når den nye skulepsykologen Silje Marie Rygnestad Nesvaag tek med seg hunden Lobo på biletet i Setesdølen fredag 5. august. I den artikkelen hadde Helene Horverak fått med så mykje informasjon at eg kunne lage ein artikkel på Setesdalswiki om henne. Du kan lese den her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Silje_Marie_Rygnestad_Nesvaag Og då eg leita etter eit bilete av henne, kom det opp bilete på Facebooksida hennar, der var også Lobo med.

Den hunden er kanskje meir enn bare ein hund, for psykologen har skrive masteroppgåve om Tassende terapi. Den ligg ute på internett, og du finn oppgåva via Setesdalswiki og kan lese det ho skreiv om å bruke hundar i dyreassistert terapi.