Ingebjørg K. Bøs minnepremie

Share

Setesdalskappleiken er over og eg har lagt inn resultatlista. i artikkelen om kappleiken på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2011#Resultatliste

Kim André Rysstad vart beste kvedar og vart kåra til beste utøvar totalt sett, og då fekk han ein spesiell pris, Ingebjør K. Bøs minnepremie. Då han kom heim etter festen delte han gleda på Facebook med denne meldinga: Totte det va stas å vinne «Ingebjørg K. Bøs minnepremie» på Setesdalskappleiken 2011! På tide at den gjekk ti ein kvedar og Setesdøl, og ikkje berre til spelemenn frå telemark og sverik!

Det fekk meg til å lure på kva denne minnepremien var, og i dag tok eg ein telefon til Harald B. Knutsen for å finne ut meir. Han er jo dagleg leiar av Agder folkemusikkarkiv, så eg tenkte han vel måtte vite noko. Harald stod i matkø på ferja mellom Sandefjord og Strömstad, men han fortalde at Sigurd Brokke var den rette å spørje om informasjon, og dermed tok eg ein telefon til Sigrud.

Han kunne fortelje at det no er Astrid Rysstad som er leiar i Setesdal Spelemannslag, og at ho truleg var den som kunne fortelje meir om dette, Sigurd var leiar frå 2001 til 2007. Rett nok var det i hans tid premien vart oppretta ved at Ketil Bø, som er son hennar, i 2003 gav 100.000 kroner til Setesdal spelemannslag for å opprette ein slik minnepris.

I følge Gards- og ættesoge Valle bind 3 hadde Ingebjørg K. Bø, som levde frå 1906 til 1981, fem born. Ho var frå Åmli, syster til Margit, som vart gift med Hallvard Dale. Ingebjørg vart gift med Åsmund O. Bø som var slaktar, Ingebjørg sauma mykje daleklede, står det i bygdebøkene på side 177. Dei fem borna var Birgit, gift med Knut H. Uppstad, Olav, som flytta til Notodden, Kjetil, som flytta til Trondheim, Gjermund, som flytta til Kristiansand og Sigrid, som bur i Bø i Telemark.

Sigurd Brokke kunne fortelje at Per Anders Buen Garnås vann premien, det var i 2006, han sjølv fekk premien i 2007, og året etter fekk Daniel Sandén-Warg premien, han har til og med vunne premien to gonger. Den aller første som fekk premien var hardingfelespelemannen Torgeir Straand frå Spelemannslaget Bøheringen i 2004. Så Kim hadde rett i at svenskar og telemarkingar har fått premien. Eg trur nok det kjem ein artikkel på Setesdalswiki etter kvart om dette.