Plyndring

Share

Eg veit ikkje korleis det har skjedd, men ein gong i sommar, eg trur det var det i alle fall, klikka eg på noko på facebook som eg ikkje skulle ha klikka på, eg trur det vart lova eitt eller anna, men eg måtte skrive inn telefonnummeret mitt, og som den tullingen eg er, gjorde eg det. Sidan har eg kvar måndag fått ei tenestemelding, og når eg seier nei takk, så får eg ei ny og når eg slettar den og, så får eg nummer tre, og dei gjev seg ikkje før etter fjerde gongen.

Men i dag fann eg ut at eg skulle sjekke efaktura frå Tele2 og då såg eg at dei belastar meg 30 kroner for kvar melding, noko som betyr at dei plyndrar meg for 120 kroner kvar måndag, og eg vil ikkje ha noko av det, eg slettar meldingane så fort som dei kjem. Siste rekninga var på 480 kroner meir enn telefonrekninga mi var før dette starta, og forrige rekning var og stor.

Eg prøvde å finne meldingane, men ettersom eg sletter dei utan å opne dei, så var dei ikkje på telefonen min i det heile, men no har eg jo lært at eg må opne dei og finne nettadressa til dei som plyndrar meg slik kvar måndag. Det skal eg gjere i morgon, og då skal eg finne ut kva dette er for noko tull og sjå til å få stoppa det.

Tenk 30 kroner for kvar gong du seier at du ikkje vil ha det dei vil selje til deg. Eg er nesten mållaus, og full av irritasjon.