Plyndring 2

Share

I dag var det ny runde med «tjenestemeldinger» frå den banditten som plyndrar meg for 30 kroner uansett om eg vil ha meldingane han sender eller ikkje. Nederst i teksten stod det ei lenke til ein nettadresse, så eg prøvde meg på den og fann heimesida til noko som heitte http://gogogy.com/no/index.html Der kunne eg melde meg av ved å sende ein kode som SMS eller sende ein epost til support.no@echovox.com Eg skulle konkurrere om å vinne ein iPAD 2, det har eg aldri vore interessert i å vinne.

Like fullt har eg no hatt dette heile sommaren utan å skjøne at det er piratar på andre sida av desse «tjenestemeldingene». Det som gjorde at vi oppdaga det, var at rekningane for mobiltelefonen tredobla seg, frå 2-300 til nærare 900 kroner. Problemet har og vore at når eg fekk desse meldingane, blokkerte dei telefonen, eg kunne ikkje unngå å anten svare ja eller nei, og uansett, så fekk eg ei ny melding, fire meldingar kvar måndag. På heimesida står det

«Abonnement: 120kr (4 spørsmål per uke) » Eg veit ikkje om noko eg har vore med på som kostar så mykje, det måtte vere om eg kjøpte Aftenposten kvar dag heile veka, men det har eg slutta med, og andre aviser prøver eg og å halde meg unna. Og så skulle eg svi av pengar til inga nytte, til og med svare nei fire gonger og likevel måtte betale.

Eg har knapt ord for å beskrive slik framferd får røvarar på nettet. Eg veit ikkje korleis eg kom borti dei heller, eg har så vidt eg veit ikkje bestilt tenesta i det heile tatt.

S¨tenkte eg at eg skulle melde meg av, og sendte dei ein epost. Då fekk eg svar på minuttet. Det svaret legg eg ut her på bloggen:

«Hvis ditt forespørsel er å melde av ditt telefonummer for våre tjenester, vill dette bli gjort innen 1 virkedag og følgeligen oppdatere ditt register.

Alle andere forespørseler vill bli svart på innen 2 virkedager.

Referanse nummer xxxxxxxxxxxx (Fjernet reelt nr.). Vi vill spørre deg om og alltid referere til dette referanse nummeret i videre korrespondanse med oss.

Med vennlig hilsen,

Echovox Premium Support Team

Dei kan gjerne skrive vennlig hilsen, dei har akkurat vore i lommeboka mi og loppa meg for 120 kroner. Ettersom eg ikkje fekk meldt meg av i dag (vil bli gjort innen en virkedag), og tenestemeldingane blokkerte for annan bruk av mobiltelefonen med unntak av å svare når nokon ringde meg, måtte eg jo bare ta i mot dei tre neste meldingane og få telefonen frigjort att.

For eit system! Om andre er hamna i same fella som meg, renn tusenlappane inn kvar veke. 480 kroner her og frå tusen andre dumskallar, det gjev ein halv million i veka.