Plyndring 3

Share

I dag kom Øystein på skulen og lo av meg som vart plyndra. -Du kan nok rekne med at du ikkje kjem ut av klørne på gogogy.com så lett, sa han, utsetting ein dag betyr ofte utsetting ein dag til.

Men i dag fekk eg ein epost frå selskapet. Eg tek med noko frå den her:

Takk for at du har tatt kontakt med oss. Vi bekrefter at din service hos (mobiltelefonnummeret mitt) er avbrutt den 2011-08-16.

Ditt mobilnummer ble opprinnelig registrert på vårt nettsted den 2011-06-18 Det ble da sendt en gratis servicemelding til din mobil:

Gratis mld: Din PIN-kode: xxxx For inn PIN-koden, skaff deg morsomt innhold pa mobiltelefonen din og fa sjansen til a vinne en iPad2color! gogogy.com 021018969

Vårt arkiv viser at brukeren leste meldingen, og bekreftet tjenesten med å skrive inn PIN-nummeret på nettstedet, som anmodet. Vær oppmerksom på at servicen kun aktiveres etter at bekreftelse er mottatt.

Så dermed var eg fanga. Det som ikkje står i denne meldinga, er at det kostar 30 kroner kvar gong og at eg bind meg til å få fire meldingar i veka. Det står heller ikkje at dei blokkerer annan bruk av mobiltelefonen inntil ein har svart på meldingane.

Så sier dei at dei sende meg ei ny melding:

Etter dette ble en velkomstmelding sendt til mobiltelefonen igjen, med bekreftelse om at brukeren godtok tjenestene.

Gogogy abonnement. I: gogogy.com + 021018969 30kr pr sms, 4 sms pr uke. 30 kr for hvert ekstra sporsmal. Stopp? Tekst stop til 2098, kun medlemmer kan vinne!

Den hugsar eg ikkje noko av. men då eg leita gjennom gamle meldingar på mobiltelefonen, så låg den der, så eg har bare meg sjølv å takke, ser det ut til.

I henhold til vår kundeoppføring, ble alle nødvendige opplysninger gitt abonnenten, inkludert betingelsene, og servicen ble aktivert på en riktig måte. Ved å abonnere/eller delta i tjenesten, antar vi at kunden har innhentet nødvendig tillatelse og godkjenning av den som betaler for mobiltelefonregningen til å inngå en avtale om slike tjenester, og derfor er klar over de belastningene som er påløpt.

På bakgrunn av ovenfornevnte, er det ingen grunn til refusjon.

Med vennlig hilsen,

Echovox Premium Support Team

Men sjølv om eg bare har meg sjølv å takke, så synest eg det er plyndring. På finurleg vis har dei skaffa seg høve til å belaste mobiltelefonen min med 120 kroner i veka, og mobilselskapet krev inn pengane for dei. Om eg ikkje vil betale, får eg problem med mobilselskapet mitt, ikkje med dei som plyndrar meg. Det er ei form for «underhaldning» eg ikkje finn særleg underhaldande.

Men du finn det truleg underhaldande å lese om den dumme bloggaren som fortel om korleis han vart lurt. Det har du kunna gjere heilt gratis, og eg har ikkje tenkt å finne måtar å kome ned i di lommebok på. Gled deg over det og hald deg langt unna gogogy.com om du ikkje har ein overflod av pengar du vil bli kvitt. I så fall kan du heller gje dei i kollekt neste gong du er i kyrkja eller sende dei til Afrikas Horn, der gjer dei meir nytte for seg enn i pengebingen til dei som plyndrar dumme moblibrukarar.