Quiz

Share

I kveld gjekk eg på Valle Motell, det var tillyst quiz der klokka åtte og ettersom radiosesongen ikkje har starta enno, var det inga konflikt i høve til om eg heller skulle høyre på Valle Radio.

Det vart ein hyggeleg kveld. Vi var tre tremannslag, eg seier mann, for det var bare ei dame på heile opplegget: Sissel Åkre, og me kom på same laget. Morosamt og lærerikt å vere med på noko slikt.

Spørsmåla var slik at ingen kunne ha all kunnskapen i hovudet, noko måtte ein nok bare gjette seg til, og vi gjetta ganske mykje. Det var vel difor vi tapte då rekneskapet skulle gjerast opp. Eg er ikkje særleg god på å hugse dødsår, og Elvis Presley, Marilyn Monroe, Knut Bjørnsen, Edvard Grieg og Leif Juster sine dødsår er ikkje basiskunnskap eg sit inne med. Eg kom til å tenkje på at på Setesdalswiki skriv eg inn data frå dødsannonsane som står i Setesdølen, nettopp fordi vi er lite flinke med å hugse dødsår, og når folk er gått bort, går det ikkje lang tid før vi ikkje lenger hugsar om det var i fjor eller for to år sidan det skjedde. No kan ein søkje på Setesdalswiki, der er alle for i det minste eit par år tilbake no tekne med.

Eit anna finurleg spørsmål var å finne tre norske kommunar som begynner med bokstaven J. Det var ikkje så lett, Jølster og Jevnaker kom fort, men Jondal måtte vi gje tapt for, til og med om eg, då eg fekk vite kva kommune det var, sjølvsagt hugsa at Herborg Kråkevik kjem derifrå. Og eg lurer på om ikkje Gunnbjørg Berg, jordmor og kone til vår medarbeidar i Valle Radio, Bjørgulv T. Berg også er frå Jondal.

Det vart litt diskusjon om kva for to europeiske hovudstader som begynner på T. Eg meinte at Torshavn måtte få status som hovudstad, og derfor vere saman med Tirana i Albania på den lista. Men fasiten sa Tallin, og vi kunne ikkje sjekke på Wikipedia, så det vart ingen poeng på oss. Men ein sjekk fortel at Torshavn er hovudstad på Færøyene, spørsmålet om eigen stat er jo litt kinkig, men ein skulle jo tru at det var å sjå på som eigen stat når det som del av Danmark for nokre føremål likevel ikkje er medlem av EU.

Vi tapte quizen, det betydde ikkje så mykje, for det vart ein hyggeleg kveld, og når spørsmåla var slutt, gjekk samtalen om laust og fast til langt uti dei små timane.