Bursdag

Share

18. august er bursdagen min, og i dag var talet rundare enn vanleg, som Ole Thorvald skreiv i ei SMS melding til meg, to i sjette potens er det visst. Nokre gratulasjonar har det kome pr telefon og sms, men det meste har kome over Facebook. Eg trur det vart over 100, og no sit eg her og lurer på om eg skal takke kvar og ein eller om det greier seg med ein takk i plenum. I grunnen er eg typen som takkar i plenum, men dagen har vore så spesiell at eg lurer på om eg må gjere det på anna vis denne gongen.

Elevane våre kom i går. Då hadde vi plasseringstest, og i dag delte vi i grupper. Eg er venn med nokre av elevane på Facebook, men dei som var på skulen i dag, hadde nok ikkje fått med seg noko. To elevar som ikkje kjem til å starte før måndag, dei sende melding. Ei av dei spurde om det blei fest, men eg rakk ikkje å svare henne før festen starta.

Men det vart på ein annan måte enn Happy Birthday to Harald. FOr i dag var det to år sidan PawDelay kom til Valle, så det kunne vi jo feire. Og i morgon er det eitt år sidan dei to chin-familiane kom til bygda vår, så det kunne vi jo og feire.

Eg undersøkte kva det kosta med dessertbord på Valle Motell, og like før klokka 12 inviterte eg alle til å kome dit for å feire desse to jubilea. I flokk og fylgje gjekk vi frå skulen til Motellet, der bordet stod klart med kaker av mange slag og med fromasjar for dei som var kremglade. Kaffi eller te kunne ein og ordne seg, og snart gjekk praten lystig rundt bordet.

Det vart ein triveleg time, der vi prata om sommaren som har gått og kva vi hadde gjort i sommar og feira dei som hadde eitt- og to-årsjubileum i Valle. Ho som har vore her to år har no fått både mann og barn i leiligheten sin i Leite, og dei som har vore eitt år, har kome langt i arbeidet med å lære norsk.

Så runda vi av dessertbordet og gjekk kvar til vårt, eg fekk telefon frå Ånund K., som sat i sentrum og venta på meg, så eg gjekk opp att til sentrum og fekk ein hyggeleg prat med han. Han hadde til og med funne ei bursdagsgåve til meg, Trond Rudsli si Diktsamling, som nyleg kom ut på Setesdalsforlaget. Seinare på dagen fekk eg ein telefon frå han der han lurte på om eg hadde høve til å kome opp til Øvrevoll og få meg kaffi klokka 17.

Eg gjekk innom på butikken og fekk med meg ein orkide, eg skulle for fyrste gong sjå korleis han har fått det på den flotte terrassen han har bygd i vår, og då høvde det med ein blom. Og så synte det seg at han og Nella hadde hatt gullbryllupsdag 12. august, så dette vart jo ei lita helsing post festum. For 50 år sidan var det 180 gjester som var med på bryllupsfeiringa i Innistog. Då måtte det mange bordsete til før alle hadde fått, no kunne vi tre nyte kaffi, kake og is i solsteiken ein av dei finaste sommardagane i år. Klokka vart halv åtte før sola gjekk ned bak blåe fjell og gøymde sitt ljose andlet. Og då mørker over dalen etter kvart fall, var eg tilbake i sentrum og kunne verte overvelda av helsingar frå eit hundretals facebook-vener. Tusen takk til dykk alle. Spesiell takk til Ånund og Nella som gav meg fleire D-vitaminar enn eg har fått heile sommaren tidlegare. Dei vil kome vel med når vinteren kjem.