Gratulerer med dagen, Sigurd

Share

Eg vart litt lang i maska då eg las Ole Birger Lien si heilside i høve at Sigurd Haugsgjerd fyller 60 år i dag, for eg køyrde forbi avishuset på Bygland på veg til Mandal i dag og lurte på om eg skulle gå innom og helse på folk etter sommaren. Men eg visste ikkje at det var stor dag i dag der, så om eg hadde stoppa, hadde det vel gått med meg som det var med elevane mine i går, dei var med på ei feiring, men veit ennå ikkje at det var min bursdag.

Heilt frå eg kom til Valle for 20 år sidan, har eg hatt eit nært samarbeid med Sigurd Haugsgjerd. Theis presenterte oss og Sigurd skreiv om meg då eg starta som avdelingsleiar i kyrkja, og sidan har eg skrive artiklar og han har skrive om ting eg har vore oppteken av. Når det har høvd slik, har eg stoppa og fått ein prat på redaktørkontoret på Raubekk, det har vore verdfullt, og eg kan skrive under på det Ole Birger skreiv om at Sigurd har godt minne og mykje å fortelje frå tida som bladfyk i regionen.

Han har ei sterk tru på papiravisa og kunne ikkje tenke seg å drive nettavis, slik mange avishus har starta med. -Då ville me sage av greina me sit på, sa han ein gong. Men då eg for om lag eitt år sidan spurde om eg kunne bruke overskriftene i Setesdølen som grunnlag for Setesdalswiki og la fram grunnane til det, var han svært positiv og ville gjerne hjelpe til at leksikonet for Setesdal kunne få slik hjelp. Og då han sjølv skulle skrive om den nye sekretæren i Setesdal Regionråd, Siri Øvergård, i samband med at han tok eit bilete av henne på eit møte i Regionrådet, og eg alt hadde fått på plass ein artikkel om henne på Setesdalswiki, trur eg han såg nytten av å kunne ha eit slikt leksikon ganske tydeleg. Så har han gjort det beste han har kunna for å hjelpe setesdalswiki, sjølv om han ikkje har registrert seg som skribent.

I ei tid då folketalet i Setesdal har gått nedover, har han klart å halde opplaget på avisa oppe ved å gjere henne så interessant at hytteeigarane har blitt abonnentar. Dekningsområdet er og utvida noko slik at Åseral er kome med. Og han kjenner sitt publikum, svært mange av dei til og med personleg. Han er oppteken av at folk skal kome i avisa og kome der med rett namn under bileta. Slik tek han vare på abonnentane og bind saman Setesdal på ein unik måte.

Ettersom dette er Valle Radios blogg, bør eg og nemne at han i alle år, heilt frå vi starta opp, har vore ein god ven av Valle Radio, og i ei årrekke levert innslag i påskesendingane våre i tillegg til å vere med i andre sendingar.

Gratulerer med dagen. Takk for inspirasjon og velvilje. Må du få mange gode år på krakken din framover.

Her er Setesdalswiki sin artikkel om Sigurd:
http://valleradio.blogs.no/2011/08/19/gratulerer-med-dagen-sigurd-11697006/