Minnemarkering og litt til

Share

Denne helga har stått i minnemarkeringane sitt teikn. Det er ein månad sidan tragedien i Oslo og på Utøya, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Terrorkatastrofen_i_Oslo_og_p%C3%A5_Ut%C3%B8ya og både aviser og TV ser attende på det som hende. Det har dei no gjort om lag kvar dag sidan det skjedde, og nokon kvar kjenner nok at det blir i meste laget når ein skal analysere alle detaljar i saka. Truleg burde ein overlate noko til kommisjonen som er nedsett og etter kvart la saka ligge i fred. Vonleg kan det skje noko slikt når den fyrste månaden no er over.

I dag vart eg sitjande og høyre på noko av det som vart teke opp i Nyhetskanalen til TV2. Då tenkte eg at for kvar som misser livet i ei ulukke eller ei tragedie, kunne det sikkert vore godt med eit slikt støtteapparat som det ein ser det har vore i samband med desse hendingane.

Slik det er no er støtta vel mest å finne innan familien, i tillegg til at kyrkja ved presten eller diakonen ofte kan vere til hjelp. Men når ein ser på det store apparatet som er sett inn i samband med den situasjonen vi er i no, slår i alle falle tanken meg at også andre som har mista sine kjære ved til dømes ulukker i trafikken eller tilfeldig vald, burde fått noko tilsvarande hjelp, om dei då ville ha det.

Å ha eit slikt apparat ville sjølvsagt koste pengar, og ein kan nok lure på kor mykje det kostar å samle store grupper menneske slik vi har sett på TV den siste tida, og å tenkje seg at noko slikt skulle skje i samband med andre hendingar, ville nok få økonomar til å meine at her brukar ein pengar som ein ikkje får att.

Slik bør ein ikkje tenkje, korkje i den noverande situasjonen eller i ein situasjon der det gjeld ein familie som misser eit barn ved sjølvmord eller ulukke. For hjelp til å leve gjennom sorg og sakn bør dei få som treng det. Då må det truleg budsjettjusteringar til både i helsevesenet og i kyrkja, og kanskje andre plassar med.