Kvardag att

Share

Så er minneseremonien i Oslo Spektrum over og det vert kvardag att, ein månad etter hendingane i Oslo og på Utøya. Fint å høyre Kong Harald tale og verdig å sjå bileta av dei mange som ikkje lenger er iblant oss. Dei har hatt ein jobb for å finne gode bilete dei kunne presentere folka med, men det var verdig gjort.

No er alle dei som døydde, gravlagde. Familiane sørger framleis, men sorga går no over i ein annan fase. Ein sit att med minner som ein vil ta med seg om folk som ein var saman med. Mange pultar sto tome då skulane starta opp att i haust. Også der var det nok minnemarkering, og vener og lærarar vil sakne dei som er borte, slik dei gjer det kvar gong ein i nærmiljøet går bort.

Eg har fleire gonger tenkt at vi burde hatt ei minnemarkering i Valle Radio når nokon går bort i nedslagsfeltet vårt. I haust vil eg prøve å få det til som ein del av tysdagssendingane når det høver.

17. mai 1940 las Nordahl Grieg diktet I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær. I det siste verset der heiter det:

Her skal vi minnes de døde som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen, sjømannen som gikk ned,
Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn.
Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen.

I kvardagen er det lett at vi ikkje minnest dei som er gått bort. Ved å gje kvarandre nokre minnesteinar, vil det vere lettare å minnast dei. Det bør vi hjelpe kvarandre med.