Valgbilen til NRK kjem til Valle

Share

I morgon kjem NRK Sørlandet sin valgbil til Valle. Den starta i Arendal i går, var i Mandal i dag og kjem altså til Valle i morgon før den kjører ned att til Kristiansand på torsdag. Eg tenkjer at det var i grunnen ein heil rundtur den første veka, og skal dei halde på slik, vert det mange kilometer.

I dag var Jørund Georg innom og fortalde at vi ikkje måtte parkere framom skulen i morgon, for den plassen skulle reserverast NRK, som skulle få straum frå det gamle kommunehuset. Det vert vel kanskje litt kamp om parkeringsplassane då, tidvis er det ganske fullt der, så når dei må finne andre plassar, vil folk som kjem seinare, måtte leite noko.

Etter det vi kjenner til, vil dei vere her frå om lag klokka 9 og halde på til 20.30, og føremiddagssendinga skal gå frå Valle i morgon, så om du har høve til å høyre på den, kan du vel kanskje få høyre litt Vallemål i radioen. Så vil dei gjere opptak til TV-sendinga i morgon kveld, så det vert ein lang mediedag i morgon.

Så spørst det om det er nokon som vil på lufta med synspunkt om valet i år. I dag sat eg ute i sola ei stund og praten kom fort inn på valet. Men det spørst om folk vil på lufta med synspunkta. Det er mykje usikkert i Valle i år, Venstre stiller liste for fyrste gong på mange år, og talet på representantar i komande kommunestyre er redusert frå 21 til 15. Desse to faktorane kunne nok gje spenning i seg sjølv, men så har ein i tillegg rollelista i dette dramaet med nye toppkandidatar, dels med erfaring, dels heilt utan. Mange gjev seg, andre kastar seg på karusellen og vonar at dei får sete i kommunestyret etter 12. september.

Ny rådmann skal og tilsetjast, og fleire etatsjefar sluttar, så det vert utskifting i 2011 på mange plassar, og kanskje må ein til med ei ny organisasjonsendring når det kjem ny rådmann, så det kan bli mange omorganiseringar om det skulle skje. Men det spørs kor mykje NRK sin valgbil får med seg av stoff, det skal bli moro å høyre på sendinga deira frå klokka 11 i morgon. Så får det våge seg at det vert mykje musikk som ein må svelgje det med, det er hovudproblemet til NRK Sørlandet, men det er ei anna historie.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7757534