Stortingsbesøk

Share

I dag kom Kjell Ingolf Ropstad på besøk til Valle. Det hadde nok samanheng med at NRK sin valgbil var i Valle i dag. Dei hadde jo invitert folk til å kome innom. I tillegg til Bjørgulv T. Berg var Olaf Engestøl jr med han, han er KrF sin førstekandidat i Iveland. KrF stiller liste i Iveland, Evje og Hornnes og Valle i år, så Kjell Ingolf måtte då representere Evje og Hornnes.

Vi møttest ute på gata, og etter ein liten prat, vart dei med opp i klasseromet for å sjå korleis vi har det som underviser utlendingar i norsk. Der oppe sat folk frå NRK Sørlandet som redigerte program og nytta datalinjene våre for å få kontakt med Kristiansand. Men vi fann vegen inn i mitt klasserom og sette oss til å prate der. Det vart ein triveleg time der vi kunne snakke om laust og fast både når det gjeld Valle Radio, Setesdalswiki og flyktningar og innvandrarar, mellom mange andre emne.

Eg har jo vore saman med Kjell Ingolf på ulike arrangement i regi av Setesdal Regionråd, så vi var gamle kjende, ikkje vanskeleg å prate med han. Olaf Engestøl hadde eg hatt kontakt med på Facebook tidlegare, og skrive artikkel om på Setesdalswiki, så vi opplevde det som om vi var gamle kjende som møttest, sjølv om vi ikkje hadde sett kvarandre før.

Eg har tidlegare utfordra Olaf til å skrive på Setesdalswiki, og no vart det høve til å gje han eit lite kurs i korleis ein gjer det, og han lærte fort. Det tok ikkje lang tid før han hadde på plass ein liten artikkel om Svein Hillestad. Utgangspunktet vårt er at vi vil få blå lenker på alle kandidatane på KrF-lista i Iveland 2011, og no ser det ut til at vi kan få det om ikkje så lenge. Det vil i så fall bli den første lista som er blå av årets vallister. Så du kan tenke at eg er glad, å få ein medhjelpar på Ivelandsstoff hadde jo vore eineståande.

Kvart over fire tok han bussen nedover dalen att, og så kunne eg skrive bloggen og glede meg over situasjonen.