Minnemarkering og litt til

Share

Denne helga har stått i minnemarkeringane sitt teikn. Det er ein månad sidan tragedien i Oslo og på Utøya, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Terrorkatastrofen_i_Oslo_og_p%C3%A5_Ut%C3%B8ya og både aviser og TV ser attende på det som hende. Det har dei no gjort om lag kvar dag sidan det skjedde, og nokon kvar kjenner nok at det blir i meste laget når ein skal analysere alle detaljar i saka. Truleg burde ein overlate noko til kommisjonen som er nedsett og etter kvart la saka ligge i fred. Vonleg kan det skje noko slikt når den fyrste månaden no er over.

I dag vart eg sitjande og høyre på noko av det som vart teke opp i Nyhetskanalen til TV2. Då tenkte eg at for kvar som misser livet i ei ulukke eller ei tragedie, kunne det sikkert vore godt med eit slikt støtteapparat som det ein ser det har vore i samband med desse hendingane.

Slik det er no er støtta vel mest å finne innan familien, i tillegg til at kyrkja ved presten eller diakonen ofte kan vere til hjelp. Men når ein ser på det store apparatet som er sett inn i samband med den situasjonen vi er i no, slår i alle falle tanken meg at også andre som har mista sine kjære ved til dømes ulukker i trafikken eller tilfeldig vald, burde fått noko tilsvarande hjelp, om dei då ville ha det.

Å ha eit slikt apparat ville sjølvsagt koste pengar, og ein kan nok lure på kor mykje det kostar å samle store grupper menneske slik vi har sett på TV den siste tida, og å tenkje seg at noko slikt skulle skje i samband med andre hendingar, ville nok få økonomar til å meine at her brukar ein pengar som ein ikkje får att.

Slik bør ein ikkje tenkje, korkje i den noverande situasjonen eller i ein situasjon der det gjeld ein familie som misser eit barn ved sjølvmord eller ulukke. For hjelp til å leve gjennom sorg og sakn bør dei få som treng det. Då må det truleg budsjettjusteringar til både i helsevesenet og i kyrkja, og kanskje andre plassar med.

Gratulerer med dagen, Sigurd

Share

Eg vart litt lang i maska då eg las Ole Birger Lien si heilside i høve at Sigurd Haugsgjerd fyller 60 år i dag, for eg køyrde forbi avishuset på Bygland på veg til Mandal i dag og lurte på om eg skulle gå innom og helse på folk etter sommaren. Men eg visste ikkje at det var stor dag i dag der, så om eg hadde stoppa, hadde det vel gått med meg som det var med elevane mine i går, dei var med på ei feiring, men veit ennå ikkje at det var min bursdag.

Heilt frå eg kom til Valle for 20 år sidan, har eg hatt eit nært samarbeid med Sigurd Haugsgjerd. Theis presenterte oss og Sigurd skreiv om meg då eg starta som avdelingsleiar i kyrkja, og sidan har eg skrive artiklar og han har skrive om ting eg har vore oppteken av. Når det har høvd slik, har eg stoppa og fått ein prat på redaktørkontoret på Raubekk, det har vore verdfullt, og eg kan skrive under på det Ole Birger skreiv om at Sigurd har godt minne og mykje å fortelje frå tida som bladfyk i regionen.

Han har ei sterk tru på papiravisa og kunne ikkje tenke seg å drive nettavis, slik mange avishus har starta med. -Då ville me sage av greina me sit på, sa han ein gong. Men då eg for om lag eitt år sidan spurde om eg kunne bruke overskriftene i Setesdølen som grunnlag for Setesdalswiki og la fram grunnane til det, var han svært positiv og ville gjerne hjelpe til at leksikonet for Setesdal kunne få slik hjelp. Og då han sjølv skulle skrive om den nye sekretæren i Setesdal Regionråd, Siri Øvergård, i samband med at han tok eit bilete av henne på eit møte i Regionrådet, og eg alt hadde fått på plass ein artikkel om henne på Setesdalswiki, trur eg han såg nytten av å kunne ha eit slikt leksikon ganske tydeleg. Så har han gjort det beste han har kunna for å hjelpe setesdalswiki, sjølv om han ikkje har registrert seg som skribent.

I ei tid då folketalet i Setesdal har gått nedover, har han klart å halde opplaget på avisa oppe ved å gjere henne så interessant at hytteeigarane har blitt abonnentar. Dekningsområdet er og utvida noko slik at Åseral er kome med. Og han kjenner sitt publikum, svært mange av dei til og med personleg. Han er oppteken av at folk skal kome i avisa og kome der med rett namn under bileta. Slik tek han vare på abonnentane og bind saman Setesdal på ein unik måte.

Ettersom dette er Valle Radios blogg, bør eg og nemne at han i alle år, heilt frå vi starta opp, har vore ein god ven av Valle Radio, og i ei årrekke levert innslag i påskesendingane våre i tillegg til å vere med i andre sendingar.

Gratulerer med dagen. Takk for inspirasjon og velvilje. Må du få mange gode år på krakken din framover.

Her er Setesdalswiki sin artikkel om Sigurd:
http://valleradio.blogs.no/2011/08/19/gratulerer-med-dagen-sigurd-11697006/

Bursdag

Share

18. august er bursdagen min, og i dag var talet rundare enn vanleg, som Ole Thorvald skreiv i ei SMS melding til meg, to i sjette potens er det visst. Nokre gratulasjonar har det kome pr telefon og sms, men det meste har kome over Facebook. Eg trur det vart over 100, og no sit eg her og lurer på om eg skal takke kvar og ein eller om det greier seg med ein takk i plenum. I grunnen er eg typen som takkar i plenum, men dagen har vore så spesiell at eg lurer på om eg må gjere det på anna vis denne gongen.

Elevane våre kom i går. Då hadde vi plasseringstest, og i dag delte vi i grupper. Eg er venn med nokre av elevane på Facebook, men dei som var på skulen i dag, hadde nok ikkje fått med seg noko. To elevar som ikkje kjem til å starte før måndag, dei sende melding. Ei av dei spurde om det blei fest, men eg rakk ikkje å svare henne før festen starta.

Men det vart på ein annan måte enn Happy Birthday to Harald. FOr i dag var det to år sidan PawDelay kom til Valle, så det kunne vi jo feire. Og i morgon er det eitt år sidan dei to chin-familiane kom til bygda vår, så det kunne vi jo og feire.

Eg undersøkte kva det kosta med dessertbord på Valle Motell, og like før klokka 12 inviterte eg alle til å kome dit for å feire desse to jubilea. I flokk og fylgje gjekk vi frå skulen til Motellet, der bordet stod klart med kaker av mange slag og med fromasjar for dei som var kremglade. Kaffi eller te kunne ein og ordne seg, og snart gjekk praten lystig rundt bordet.

Det vart ein triveleg time, der vi prata om sommaren som har gått og kva vi hadde gjort i sommar og feira dei som hadde eitt- og to-årsjubileum i Valle. Ho som har vore her to år har no fått både mann og barn i leiligheten sin i Leite, og dei som har vore eitt år, har kome langt i arbeidet med å lære norsk.

Så runda vi av dessertbordet og gjekk kvar til vårt, eg fekk telefon frå Ånund K., som sat i sentrum og venta på meg, så eg gjekk opp att til sentrum og fekk ein hyggeleg prat med han. Han hadde til og med funne ei bursdagsgåve til meg, Trond Rudsli si Diktsamling, som nyleg kom ut på Setesdalsforlaget. Seinare på dagen fekk eg ein telefon frå han der han lurte på om eg hadde høve til å kome opp til Øvrevoll og få meg kaffi klokka 17.

Eg gjekk innom på butikken og fekk med meg ein orkide, eg skulle for fyrste gong sjå korleis han har fått det på den flotte terrassen han har bygd i vår, og då høvde det med ein blom. Og så synte det seg at han og Nella hadde hatt gullbryllupsdag 12. august, så dette vart jo ei lita helsing post festum. For 50 år sidan var det 180 gjester som var med på bryllupsfeiringa i Innistog. Då måtte det mange bordsete til før alle hadde fått, no kunne vi tre nyte kaffi, kake og is i solsteiken ein av dei finaste sommardagane i år. Klokka vart halv åtte før sola gjekk ned bak blåe fjell og gøymde sitt ljose andlet. Og då mørker over dalen etter kvart fall, var eg tilbake i sentrum og kunne verte overvelda av helsingar frå eit hundretals facebook-vener. Tusen takk til dykk alle. Spesiell takk til Ånund og Nella som gav meg fleire D-vitaminar enn eg har fått heile sommaren tidlegare. Dei vil kome vel med når vinteren kjem.

Quiz

Share

I kveld gjekk eg på Valle Motell, det var tillyst quiz der klokka åtte og ettersom radiosesongen ikkje har starta enno, var det inga konflikt i høve til om eg heller skulle høyre på Valle Radio.

Det vart ein hyggeleg kveld. Vi var tre tremannslag, eg seier mann, for det var bare ei dame på heile opplegget: Sissel Åkre, og me kom på same laget. Morosamt og lærerikt å vere med på noko slikt.

Spørsmåla var slik at ingen kunne ha all kunnskapen i hovudet, noko måtte ein nok bare gjette seg til, og vi gjetta ganske mykje. Det var vel difor vi tapte då rekneskapet skulle gjerast opp. Eg er ikkje særleg god på å hugse dødsår, og Elvis Presley, Marilyn Monroe, Knut Bjørnsen, Edvard Grieg og Leif Juster sine dødsår er ikkje basiskunnskap eg sit inne med. Eg kom til å tenkje på at på Setesdalswiki skriv eg inn data frå dødsannonsane som står i Setesdølen, nettopp fordi vi er lite flinke med å hugse dødsår, og når folk er gått bort, går det ikkje lang tid før vi ikkje lenger hugsar om det var i fjor eller for to år sidan det skjedde. No kan ein søkje på Setesdalswiki, der er alle for i det minste eit par år tilbake no tekne med.

Eit anna finurleg spørsmål var å finne tre norske kommunar som begynner med bokstaven J. Det var ikkje så lett, Jølster og Jevnaker kom fort, men Jondal måtte vi gje tapt for, til og med om eg, då eg fekk vite kva kommune det var, sjølvsagt hugsa at Herborg Kråkevik kjem derifrå. Og eg lurer på om ikkje Gunnbjørg Berg, jordmor og kone til vår medarbeidar i Valle Radio, Bjørgulv T. Berg også er frå Jondal.

Det vart litt diskusjon om kva for to europeiske hovudstader som begynner på T. Eg meinte at Torshavn måtte få status som hovudstad, og derfor vere saman med Tirana i Albania på den lista. Men fasiten sa Tallin, og vi kunne ikkje sjekke på Wikipedia, så det vart ingen poeng på oss. Men ein sjekk fortel at Torshavn er hovudstad på Færøyene, spørsmålet om eigen stat er jo litt kinkig, men ein skulle jo tru at det var å sjå på som eigen stat når det som del av Danmark for nokre føremål likevel ikkje er medlem av EU.

Vi tapte quizen, det betydde ikkje så mykje, for det vart ein hyggeleg kveld, og når spørsmåla var slutt, gjekk samtalen om laust og fast til langt uti dei små timane.

Plyndring 3

Share

I dag kom Øystein på skulen og lo av meg som vart plyndra. -Du kan nok rekne med at du ikkje kjem ut av klørne på gogogy.com så lett, sa han, utsetting ein dag betyr ofte utsetting ein dag til.

Men i dag fekk eg ein epost frå selskapet. Eg tek med noko frå den her:

Takk for at du har tatt kontakt med oss. Vi bekrefter at din service hos (mobiltelefonnummeret mitt) er avbrutt den 2011-08-16.

Ditt mobilnummer ble opprinnelig registrert på vårt nettsted den 2011-06-18 Det ble da sendt en gratis servicemelding til din mobil:

Gratis mld: Din PIN-kode: xxxx For inn PIN-koden, skaff deg morsomt innhold pa mobiltelefonen din og fa sjansen til a vinne en iPad2color! gogogy.com 021018969

Vårt arkiv viser at brukeren leste meldingen, og bekreftet tjenesten med å skrive inn PIN-nummeret på nettstedet, som anmodet. Vær oppmerksom på at servicen kun aktiveres etter at bekreftelse er mottatt.

Så dermed var eg fanga. Det som ikkje står i denne meldinga, er at det kostar 30 kroner kvar gong og at eg bind meg til å få fire meldingar i veka. Det står heller ikkje at dei blokkerer annan bruk av mobiltelefonen inntil ein har svart på meldingane.

Så sier dei at dei sende meg ei ny melding:

Etter dette ble en velkomstmelding sendt til mobiltelefonen igjen, med bekreftelse om at brukeren godtok tjenestene.

Gogogy abonnement. I: gogogy.com + 021018969 30kr pr sms, 4 sms pr uke. 30 kr for hvert ekstra sporsmal. Stopp? Tekst stop til 2098, kun medlemmer kan vinne!

Den hugsar eg ikkje noko av. men då eg leita gjennom gamle meldingar på mobiltelefonen, så låg den der, så eg har bare meg sjølv å takke, ser det ut til.

I henhold til vår kundeoppføring, ble alle nødvendige opplysninger gitt abonnenten, inkludert betingelsene, og servicen ble aktivert på en riktig måte. Ved å abonnere/eller delta i tjenesten, antar vi at kunden har innhentet nødvendig tillatelse og godkjenning av den som betaler for mobiltelefonregningen til å inngå en avtale om slike tjenester, og derfor er klar over de belastningene som er påløpt.

På bakgrunn av ovenfornevnte, er det ingen grunn til refusjon.

Med vennlig hilsen,

Echovox Premium Support Team

Men sjølv om eg bare har meg sjølv å takke, så synest eg det er plyndring. På finurleg vis har dei skaffa seg høve til å belaste mobiltelefonen min med 120 kroner i veka, og mobilselskapet krev inn pengane for dei. Om eg ikkje vil betale, får eg problem med mobilselskapet mitt, ikkje med dei som plyndrar meg. Det er ei form for «underhaldning» eg ikkje finn særleg underhaldande.

Men du finn det truleg underhaldande å lese om den dumme bloggaren som fortel om korleis han vart lurt. Det har du kunna gjere heilt gratis, og eg har ikkje tenkt å finne måtar å kome ned i di lommebok på. Gled deg over det og hald deg langt unna gogogy.com om du ikkje har ein overflod av pengar du vil bli kvitt. I så fall kan du heller gje dei i kollekt neste gong du er i kyrkja eller sende dei til Afrikas Horn, der gjer dei meir nytte for seg enn i pengebingen til dei som plyndrar dumme moblibrukarar.

Plyndring 2

Share

I dag var det ny runde med «tjenestemeldinger» frå den banditten som plyndrar meg for 30 kroner uansett om eg vil ha meldingane han sender eller ikkje. Nederst i teksten stod det ei lenke til ein nettadresse, så eg prøvde meg på den og fann heimesida til noko som heitte http://gogogy.com/no/index.html Der kunne eg melde meg av ved å sende ein kode som SMS eller sende ein epost til support.no@echovox.com Eg skulle konkurrere om å vinne ein iPAD 2, det har eg aldri vore interessert i å vinne.

Like fullt har eg no hatt dette heile sommaren utan å skjøne at det er piratar på andre sida av desse «tjenestemeldingene». Det som gjorde at vi oppdaga det, var at rekningane for mobiltelefonen tredobla seg, frå 2-300 til nærare 900 kroner. Problemet har og vore at når eg fekk desse meldingane, blokkerte dei telefonen, eg kunne ikkje unngå å anten svare ja eller nei, og uansett, så fekk eg ei ny melding, fire meldingar kvar måndag. På heimesida står det

«Abonnement: 120kr (4 spørsmål per uke) » Eg veit ikkje om noko eg har vore med på som kostar så mykje, det måtte vere om eg kjøpte Aftenposten kvar dag heile veka, men det har eg slutta med, og andre aviser prøver eg og å halde meg unna. Og så skulle eg svi av pengar til inga nytte, til og med svare nei fire gonger og likevel måtte betale.

Eg har knapt ord for å beskrive slik framferd får røvarar på nettet. Eg veit ikkje korleis eg kom borti dei heller, eg har så vidt eg veit ikkje bestilt tenesta i det heile tatt.

S¨tenkte eg at eg skulle melde meg av, og sendte dei ein epost. Då fekk eg svar på minuttet. Det svaret legg eg ut her på bloggen:

«Hvis ditt forespørsel er å melde av ditt telefonummer for våre tjenester, vill dette bli gjort innen 1 virkedag og følgeligen oppdatere ditt register.

Alle andere forespørseler vill bli svart på innen 2 virkedager.

Referanse nummer xxxxxxxxxxxx (Fjernet reelt nr.). Vi vill spørre deg om og alltid referere til dette referanse nummeret i videre korrespondanse med oss.

Med vennlig hilsen,

Echovox Premium Support Team

Dei kan gjerne skrive vennlig hilsen, dei har akkurat vore i lommeboka mi og loppa meg for 120 kroner. Ettersom eg ikkje fekk meldt meg av i dag (vil bli gjort innen en virkedag), og tenestemeldingane blokkerte for annan bruk av mobiltelefonen med unntak av å svare når nokon ringde meg, måtte eg jo bare ta i mot dei tre neste meldingane og få telefonen frigjort att.

For eit system! Om andre er hamna i same fella som meg, renn tusenlappane inn kvar veke. 480 kroner her og frå tusen andre dumskallar, det gjev ein halv million i veka.

Plyndring

Share

Eg veit ikkje korleis det har skjedd, men ein gong i sommar, eg trur det var det i alle fall, klikka eg på noko på facebook som eg ikkje skulle ha klikka på, eg trur det vart lova eitt eller anna, men eg måtte skrive inn telefonnummeret mitt, og som den tullingen eg er, gjorde eg det. Sidan har eg kvar måndag fått ei tenestemelding, og når eg seier nei takk, så får eg ei ny og når eg slettar den og, så får eg nummer tre, og dei gjev seg ikkje før etter fjerde gongen.

Men i dag fann eg ut at eg skulle sjekke efaktura frå Tele2 og då såg eg at dei belastar meg 30 kroner for kvar melding, noko som betyr at dei plyndrar meg for 120 kroner kvar måndag, og eg vil ikkje ha noko av det, eg slettar meldingane så fort som dei kjem. Siste rekninga var på 480 kroner meir enn telefonrekninga mi var før dette starta, og forrige rekning var og stor.

Eg prøvde å finne meldingane, men ettersom eg sletter dei utan å opne dei, så var dei ikkje på telefonen min i det heile, men no har eg jo lært at eg må opne dei og finne nettadressa til dei som plyndrar meg slik kvar måndag. Det skal eg gjere i morgon, og då skal eg finne ut kva dette er for noko tull og sjå til å få stoppa det.

Tenk 30 kroner for kvar gong du seier at du ikkje vil ha det dei vil selje til deg. Eg er nesten mållaus, og full av irritasjon.

Fortellingen om Norge

Share

Eg brukar bokmålsform i overskrifta i dag, for det var tittelen på ein artikkel av Liv Riiser i Vårt Land i går, fredag 12. august. Temaet hennar var relatert til NAFs Veibok, det er ei bok som me har hatt med oss på tur mange gonger, så eg måtte lese den artikkelen.

Hos oss har det vore slik at når vi er på tur, er det Reidun som sit med veiboka og fylgjer med på kartet, både kva stadene heiter og kor langt det er til neste plass. Slik har det vore i familien til Liv Riiser og, eg må sitere litt frå artikkelen hennar:

Det aller fineste er likevel selve stedsnavnene, de lyder som dikt: Nomeland, Brokke, Njardarheim, Urvassheii, Suleskar, Åderam, Sirekrok, Fidjeland, Kvæven og Sinnes, på strekningen Høydalsmo – Valle – Sirdal – Ålgård (fylkesvei, grønn avdeling i veiboken, innlagt faktaboks om Draumkvedet som ble samlet inn i området).

Då eg las det, måtte eg smile, alle dei stadnamna kjende eg att frå mange turar over heia. Og ein likar jo det som er nært og som ein kjenner. Når ein les om det i ei Oslo-avis, synest ein det er stas. I år har det ikkje blitt nokon tur over fjellet til no, men når det blir tur seinare i sommar, skal eg tenkje på artikkelen til Liv Riiser.

Det får vere alt for i kveld.

Runer i Evje og Hornnes, Bygland og Valle

Share

I går skreiv eg om 18 runeinnskrifter i Bykle. Alle er helleristningar i Storhedder, som det er naturlostur til i morgon frå Bykle og Hovden med Bjarne Tveiten som naturlos. Dei som er med på turen får nok vite meir om innskriftene.

Eg tenkte eg skulle finne ut om det var nokre runeinnskrifter i dei andre Setesdalskommunane, men det var smått stell. Om vi startar i Evje og Hornnes, så var det ein i den lista eg henta dei 18 frå i går:

N 183 – FOSSVIK, EVJE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en sten av granit.
Innskriften lyder:
runeinnskrift
o=not=r : a mik : a ho=no=m
Ônundr á mik á Hornum.
Oversatt til norsk blir det «Ånond på Horne eier meg».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 12.

Går vi så til Bygland, er det ein der og:

N A351 – UKJENT STED, BYGLAND KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og kjennes fra en 1800-tallstegning (AA 5330) av Morten Smith Dedekam.
Innskriften lyder:
[…aærta(þ)e + …]
???
Innskriften lar seg ikke tolke.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. NOR 1999 s. 18.

Endeleg kjem vi til Valle, der det og er ein:

N 189 – RIKE, VALLE KOMMUNE, AUST-AGDER
På Rike-skjoldet, som er et såkalt bóndaskildir, står skrevet en runetekst på skjoldbuen. Innskriften er datert til ca år 1200 og risset på en skoldbulen. Oppbevares på Oldsaksamlingen (nr. 954).
Innskriften lyder:
Rike-skjoldet
kun=nar girþi mik hlhi a mik
Gunnarr gerði mik. Helgi á mik.
Oversatt til norsk blir det «Gunnar gjorde meg. Helge eier meg.»

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 42.

Lenke til desse funna er http://www.arild-hauge.com/innskrifter3.htm

Men ein til i Valle er nemnd i ein annan artikkel, NORSKE RUNEINNSKRIFTER MED DE YNGRE RUNER, sjå http://www.arild-hauge.com/innskrifter1.htm

N 188 – HOFTUN/HOFTUFT, VALLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Et snellehjul til en håndtein av kleberstein som ble funnet på en støl tilhørende gården Hoftun, har følgende runeinnskrift skrevet langs siden av snellehjulet:
Hoftun snellehjul
kunitr kerþsnalt
Gunnhildr gerði snáld, dvs. «Gunnhild gjorde (dette) snellehjul».
Vi har her mest sannsynlig en runeinnskrift skrevet av en kvinne.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 41. Bilde av runeinnskriften.

I denne lista er det to frå Bygland:

N 185 – BYGLAND, BYGLAND KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til vikingtiden, men kjennes kun fra tegning af biskop Thomas Wegner fra 1639 til bruk i Ole Worms runeverk.
Innskriften lyder:
[+ kuþ hiabi s(a)l ma(h)niltar]
Guð hjalpi sál Magnhildar.
Oversatt til norsk blir det «Gud hjelpe Magnhilds sjel».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 33.

N 186 – BYGLAND, BYGLAND KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til vikingtiden, men kjennes kun fra tegning af biskop Thomas Wegner fra 1639 til bruk i Ole Worms runeverk.
Innskriften lyder:
[þo(l)afr : s(t)a(l)a : sunr rasti : stain : aftir (o)laf : il(o)nssun (o) (b)uk(l)onti :]
Þorlafr Stála sonr reisti stein eptir Ólaf Erlendsson á Bygglandi.
Oversatt til norsk blir det «Torleiv Stålason reiste sten etter Olav Erlendsson på Bygland».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 34.

Og ein er frå Evje:

N 184 – GALTELAND, EVJE KOMMUNE, AUST-AGDER
Galteland-steinen fra Setesdal må være reist etter 1015, da det er en minnestein etter en Bjor som falt i et slag da den danske kongen Knut den mektige angrep England.
Innskriften lyder:
Galteland-steinen
arn (stin) risti þi(na) iftir bior (s)un sin (sa uar)tuþr iliþi þ(a)s knursoti iklat
Dvs. Arnsteinn reisti stein þenna eptir Bjór, son sinn. Sá varð dauðr í liði, þá es Knútr sótti England, som oversettes «Arnstein reiste denne steinen til minne om Bjor, sin sønn; han døde i hæren da Knut angrep England».

I en annen innskrift på stenen står også:
Galteland-steinen
inis ko(þ)
Helt sikker er ikke denne oversettelsen, men det kan stå «Én er gud».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 14. Bilde av runeinnskriften. The Galteland Rune Stone, Aust-Agder. Historisk museum, Galtelandsteinen

Runer og Storhedder

Share

Laurdag er det guida naturlostur til Storhedder. Ein startar med buss frå Bykle klokka halv åtte, tek på folk på Hovden og køyrer til Røldal, Nesflaten og Sandvatnet før ein tek fatt på turen, som er ganske lang. Ein kan velje om ein vil gå i heia og overnatte på Sloaros tilbake til Hovden eller gå tilbake til bussen og køyre heim.

Storhedder er ein vidgjeten hedder og har vore brukt i uminnelege tider. Eg fann ei side på nettet som listar opp runeinnskriftene som finst i Storhedder, og tek dei med her:

N 190 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Storhedder ligger ca 20 km vest for øverste gård i Bykle. Her er en heller som har fungert som et ideelt tilholdssted for fangstfolk i uminnelige tider. Her finnes flere runeinnskrifter. Se N190 – N207. Flere av innskriftene er ikke tolket.
Innskriften er datert til ca år 1100 og er risset med lønnruner på en berghylle. Risset av Hreiðarr som har signert N 191(?)
Innskriften er skrevet med lønnrunor. Den lar seg ikke tolke.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 48.

N 191 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til ca år 1100 og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
ra raist
Hreiðarr(?) reist.
Oversatt til norsk blir det «Reidar(?) risset.»

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 50.

N 192 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til ca år 1100 og er risset på en berghylle. Risset av Hreiðarr som har signert N 191(?).
Innskriften lyder:
Storhedder-runeinnskrft III
ek uilta kusa may þ(a) er fahst er i= =þ=haiminum
Ek vilda kjósa mey, þá er fegrst er í Þursheiminum(?).
Oversatt til norsk blir det «Jeg vil (gjerne) velge den mø som er fagrest i verden».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 51.

N 193 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
k(u)na=(r) h…
Gunnarr …
Dvs. mannsnavnet «Gunnar …»

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 61.

N 194 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
kuni
Gunni
Dvs. mannsnavnet «Gunni».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 61.

N 195 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
þer er huit haur
Þér er hvíld hôrð.
Oversatt til norsk blir det «For deg er hvile(n) hård».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 62.

N 196 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
–r———-(r)———h–
???
Innskriften lar seg ikke tolke.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 63.

N 197 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
–þ——e—(m)…
???
Innskriften lar seg ikke tolke.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 63.

N 198 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
uifil bo hir
Vifill bjó hér.
Oversatt til norsk blir det «Vivil bodde her».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 63.

N 199 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
ai—–
???
Innskriften lar seg ikke tolke.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 64.

N 200 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til middelalderen og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
s þ
S[almundr](?) Þ[orgeirssonr](?)
Dvs. mannsnavnet «Salmund Torgeirsson».

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 201 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1100-tallet(?) og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþork hnias tblm øæ hi
fuþork hnias tblm øæ …
Første del inneholder en hel fuþork.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 202 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþork hnias tbm-
fuþork hnias tbm
Innskriften er en hel fuþork.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 203 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþork hnias tblm æø
fuþork hnias tblm æø
Innskriften er en hel fuþork.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 204 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1100-1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþor
fuþor[k]
Innskriften er en fuþork innskrift.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 205 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1100-1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþ

Flere innskrifter fra middelalderen består kun av de tre runene fuþ, som vaneligvis blir tolket som begynnelsen til en Fuþark, sælig dersom gjenstanden er skadet, slik at det er et brudd etter de tre runene. De som heller til denne tolkningen, mener at det ikke var nødvendig å skrive hele Fuþarken for å oppnå det en ville med innskriften. Det finnes også flere innskrifter med kun en f som tolkes på samme måte.

Imidlertid kan også fuþ bety fuð som er betegnelsen på det kvinnelige kjønnsorgan. Ordet i denne betydning er belagt i mange innskrifter fra middelalderen, hvor sammnenhengen ikke gir tvil om hva som blir skrevet.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 206 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1100-1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
-…or-…
En futhark innskrift?

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

N 207 – STORHEDDER, BYKLE KOMMUNE, AUST-AGDER
Innskriften er datert til 1100-1200-tallet og er og er risset på en berghylle.
Innskriften lyder:
fuþ(o)rk hn
«fuþork hn[ias]»
En futhark innskrift.

Litteratur: Projektet Samnordisk runtextdatabas, 2004. Norges innskrifter med de yngre runer, bind III, side 65.

Det ligg og andre runeinnskrifter på denne sida, sjå
http://www.arild-hauge.com/innskrifter3.htm

Det er bare å ønske folk god tur. Kanskje vi får til å lage eit program om turen i Valle Radio når sendingane startar att.