Tovegskommunikasjon

Share

I dag logga eg meg på Facebook og var klar til kommunisere om nokon skulle ha noko på hjarta. Det var i grunnen lite, så eg reknar med at sendinga gjekk greitt nok.

Med Facebook kan programleiarar i Valle Radio ha direkte kommuniskasjon med lyttarane. Det hadde eg sist onsdag, då eg la ut rebusane på Facebook og folk la inn løysingar der.

Elles er det Britta Lise som for det meste kommuniserer med lyttarar. Ho gjer ein stor jobb som Facebook-administrator for Valle Radio, og eg har prøvd å lære meg å sende program til henne, slik at ho kan leggje det ut. Med over 2000 venner av Valle Radio er det mange som fylgjer med på sendingane våre, og dei som gjev lyd tilbake, bør ein svare fort og greitt.

I kveld gjekk sendinga utan større problem. Eg fekk kople opp i tide, fekk gjennomført det eg hadde planlagt og såleis bør eg vel vere godt nøgd. Kåseriet hadde eg skrive før helga, det handla om tredje boka til Reidar Tveito, andakten frå Norea, Tankar frå Bibelen, gjekk greitt å laste ned, og eg fann og Møteplassen ganske greitt. Men det har blitt vanskelegare å nytte Norea sine aktuelle program. Dei er det vanskeleg å finne, og når ein ikkje veit heilt kva ein skal leite etter, vert det ofte at eg må lage noko anna.

Sangkvelden i kveld var det Kim André Pedersen som stod for, eg valde å presentere heile den nye plata hans, Vegen. Torsdag kjem han til Hovden med bandet sitt for å ha konsert der. Då var det jo naturleg å presentere han godt her i Valle Radio.

Samtalen som Ellen Sørlien hadde med Evie var eit godt eksempel på god kommunikasjon, dei snakka saman som gamle vener. Vi fekk og eksemple på sangen hennar, den er like fortryllande no som for 40 år sidan.

Til slutt brukte eg ei LP-plate som Niklos hadde med for å lage Postludium med tema orgel og trompet. Det er ein klangkombinasjon som eg likar godt, og opptaka frå Magdeburg Dom song i veggene i den gamle katedralen. Eg gløymde å seie at det var eit Schuke-orgel, bygd i Potsdam i 1969. Sjølv under den hardaste kommunist-tida vart det utdanna kyrkjemusikarar i Aust-Tyskland.

Takk til alle som høyrde på kveldens program og takk til deg som les bloggen også utan å høyre på Valle Radio.

Riksveg 9 Tveit -Krokå skal opnast

Share

Fredag skreiv Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen ein leiar. Den stengde stamvegen var tittelen. Det var mykje der ein kunne vere samd i, det slit å skulle køyre vestsida når det er så mykje motgåande trafikk, anten ein køyrer oppover eller nedover. Eg er ikkje åleine om å meine det, og så mange som kan, utset nok turen oppover, i alle fall om dei har prøvd ein gong. Men det er jo nokon som må ta turen, og dei kraunar mykje.

Denne veka skal ein likevel ikkje bare klage, for torsdag klokka 12 opnar fylkesordførar Laila Øygarden parsellen Tveit-Krokå ved Heggland ein stad. Eg tok ein telefon til henne og tenkte om ho kanskje kom oppover onsdagskvelden, då ville eg invitert henne til å vere med i Valle Radio og fortelje om det store arbeidet som ho har vore med på for å finansiere Gul midtstipe til Hovden. Men ho kunne ikkje, ho skulle i gravferd onsdagen og drog ikkje oppover før torsdagen.

Sjølv køyrde eg vegen i dag tidleg og kunne glede meg over fleire kilometer med flat ny veg. Svingar og bakkar er borte, ein kan setje cruisekontrollen på 80 ved Ose og så går det heile i høveleg tempo til Langeid. Mange bekkar har blitt temma og hytter og hus tek seg annleis ut frå nye vinklar, det er morosamt å sjå kor greitt det er blitt.

Eg vonar det vert i mi tid, det vil seie medan eg køyrer mellom Mandal og Valle, at dei får bygd ferdig ny veg forbi Langeid. Då skal eg tåle svingane og den smale vegen på Skomedal og Frøysnes, dei kan minne meg om korleis heile strekningen var før utbetringa kom i gang. Og så vonar eg at Leiv Rygg, som ny ordførar i Bygland, tek initiativ til å få bygd veg til Åseral, det hadde vore fine saker.

Program for veke 38, 2011

Share

No tek vi til å kome i normal rute att her i Valle Radio. Difor sender eg ut programmet for komande veke i kveld, så ligg det på bloggen for dei som fylgjer med der. Britta Lise kjem vel til å leggje det ut på Facebook når tida nærmar seg, eg har sendt til avisa. I tillegg kan du sjå oppdateringar på Setesdalswiki etter kvart som det som enno ikkje er på plass, vert avklåra.

Tysdag 20. september
Ansvarleg: Harald Haugland

Program
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Vi høyrer på Kim André si nye plate, Vegen
19.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. september
Ansvarleg: Harald Haugland, teknikar: Kåre Rike, telefonvakter Jorunn Lund Harstad og Gudrun Nomeland

Program:
18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Øyvind Jacob
20.00 Haralds time med gjester
21.00 Opi sending

*Fylg oss på Facebook.
*Les meir på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_21._september_2011
*Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com

August Schneider og Hylestadportalane

Share

Onsdagskvelden var Leonhard Jansen gjesten min i studio. Me snakka om August Schneider, kunstnaren som og samla inn mykje tradisjonsstoff frå Setesdal. Men me gløymde å snakke om dei flotte teikningane han laga av Hylestadportalane og som vart trykte i Skilling-Magazin no. 5, Løverdagen den 4de Februar 1865. Dette var første gong desse vart gjorde kjende for eit større publikum. Det førte til at Oldsaksamlinga sine folk reiste til Valle og sikra seg portalane, som stod ute for ver og vind framom stabbursdøra på Rike.

Erik H. Edvardsen fortalde om dette på Kulturminnedagen 2011 på Setesdalsmuseet, og i Kvitebjørn Konge Valemon 3 har han bilete av teikningane i tusjpenn og xylografi frå Skilling-Magazin.

Setesdalsmuseet har laga ein presentasjon av portalane og soga om Sigurd. Der heiter det:

Historia om Sigurd Fåvnesbane finn ein att i fleire førhistoriske segner og forteljingar. Det er frå same segnkrinsen Richard Wagner henta inspirasjon til sitt storslagne operaverk ”Der Ring des Nibelungen”. Der er fleire portalar med same motiv, men ingen andre er så kunstnarleg utforma og tekne så godt vare på som Hylestadportalane.

I internasjonale oppslagsverk om vikingtida er det knapt eitt som ikkje inneheld eit bilete av portalen frå Setesdal. Historien om Sigurd er skoren ut på breie bordplanker (ca. 2,3 x 0,55m) som i si tid pryda den gamle stavkyrkja på Bjørgum i Hylestad, og vart laga ca. år 1200. I den lafta kyrkja som vart sett opp midt på 1600-talet, vart portalstolpane plassert som inngang til koret. Då også denne kyrkja vart erstatta med ei ny i 1838, kom portalen etter kvart til det som no heiter Kulturhistorisk Museum i Oslo.

Portalane er eit vitnesbyrd frå ei tid med religionskifte, om overgangen frå vikingtid til middelalder. Utskjeringane visar mellom anna helten Sigurd som smir eit sverd, som han drep draken Fåvne med. I same tidsrom dreiv mange med jernutvinning i Setesdal, og det må ha vore ein høgt utvikla smedekunst i dalen. Siste utskjeringa er frå ormegarden, der Gunnar spelar harpe med føtene så vent at ormane sovna. Dette er ei av dei første norske musikkinstrumentet som det er bilete av her til lands. Dette instrumentet er forresten laga i kopi på bakgrunn av utskjeringane, og det går an å spele på det!

Fjell og nutar 3

Share

Nå har Reidar Tveito laga ferdig 3. og siste heftet i serien om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra. Siste hefte handlar om Hylestad, Valle og Bykle, er trykt i 200 eksemplar på Setesdalstrykk og kostar 130 kroner. Les om forfattaren her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Reidar_Tveito

Han ringde meg i dag og sa at eg måtte kome innom på Byglandsfjord for å få eit hefte. Det ville eg gjerne, dermed kunne eg legge ut melding på Facebook og skrive om det på bloggen. I det siste heftet har han teke med

Beinleinuten, 1303 moh, gamle Hylestad kommune, vesthei
Urdalsknuten, 1434 moh, gamle Valle kommune, vesthei
Glåmsheii, 1224 moh, gamle Hylestad kommune, austhei
Kaldeskardnutan, 1342 moh, gamle Valle kommune, austhei
Snjoheinuten, 1438 moh, fin tur, men til feil topp i Bykle vesthei
Austre Kaldafjell, 1452 moh, Bykle vesthei
Sæbyggjenuten, 1504 moh, Bykle austhei

Han har og med eit oversiktskart over øvre Setesdal bakerst i heftet. Der er toppane teikna inn.

Det er interessant å lese Reidar Tveito sine hefte. Han skriv levande og interessant om turane, og heftet er fullt av bilete som syner korleis han gjekk for å kome seg til toppen. Eit GPS-diagram er og med for å syne stigning. Reidar har auge for både dei små detaljane i naturen og dei vide panorama. Så sjølv om ein ikkje går i heia, kan ein ha glede over bøkene. For den som går i heia, og som har vore på nokre av dei toppane han har teke bilete av, eller ved eit av dei mange vatna i Setesdalsheiane, burde bileta og teksten gje grunnlag for samtale og forteljing.

Reidar har no gjeve ut tre slike hefter. Det første var på 48 sider, dei to siste på 52 sider kvar. Dei er flotte dokument av naturen i fjellet. Eg vil seie som TV-reklamen: Løp og kjøp.

Valdeltaking

Share

Ved kommunevalet 2011 var valdeltakinga for heile landet under 60 prosent. Ein hadde ei kjensle av at det kunne verte høg deltaking etter terrorkatastrofen i Oslo og på Utøya, men 58 prosent er ikkje noko å skryte av, så det må nok vere andre faktorar som får valdeltakinga opp.

I Bykle, Valle og Bygland gjekk deltakinga opp. Mest opp gjekk det i Valle, der var auken heile 4,2 prosent. I Evje og Hornnes gjekk deltakinga ned med 0,8 prosent. Eit oversyn i Setesdølen syner at bare 62,6 prosent røysta i den kommunen. Valle låg på toppen i Setesdal med 72,8 prosent, Bygland hadde 70,9 og Bykle hadde 68,3 prosent. Alle kommunane i Setesdal hadde altså godt over landsgjennomsnittet i valdeltaking.

Eg høyrde at nokon meinte at dårleg ver kunne vere med på å redusere valdeltakinga. Eg trur nok det er andre grunnar, sjølv om det jo regna i bøtter og spann i periodar på valdagen. Eg hadde med meg Jorunn Sørlie Tveiten i Valle Radio i går, og ho fortalde om arbeidet med å tilrettelegge for valet. Det var visst 188 førehandsrøyster i år, mot 70 i fjor. Eg trur difor at medverkande til auke i valdeltakinga var godt høve til førehandsrøysting. Ho fortalde at det i periodar hadde vore kø ved førehandsrøystinga, men at det knapt hadde vore kø på valtinget. Eg høyrde at i Mandal var det folk som snudde då dei såg den lange køen utanfor vallokalet i femtida om ettermiddagen, dei ville kome seg heim til middag og ikkje stå i regn og vind og vente på tur. Dermed vart det inga stemme frå dei dette året.

Det kan vere mange ting som mobiliserer, men eg trur nok at folk går til urnene om det er noko som engasjerer dei. Har ein lite engasjement, er det lett å droppe turen til vallokalet. I Valle var det ganske ope, og det trur eg nok førde til høg deltaking.

Eit utslag av valet i år var at det kom inn sju kvinner og åtte menn i Valle. I Bykle ligg kvinneandelen svært lågt denne gongen, bare to kvinner kom inn i det nye kommunestyret på 13 medlemmer. Dei skal få mykje å gjere om Bykle skal klare å oppfylle likestillingslova. Seks av 21 i Evje og Hornnes er kvinner, fem av 15 i Bygland.

Prosentar finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kommunevalet_2011

Nyaste nytt, kultur og respons

Share

Valle Radio er ganske unik. Me sender ikkje mange repriser, det meste skjer på direkten og folk må høyre når det skjer, det kjem ikkje om att om ein halv time, slik nyaste nytt gjer på NRK. Høyrer ein ikkje sendinga i Valle Radio, får ein ikkje med seg nyaste nytt.

Slik opplevde eg det i kveld, då eg hadde sett fokus på politikk og aktuelle problemstillingar etter valet. Sendinga starta med eit intervju med Jon-Rolf Næss, som har fått i stand ein avtale mellom Ap og Sp i Bykle der han vert ordførar og Tor Hallvard Mosdøl vert varaordførar. Me fokuserte på at det bare er valde inn to kvinner i kommunestyret, men eg gløymde å spørje han om Tor Hallvard kan kome inn i formannskapet når Sp har ei kvinne i kommunestyret. Utan at han kjem inn i formannskapet kan han ikkje verte varaordførar, og for å oppfylle kravet om kvinnerepresentasjon må så langt eg kan skjøne begge kvinnene i kommunestyret i Bykle inn i formannskapet om dei skal nå 40%.

Det problemet løyser dei nok lettare i Valle, der det er sju kvinner og åtte menn. I kveld klokka 21 kom komande ordførar Tarald Myrum i Valle Radio for å fortelje at dei har laga ein avtale mellom Sp, Høgre, KrF og Venstre og at Frode Verpe frå Høgre vert varaordførar. Me var nok først med den nyheten i kveld.

Eg hadde og Anne Grimestad frå Hovden med meg på telefonen i kveld. Ho står i spissen for Setesdalsgildet som skal vere på Hovden laurdag. Det er ei mat- og kulturmesse der matprodusentar i Setesdal kjem til Grendehuset på Hovden for å stille ut produkta sine. Så vert det kokkekamp, smothie-kurs og andre aktivitetar som publikum kan sjå på frå klokka 12 og utover, alt leia av Bodil Inntjore. Det er tredje året arrangementet går av stabelen, og sjølve etar-gildet startar klokka 20 med ein stor buffet i Hovden Grendehus.

Ein annan kulturell godbit i kveld var Leonhard Jansen som fortalde om August Schneider, den fyrste som samla eventyr og segner frå Setesdal, det skjedde på 1860-talet. Han teikna og mykje frå Setesdal, og Leonhard meinte at Sølvgarden Hotell nesten kunne kjennast att på teikningar Schneider laga for 145 år sidan.

Opi sending i kveld var litt spesiell, for eg la rebusane ut på Facebook etter kvart som dei vart presenterte i radioen. Det førte ikkje til så mange fleire telefonar, det var i grunnen ganske få, men nokre kommentarar fekk eg frå lyttarar. Premiane vart fordelte slik:
Anne Nordli, krus,
John Løvdal: Gåve frå Otra Kraft,
Anne Lise Harstad: Gåve frå Gyro K. Homme
Åsmund Rygnestad: Murarskei
Gyro Trydal:Neon Heart mulgti colour interior light
Torhild Lunden: Valle Radios t-skjorte

Program veke 37, 2011

Share

Tysdag 13. september 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Country Gospel Timen
19.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland, som presenterer komponisten Franz Liszt
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Ikkje klart enno

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Jorunn Sørlie Tveiten
20:00 Haralds time med gjester: Med August Schneider på samlarferd i Setesdal. Leonhard Jansen fortel
21.00 Open sending med rebusar og musikk.

Fylg oss på Facebook.
Les meir på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com

Øystein fyller år

Share

Så var det Øystein sin tur til å fylle år, og ettersom han hadde rundt tal, fall noko av festivitasen på elevane våre og. Planen var at vi skulle feire det måndag, då enda vi opp på Mei-Lin sin dag, så kaka vart då 2 x 35. Det er vel ofte slik at ein føler seg 35, sjølv om kalenderen seier noko anna.

Etter eit par timar med undervisning var det klart for mat i pauseromet vårt på skulen. Den var fort klar, men songane eg hadde lova å skrive kom i kø med utskrifter som var sendt til skrivaren før helga, då var det ikkje papir i skrivaren, så når han fekk papir, kom heile lageret. Men etter kvart kunne vi kopiere opp tekstar til begge bursdagsbarna, og då kunne festen starte med songar, servering av risgryte, marsipankake og frukt og med hyggeleg prat om milepelar i livet.

Eg tenkte eg skulle dele songane med dykk, og her kjem songen eg skreiv til Øystein:

Melodi: Det lyser i stille grender

Vi lærer nå norsk i Valle
det liker vi veldig godt,
for Øystein er rektor for alle
som her lærer norsk så flott.

Så god og så grei en lærer,
vi fikk her på skolen vår.
Så derfor vi ham her ærer
med fest når han fyller år.

På lørdag du seksti rundet,
nå er du en gammel mann.
Men fast til heiene bundet,
og blodet ditt står i brann.

Du fleiper med oss i timer
og lærer oss norsk så bra.
Og klassen vår sammen du limer,
og Cola er godt å ha.

Du tuller med ord og tegner
på tavla med krittet ditt.
Og noen ganger vi regner,
og så må du spille litt.

Og da må vi alle synge
litt gospel i klassen her.
Vi tenker på kirken hjemme
og alt det vi hadde der.

Hurra for vår lærer snille!
Du er jo så grei en kar.
Hva gjør det om nøkler og brille
du av og til ikke har.

Vår lærer vi gratulerer
og roper et høyt hurra
når han oss alle serverer
en fest som er flott og bra.

Vi hadde eigentleg hatt planar om å ta ein ekskursjon for å sjå i eit vallokale, men festen tok av med masse blomar og songar og jubel, så ingen ville på ekskursjon. Det får vi ha til gode til ein annan gong. Eg gjekk imidlertid ned saman med Htoo Thaw David, som står på KrF-lista i Valle, for å syne han kor han skulle stemme, og dermed møtte eg trivelege folk å tale med både i høve til soknerådsvalet og i høve til dei andre vala, så eg vart sitjande ganske lenge og prate med folk før eg måtte gå tilbake og gjere meg klar til valstudio i Valle Radio. Det har visst starta alt, så eg får vel kome meg ned på Valle Motell og høyre kva som skjer.

Kultur og val

Share

Denne helga var det val, i Valle er det over to dagar, og eg snakka med Jorunn Sørlie Tveiten som kunne fortelje at det hadde vore mykje folk fyrste dagen. Sjølv fekk eg hjelp av henne sist veke til å førehandsstemme, eg stemmer i Mandal og er i Valle måndagen når valet går av stabelen der, dei har ikkje to dagar. Eg trur folk er litt spente på korleis valdeltakinga blir dette året, det har jo vore ein noko spesiell situasjon, for å seie det mildt.

Som eg skreiv i går, var eg på Jæren i helga og feira mor sin 94-årsdag, og me kom heim til Ålgård mellom 23 og 24. Så sov me litt, men alt klokka sju stod eg opp, og litt etter kom mor, dagen hennar er i dag, og kvart på åtte fekk ho første gratulasjonen på SMS frå eit barnebarn som ikkje kunne vere med på festen laurdagskvelden. Me hadde ein hyggeleg frokost før eg sette meg i bilen, eg ville kome meg over fjellet før bubilane frå Dyrsku’n kom mot meg. Eg klarte det nesten, då eg kom til vegen sitt høgaste punkt, tok dei til å kome, og då var det å lirke seg frå møteplass til møteplass, men det gjekk greitt å kome seg nedover mot hyttebyen i Brokke, og snart var eg nede i dalen og kunne vende snuten mot Valle.

Men der var eg bare knappe to timar, så drog eg på Setesdalsmuseet for å høyre på Erik H. Edvardsen, som eg kjenner frå wikipedia, han har skrive litt der. I høve Kulturminnedagen 2011 skulle han fortelje om August Schneider, som teikna og skreiv opp det folk fortalde i Setesdal på 1860-talet. Hausten 1870 budde han fem månader i Setesdal. Det var eit forvitneleg foredrag, og onsdag klokka åtte skal eg ha Leonhard med meg som gjest i Valle Radio. Då er August Schneider tema for samtalen vår. Erik H. Edvardsen har skrive tre bøker om Schneider, og eg sikra meg alle tre, så vi vil ha noko å bla i. Eg trur Lisbeth og skaffa bøkene til Valle folkebibliotek, så du kan låne dei der.

Etter foredraget til Edvardsen var det kaffepause, så fortalde Leonhard om andre samlarar som hadde verka i Setesdal, både Johannes Skar og Svein Hovden. Eg trur kanskje me kan finne noko musikk etter Svein Hovden og bruke i programmet onsdagskvelden. Middag fekk eg meg på Sølvgarden Hotell, der Oddvar Høgevoll med band gav meg taffelmusikk før eg drog tilbake til Valle for å planleggje programmet for komande veke i Valle Radio. Eg skal ha sending både tysdag og onsdag, så no startar me opp att. Det vert og valvake på Valle Motell måndagskvelden med program i Valle Radio, så det er bare å stille inn radioen på vår frekvens komande veke. Måndagskvelden reknar ein vel med å starte i sju-åtte tida, dei andre dagane startar me til vanleg tid klokka 18.