Tåke ute – varme inne

Share

I dag gjekk turen vestover for å feire mor sin 94-årsdag. Det vart ei triveleg samkome med fire generasjonar samla. Mor har etter kvart fått ganske mange oldebarn, men ho er frisk i hovudet og held styring på alle saman, til og med fødselsdagen deira. Eg ville nok slite noko med slikt, eg likar best å ha ein kalender for å stø minnet med.

På turen kom vi forbi Høg-Jæren, nytt frå siste gongen eg var der var at om lag 20 vindmøller var kome opp og stod der og sveiv. Dei fleste bøndene var vel nøgde med dei, sjølv om nokre klaga på støy, etter det eg høyrde. Praten gjekk om laust og fast, vi fekk og oppdatering på lokal politikk.

20 personar feira ei oppegåande kvinne som har stemt ved alle vala sidan ho fekk stemmerett og som så visst ikkje har tenkt å sitje heime denne gongen heller. Det var interessant å vere i selskapet hennar. Sjølv om vi ikkje kunne sjå havet slik vi pleier, var det godt og varmt og omsorgsfullt. Salme 91 i Bibelen var mor si helsing til oss, og ein bolk med salmer fekk vi og plass til mellom all praten.

Meir om andaktsbøker

Share

I går skreiv eg om temakvelden som diakoniutvalet og helselaget hadde i kommunestyresalen. Temaet der var andaktsbøker, og Per Emanuelsen stilte spørsmålet om dei var gått ut på dato.

Eg er venn med Asbjørn Kvalbein på Facebook, og i kveld la han inn ei lenke til ei side hos Norea som fortalde at han i går kveld hadde fått Ordknappen, sjå http://www.norea.no/webpastoren/artikkel/article/50907 Grunnen til det var at den andaktsboka han skreiv i 2008, Trygg i dag, i 2010 hadde kome i stor skrift.

I artikkelen står det:
Det er ca. 1 millioner mennesker i Norge som er «utestengte lesere», på grunn av svakt syn, dysleksi eller andre forhold. De synes skrift og tekst virker uoverkommelig. Leser søker bok er opptatt av at også disse skal ha kulturopplevelser, og Liv Guldbrandsen syntes det var fint at en andaktsbok vant. Hun vet at det blant annet blir lest fra den på sykehjem. Hun roste Lunde Forlag som satset på denne utgaven.

Dette skulle vel understreke det Per Emanuelsen konkluderte med om at andaktsboka ikkje er gått ut på dato. Trygg i dag er og omsett til dansk. Sjølv seier Asbjørn, som vi har høyrt mange gonger i Valle Radio på tysdagskveldane: Jeg måtte sjekke i databasen til Nasjonalbiblioteket i forbindelse med overrekkelsen. Der er jeg registrert med å ha skrevet 18 bøker, redigert 22 og oversatt 30. Jeg er bare takknemlig for at Herren har gitt nåde og lagt til rette.

Gratulerer med Ordknappen!

Er andaktsboka utgått på dato?

Share

Dette var temaet som prostidiakon Per Emanuelsen tok opp på ein temakveld i kommunestyresalen i Valle i kveld. Diakoniutvalet og Helselaget stod for arrangementet, og Ånund Lund song. Det møtte opp nærare 20 personar, så det var eit høveleg frammøte, og det var loddsal og kaffi og kake.

Dei siste fem åra har Per Emanuelsen samla på andaktsbøker. Den eldste han hadde var frå 1860-talet, trur eg, den siste han hadde fått, kom frå Gunnar Guttormsen, tidlegare skulesjef i Valle, som har laga ei andaktsbok på kopimaskin. Den var frå 2010. I det tidlegare hønsehuset heime har han då samla om lag 160 andaktsbøker, alle med andaktar for 365 dagar.

-Det startar som ei interesse, aukar til ein lidenskap og endar som ein galskap, sa han og nemnde at han hadde hatt høner og vaktlar og kaktus på same måten tidlegare.

Vi som var i salen fekk ei interessant innføring i temaet. Den mest selde andaktsboka er Fredrik Wisløff si Hvil eder litt frå 1938, som var seld i 184.000 eksemplar i Norge pr. 2004. Den er og omsett til svensk, engelsk, finsk og gassisk. H.E. Wisløff si Stille stunder på veien hjem frå 1952 hadde i 2004 kome ut i eit opplag på 130.000 i Norge.

Han trekte og fram ei andaktsbok av Jørgen Grave, og Svein Brokka, som eg sat ved sida av, lurte i pausen på om eg visste kven det var. Eg syntest å hugse at han var ein stortingsmann for KrF, men Svein kunne ikkje minnast det. Dermed gjekk eg ut i hallen og gjorde eit søk på han og då fann eg at det var artikkel om han på engelsk wikipedia, for han var stortingsmann i to periodar frå 1954 til 1965 (ein periode pause, då var han redaksjonssekretær i For Fattig og Rik). Elles var han reisesekretær i Landsindremisjonen, han var frå Drangedal. Då møtet var slutt, skreiv eg artikkel om han på norsk wikipedia og, du kan lese den her: http://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8rgen_Grave

Elles lurte folk på opplagstal for andaktsbøker, og då fann eg artikkelen eg starta i 2007 på wikipedia og som det synte seg at eg hadde skrive det meste av, http://no.wikipedia.org/wiki/Andaktsbok Akkurat då eg fann artikkelen, kom Jamie innom, og dermed fekk eg skrive han ut og gje han til Per.

Valdebatt i Valle Radio 2011

Share

Eg les på Facebook at Ann Christin Jacob syntest det var morsomt å vere med i debatten i Valle Radio i kveld, og det kan ho ha god grunn til, for ho gjorde ein god figur. Liv Tanche-Larsen skriv på Facebook at alle damene kom godt frå debatten, det var fem damer og fire menn i panelet, og Sissel Åkre, Hanne Straume, Nina Johnsen og Astri Kyte var dei andre fire.

Men Ånund K. Homme syntest ikkje det var noko særleg til debatt. Han ville nok hatt meir debatt om Valle sentrum, han har jo skrive to artiklar om det i Setesdølen i det siste og han hadde sendt inn spørsmål til panelet om det. Men panelet hadde ikkje så mykje å seie om saka, så eg kan nok forstå at han var misnøgd.

I tillegg til dei eg har nemnt ovanfor, var Bjørgulv T. Berg, Steinar Kyrvestad, Frode Verpe og Tarald Myrum med i panelet. Liv skriv: Takk til alle i valle radio som gav oss ein fin kveld med spursmål og bilete på Fb. Det var mest som ein sat i salen 🙂 Det sat 15 i salen på det meste, for fire år sidan var det 30 der. Dei som var i salen no, fekk pizza og kake, brus og kaffi, alt levert frå Valle Motell.

Det er ein stor jobb å få ei slik sending i hamn, og Ørnulf og Jørund hadde jobba mykje for å få det til, dei hadde telefonintervjua fylkesordførarkandidatane og hadde desse intervjua som opptak som kunne spelast medan panelet og programleiaren fekk ein pause. Til Ole Birger Lien var det og laga ei liste over aktuelle tema som burde vere med, og den kravde nok ein del arbeid. Så skulle salen riggast med mikrofonar og alt som er naudsynt for radiosending, det skulle og vere datamaskinar for å ta imot epost og sms, eg sat ved den, og Britta Lise sat ved ein datamaskin for å kommunisere på Facebook. Ho la og ut bilete av publikum og debattantar. Til saman tok sendinga fire og ein halv time, eg trur det bare vart spelt fem-seks plater heile kvelden. Ein kan vel trygt seie at Valle Radio har gjort sitt til at årets val har blitt godt dekka med denne sendinga. Ole Birger, som stod for utspørjinga, vil framover vere politisk medarbeider i Valle Radio og samle folk til samtale etter kvart kommunestyremøte. Det vert ein tilvekst til programma våre. Han gjorde ein god jobb og var innom mange tema på ein høfleg og verdig måte i møte med både veteranar og nykomarar.

I løpet av sendinga prøvde eg å skrive noko på Setesdalswiki, men det var mange trådar og ikkje så lett å få forma ein høveleg tekst, men du kan lese det eg skreiv her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._september_2011

Valstudio kommunestyresalen 2011

Share

Så startar sendingane att i Valle Radio. Ørnulf kontakta meg og sa at det ville vere uhøveleg for meg å starte i kveld, det var på tale at ein skulle nytte sendarane til valsending for Bygland. Eg trur ikkje det vart noko av, så vi kunne nok ha starta tysdagssendingane i dag, men i grunnen var det greitt å sleppe, for eg vart så forkjølt før helga at eg måtte halde senga eit par dagar.

Men i morgon vert det sending frå klokka 18. To toppkandidatar frå kvart av partia i Valle vil då vere med i debatten, og det vil vere innslag med kandidatar til fylkestinget så vel som høve for publikum til å stille spørsmål. Du kan og sende inn spursmål på SMS: 98443644, e-post: post@valleradio.com

For fire år sidan hadde vi og valsending. Eit heitt tema då var sykkelsti mellom sentrum og skulen, og eg leita fram det eg skreiv på bloggen etter at sendinga var slutt torsdag 6. september 2007. Du finn det her: http://valleradio.blogs.no/2007/09/06/valgsending_i_valle_radio~2937521/

Du kan trykke på lenke øverst på den sida til fleire innlegg om valsendinga. Då får du sjå fleire av spørsmåla som kom inn til sendinga. Eg grupperte dei etter kva dei handla om og kva tid dei kom inn og ser at gang- og sykkelsti var det første, kulturhus var det andre, industriutvikling var det tredje. Om du klikkar vidare på lenkene øverst på sida, vil du og finne nokre refleksjonar etter at valet var unnagjort. Det kan jo vere greitt å oppdatere seg litt på situasjonen for fire år sidan før ein går i kommunestyresalen i kveld. Den gongen var det 30 tilhøyrarar på det meste, 15 av dei heldt ut til slutt. Etter det eg skjøner, skal sendinga vare til klokka 22. Ole Birger Lien vert med, for fire år sidan var det Sigurd Haugsgjerd som stilte dei inkvisitoriske spørsmåla.

I år skal det bare veljast 15 til kommunestyret. Fem parti konkurrerer om veljarane, og mykje er ope i år, så det vert eit spennande val. I tillegg skal det vere val til fylkesting og rådgjevande folkeavstemming om Eitt Agder. Her vert det mykje å skrive om etter kvart som kvelden går. Eg kjem til å prøve å skrive både på bloggen og på Setesdalswiki i morgon.

Politiske biografiar

Share

Setesdalswiki har hatt ambisjonar om å få på plass biografiar om dei som stiller til val i 2011 og dei som har vore i kommunestyra i perioden som har gått. Det har ikkje vore lett, Iveland KrF og Evje Høgre er unntak som stadfester regelen heller enn standard.

No er vi gått inn i siste veka før valet, og det er nok bare å sjå i augo at ambisjonane ikkje vart innfridde. Sjølv om vi har over 1600 artiklar, har vi ikkje klart å få på plass biografiar for dei som skal styre kommunane i Setesdal i åra som kjem. Heller ikkje dei som går ut av kommunestyra i haust, har vi fått biografiar om.

Situasjonen ei veke før valet er slik:

5 i Bykle av 60 (8 prosent)
15 i Valle av 59 (25 prosent)
7 i Bygland av 55 (13 prosent)
20 i Evje og Hornnes av 77 (26 prosent)

Det er ikkje så mykje som treng å stå i ein slik biografi, men eg likar at ein får på plass jobbar og utdanning saman med anna engasjemnet ein kandidat har hatt i lokalsamfunnet. I utdanning likar eg å få med skular ein har gått på, ikkje bare at ein er bonde, snekkar, sjukepleiar eller lærar, men at ein er sivilagronom frå Ås, har gått på Blakstad VGS, har sjukepleiarutdanning frå Lovisenberg eller lærarutdanning frå Nesna lærarhøgskole. Slike opplysningar er med på å gje eit rikare bilete av den som ein eventuelt skal gje personstemme.

Eg klarar ikkje å få på plass biografiar over alle kandidatane til valet i 2011, men om du som les dette, hjelper til, kan det gå. Kvar dag er det minst 60 som les bloggen, og om de som les, fiksa ein artikkel og utfordra vener til å å ta ein, kan vi klare det.

Riksveg 9 og Urdviki

Share

I grunnen har eg køyrt med ein viss angst når eg passerer Urdviki i haust, for eg har tenkt at alt det regnet vi har hatt, sikkert ikkje har vore godt for steinane som ligg att i fjellet. Og i dag kom det eit ras, og to bilar kom midt i det. Heldigvis verkar det som om det ikkje var store personskader, sjølv om meldingane gjekk ut på at folk måtte på sjukehus.

Etter raset måtte trafikken gå på vestsida av Byglandsfjorden, fylkesvegen der er smal og svingete, då Riksveg 9 var stengd i samband med spreninga av fjellnabben i Urdviki, var det kolonnekøyring på vestsida.

Magnhild Meltveit Kleppa var på Langeid med 17 millionar laurdag. Eg reknar med at ho er glad ho ikkje hamna i steinraset i Urdviki. Men sjølv om fjellet der vart reinska godt etter sprenginga, trur eg det er naudsynt med ein ny runde. Så får ein heller ha kolonnekøyring forbi rasstaden, det er betre enn å leie heile trafikken på vestsida, den vegen er ikkje dimensjonert for trafikken på Rv 9.

Sjølv vart eg nedsylta fredag og det har ikkje slept medan eg har vore heime i Mandal denne helga, så eg vonar at når eg er god att, er vegen open att.

17 millionar

Share

Etter det eg skjøner har Magnhild Meltveit Kleppa vore på Langeid i dag tidleg og lova 17 millionar i 2012 til vegstrekninga Krokå-Langeid. http://www.fvn.no/lokalt/trafikk/article898869.ece Dermed kan siste parsellen i Bygland lysast ut på anbod og arbeidet som er i god gjenge vil kunne halde fram slik at me innan eitt år har oppgradert Riksveg 9 nord for Ose til grensa med Valle. For oss som bur i øvste delen av Setesdal er det godt nytt, for no vil me vite at når me går gjennom bommen på Besteland, er det bare Frøysnes og Skomedal att av smal veg i Bygland.

I Valle står fleire strekningar att, men særleg strekninga mellom Sandnes og Harstadberg kunne sårt trenge til utbetring, den er både svingete og smal. Fleire stader er den og utsett for snøras, sjølv om mykje er gjort i så måte. Eg hugsar ein sein kveld då me budde på Nomeland at eg skulle heim frå Valle og køyrde meg fast i eit slikt ras frå nord. Heldigvis kom ein taxi med lege frå sørsida, og då måtte jo brøytebilar ut, så etter kvart vart vegen opna att.

Problemet med snø kan som regel løysast, men den smale og svingete vegen nord for Sandnes har vore ei kjelde til angst meir enn ein gong for svært mange av folk som køyrer mellom Valle og Rysstad, og der er det i grunnen stor trafikk kvar dag. Hadde bommen stått på Flårenden, hadde den nok fått inn meir pengar enn der den no står, ein eller annan sa at den står på staden i Setesdal med minst trafikk. Då er det ikkje rart om det ikkje vert nok pengar til å halde kontinuerlig vegbygging for å få gul midtstripe til Hovden. Den skulle jo stått sør for Evje, slik at evjedølane og kunne ha betalt bompengar. Du kan forresten sjå filmen om det om du klikkar på denne lenka: http://www.youtube.com/watch?v=1hBkkQIbKUc Det er bryet verd å sjå filmen, morosam og informativ som han er.

Gullbryllup

Share

Vår trugne andaktshaldar i Valle Radio, Håvard Viki og hans gode Vilborg kunne feire gullbryllup i dag. Etter det eg skjøner, skulle dei vel reise bort, men barna hadde funne ein måte å nå dei på med ei helsing. Slik stod det under eit bilete av dei i Setesdølen i dag:

I dag dei gullbryllaup godt kan have,
dei som oss alle gav livsens gave.
For stor og liten dei stiller opp,
dei likar selskap og kaffikopp.

Dei dreg på heia og ut på turar,
nei mam og pap sit «kje heime sturar.
Me gratulerer med femti år
og vonar livskveld så lang de får.

Så god ein heim de for oss jo laga,
der då me hadde så gode dagar.
Den arv me fekk, vil me med oss ta,
og difor gjev dykk eit høgt hurra!

Me e heldige som hev dikkå som mamma, pappa, gome og gofa, svigermor og svigerfar.

Me i Valle Radio hengjer oss på gratulasjonane. Håvard koordinerer programposten Tankar frå Bibelen, som går i Valle Radio onsdagskveldane klokka 19. Takk for den gode jobben du gjer for Valle Radio!

Pendling

Share

I dag brukte eg oppslaget i Fædrelandsvennen tysdag til å lage ein artikkel om Arbeidspendling i Setesdal på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Arbeidspendling_i_Setesdal

Eg er ein av dei 137 som pendlar inn til Valle kommune. Oversikten syner at det er 179 som pendlar ut, det vil seie at 14% av folketalet i kommunen pendlar ut for å få seg arbeid, noko som er litt under gjennomsnittet for Agder. Om ein ser på heile Agder, så pendlar om lag 16 prosent ut av eigen kommune for å få seg arbeid, i alt vel 45.000. Truleg merkar knapt dei som pendlar frå nabokommunane til Kristiansand at dei dreg ut av eigen kommune for å tene til det daglege brødet. Folk som bur i Setesdal vil som oftast ha lenger veg når dei pendlar. Men dei som pendlar i tettbygde strok har ein heilt annan trafikk å forhalde seg til. Å pendle mellom Kristiansand og Mandal dagleg ville gitt meg lenger køyring enn når eg pendlar mellom Mandal og Valle kvar veke. Og truleg ville eg brukt ein del lenger tid i bilen, for tettleiken i trafikken er så mykje større. Difor er det viktig å få på plass betre vegar både på E18 og E39, sjølv om det for oss i Setesdal er viktigare med Gul midtstripe til Hovden.

Når folk pendlar ut av eigen kommune, er det nok fordi dei synest den jobben dei pendlar til er verdifull for dei, at den er meir verdifull enn ein jobb nærare heimstaden ville vore. For meg er det å arbeide i miljøet i Valle ein rikdom som gjer at eg held fram som vekependlar og komande skuleår. Dermed kan eg få vere med i Valle Radio også komande semester, og tysdagssendingane vil starte 13. september. Onsdag 7. september blir det valsending frå kommunestyresalen. Om nokon pendlarar kjem til å vere med der, er nok tvilsamt, men det er sikkert nok av andre aktuelle emne å ta opp.