Troll i ord

Share

Noen ganger går det troll i ord. Det betyr at det blir som man sier. Og det skjedde i går, selv om jeg bare var indirekte involvert. Nå skal jeg fortelle den utrolige historien.

Jeg er lærer for en klasse utlendinger som lærer norsk. I går arbeidet vi med en øvelse som gjaldt å be om hjelp. I den forbindelse konstruerte vi noen situasjoner hvor elevene skulle be om hjelp etter at det var skjedd en ulykke.

En av disse ulykkene var at en bil hadde kjørt utfor veien og føreren satt fast og kunne ikke komme ut av bilen. Da måtte eleven ringe etter hjelp, og forklare situasjonen.

Samtidig som vi øvde på dette, var elevens samboer på vei til Hovden. Det var kommet snø og bilen han satt i, hadde en lang tilhenger. Plutselig fikk tilhengeren skrens og kom på tvers, slik at den traff en annen bil. Elevens samboer opplevde da det vi øvde på i klassen, han satt fast og kunne ikke komme ut av bilen. Men de fikk ringt etter hjelp, og etter en stund fikk de ham løs. Bilen som de traff, ble vraket, airbagene ble utløst, men ingen ble skadet.

Heldigvis var det et snilt troll.

Fjell og nutar 3 utseld i Øvre Setesdal

Share

Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Reidar Tveito no i kveld. Han hadde teke ein ringerunde til butikkar som selde Fjell og nutar 3 Valle og Bykle (forkortar tittelen noko). Dei var utselde eller praktisk talt utselde, så han nytta den fine måndagen til ein tur oppover dalen for å supplere der dei trong ekstra hefte.

Han gjer det straks han ser trong for det. Eg hadde jo likt at han hadde venta til i morgon ettermiddag, då kunne han vore med i Valle Radio og fortald frå turane sine direkte. No må eg kåsere om heftet til 130 kroner som sel så godt i Øvre Setesdal no i haust. Gjennomillustrert med fargebilete frå sju fjellturar til dei høgaste toppane i tre kyrkjesokn, pluss ein bonustur:

Beinleinuten, 1303 moh, gamle Hylestad kommune, vesthei
Urdalsknuten, 1434 moh, gamle Valle kommune, vesthei
Glåmsheii, 1224 moh, gamle Hylestad kommune, austhei
Kaldeskardnutan, 1342 moh, gamle Valle kommune, austhei
Snjoheinuten, 1438 moh, fin tur, men til feil topp i Bykle vesthei (bonusturen)
Austre Kaldafjell, 1452 moh, Bykle vesthei
Sæbyggjenuten, 1504 moh, Bykle austhei

Mange trur at det er Ljomsnuten som er høgaste fjellet i Valle austhei, men Kaldeskarnutan er over 80 meter høgare. Men det ligg nord for Riksveg 45 på vegen til Dalen, på grensa til Bykle, og mange tenkjer kanskje ikkje at det er i Valle, noko Reidar Tveito altså har prova og fortalt frå turen dit i heftet sitt.

Heftet kom ut i september, og når det no har seld så godt, spørs det om det er noko att til jolegåver i desember. Eg trur han må trykkje nytt opplag, første opplaget var 200 hefte, kan hende må han lage 100 til før folk er nøgde. Heftet er jo ein del av ein serie på tre, der han fortel om turar til toppar på begge sider av Otra frå Kristiansand til Hovden. Slik hjelper han oss til å verte litt meir kjende i naturen som er rundt oss. Mange kjøper dei to første heftene og, slik at dei kan ha alle tre. Lette å lese og mange fine bilete å sjå på, det burde jo vere midt i blinken i vår tid.

Frivillighet

Share

Dei seinare åra har ein prøvd å institusjonalisere frivillighet. Det er organisert frivilligsentralar som prøver å kanalisere frivillig arbeid til beste for grend og bygd. Men uavhenig av slikt organisert frivillig arbeid lever eit frivillig arbeid som ein bare må ta hatten av for.

I dag las eg om Blå Kors på Evje i Setesdølen. Speidarane til Blå Kors på Evje har halde på i 30 år, og det var vel verd ei feiring. Dei har til og med fått ny storstove. Men då eg las artikkelen litt grundigare, og Setesdølen er i grunnen ikkje tjukkare enn at ein godt klarer å lese alt saman før neste nummer kjem, såg eg at det har vore blåkorsforening på Evje sidan 1915. Første året hadde dei 200 innskrivne medlmmer. Det var kvinneforening, jentelag, barnelag og handskriven avis. Heilt fram til 1994 var medlemspengane ei krone. Det er så ein mest ikkje trur det ein les. Og speidararbeidet der har ikkje kosta samfunnet noko, det er eg viss på. Opp til 110 speidarar har det vore, no er det 60.

I våre dagar er det ikkje så populært å ha ein fråhaldsstandpunkt, og mange kristne går frå å vere utan alkohol til å praktisere måtehald. Eg skulle nok helst ønske at ein praktiserte frivillig fråhald frå rusmidlar, og eg har vore erklært totalist det meste av livet etter at eg dei første vaksne åra var det i praksis utan å vere organisert. På Evje har folk altså i mest hundre år frivillig arbeidd for å gje barn og unge haldningar mot rus gjennom Blå Kors sitt speidararbeid og anna blåkorsarbeid. Det er ein frivillighet det står respekt av.

Setesdal Regionråd oktober 2011

Share

I kveld var Signe Sollien Haugå i studio i Valle Radio og fortalde om Setesdal Regionråd sitt arbeid. Først tok Ørnulf Hasla ein telefon til Bjørn A. Ropstad, ordføraren i Evje og Hornnes ser ut til å bli den einaste som held fram i regionrådet etter valet. Regionrådet er sett saman av ordførarar og varaordførarar, og Bjørn var vel den einaste som vart attvald i dei fire kommunane som er saman i regionrådet. Kay Jeiskelid hadde tenkt å halde fram, men i Bykle vart det utskifting. Bjørn og Ørnulf snakka litt om det store arbeidet han har gjort for Riksveg 9, og at det var viktig å halde oppe trykket i vegsaka også når Kay ikkje lenger er i Setesdal Regionråd.

Setesdal Regionråd vil etter alt å døme ha desse med frå hausten 2011: Frå Bykle kjem Jon-Rolf Næss og Tor Hallvard Mosdøl. Frå Valle kjem Tarald Myrum og Frode Verpe. Frå Bygland kjem Leiv Rygg og Olav Neset. Frå Evje og Hornnes kjem Finn Bjørn Rørvik i tillegg til Bjørn A. Ropstad. Det er artiklar om dei fleste av desse på Setesdalswiki, og vonleg kjem det biografiar om alle etter kvart.

Evje og Hornnes har kome gjennom omstillinga på ein god måte, men regionen treng auke i folketalet, ikkje bare i Valle og Bygland, men og i Evje og Hornnes og Bykle. Bulyst og arbeidsplassar er sentrale omgrep i denne samanhengen. Det politiske miljø må samarbeide for å få dette til, sa Bjørn A. Ropstad.

Deretter snakka Ørnulf med Signe om Smaken av Setesdal. Det er eit nydeleg hefte som fortel om noko av alt det ein har når det gjeld mat i Setesdal. Regionrådet laga ei utstilling til Naturligvis 2011, ei utstilling som og vart sett opp på Setesdalsgildet 2011. I heftet er det både serveringsstader og produsentar av kortreist mat. Det er mange som driv med dette i Setsdal, og heftet gjev ein fin presentasjon av nokre av dei.

I samtalen var dei innom mange emne. Du kan sjå på Setesdalswiki, der har eg eit lite referat frå samtalen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._oktober_2011

Arne Skare er blitt vikarprest

Share

Det gledde meg å lese i Fædrelandsvennen i dag at Arne Skare har fått jobb som vikarprest i Nord-Hålogaland bispedømme og at biskop Per-Oskar Kjølaas har gjeve han ein ny sjanse.

Avisa fortel at Arne Skare har sona dommen på 30 dagar fengsel sjølv om han held fast at han er skuldlaus i det han vart dømt for. Kjølaas fortel til Johs. Bjørkeli at det er positive tilbakemeldingar på tenesta Arne Skare gjer.

Eg er glad for at Kjølaas gav Arne ein sjanse til å tene som prest. Som prostiprestevikar står han i ein samnaheng der han kan gå inn i oppgåver og få støtte undervegs. Han vil ha nokon å rådføre seg med i større grad enn ein kanskje har som sokneprest aleine i eit prestegjeld. Sjølv seier Arne Skare til journalisten at han ikkje har noko ønske om at det skal slåast stort opp at han no er prest att. «Nå vil jeg bare gjøre mitt beste i jobben min og leve livet mitt som en skikkelig kar.» Det synest eg er ei god målsetting for ei teneste som prest så vel som for andre jobbar.

Difor vil eg ønske han lukke til med tenesta.

Heile dalen oktober 2011

Share

Fredag 7. oktober 2011

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

Program:

18.00 Aktuell time ved Ørnulf
Opptak med Annemor Sundbø
Christer Helgesen, som er ny dagleg leiar på Coop Valle BA (Valle handel), kjem i studio

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Setesdal Regionråd informerer ved Signe Sollien Haugå
20.00 Opptak frå forfattarkveld med Gaute Heivoll og Paal-Helge Haugen
21.00 Open sending. I studio er Ronny Stavsholt og Kåre Rike

Mail, post@valleradio.com

Høyr Valle radio på nett, www.valleradio.com

Følg oss og på Valle radio si Facebook side.

Meir informasjon på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Haustferie 2011

Share

I dag stod det i annonsen for Valle Radio at det ikkje var sending tysdag i haustferien og at onsdagssendinga gjekk ut. I staden vart det sending til heile dalen fredag. Programmet for den sendinga kjem i fredagsavisa.

Då klokka var seks i kveld, tenkte eg på sendinga som altså ikkje vart gjennomført i dag. Eg har no prøvd å skrive litt på Setesdalswiki i staden, men det er rart å sitje heime og sjå på TV ein tysdagskveld mellom 18 og 22, det er heilt ukjende program for meg, ettersom det er den tida eg til vanleg er i radioen.

For sjølv om kroppen min er i Mandal, er det nok slik at ein stor del av tankane mine er i Setesdal. Etter at eg tok til å skrive på Setesdalswiki, leitar eg i gamle og nye nummer av Setesdølen for å finne stoff, som eg så tilpassar leksikonformatet og lagar artiklar om. I veka før haustferien starta, hadde vi 1700 artilar, no nærmar det seg 1800. Kan hende når eg målet før haustferien er slutt. Då kan ein jo seie at det har vore ein produktiv haustferie, sjølv om eg ikkje har plukka ei einaste potet.

Medan eg sat og skreiv dette, kom Annemor innom på Facebook og takka meg for gårsdagens blogg. Ho var svært nøgd med opplevinga i går, naturleg nok. Her er ei lenke til NRK Sørlandet sitt intervju med henne i høve at ho vart tildelt statsstipend frå 2012: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7820158?utm_source=twitterfeed&utm_medium=twitter

Har det skjedd noko anna i dag. Sjølvsagt har det det. For ein som er oppteken av Wikipedia, sjølv om eg ikkje skriv så mykje der noe som tidlegare, er det litt dramatisk å oppleve at italiensk wikipedia har gått til streik. Vi har jo sett at dei streikar i Hellas, men i Italia får ein ikkje lese på Wikipedia i kveld. Det skuldast at det blir føreslått å innføre ein lov der ein som er misnøgd med ei side på Internett, kan klage, og då må den som eig nettsida gjere som klagaren seier. Ikkje rart om wikipediafolk protesterer, for om dei har skrive ein artikkel og det er ein som ikkje likar det, vil han kunne kreve artikkelen fjerna. At ein snakkar saman om korleis ein artikkel skal vere, er heilt naturleg i wikipediamiljøet, men ikkje at nokon som ikkje skriv, skal kunne bestemme.

Så du skjønar at haustferien 2011 byr på litt av kvart.

Annemor blir statsstipendiat

Share

Gratulerer så mykje, Annemor Sundbø!

Å verte statsstipendiat for arbeidet med strikking er vel fortent og burde gje deg høve til å arbeide på ein annan måte no når ei årleg inntekt på 391.000 kroner kjem inn på kontoen. Ho vart fullstendig overrumpla då ho kom på kontoret til kulturminister Anniken Huitfeldt i dag og trudde ho skulle snakke om strikking til utanlandske gjester, og så i staden vart gratulert som statsstipendiat. Aftenposten har skrive om det her: http://www.aftenposten.no/kul_und/article4245234.ece og det biletet av henne i artikkelen seier noko om kor overraska ho vart.

Annemor har vore med i Valle Radio mange gonger. Mest kvar gong ho har kome med ei ny bok, har eg hatt henne med for å fortelje om boka. Ho har nok av og til opplevd at folk i Valle har hatt andre synspunkt enn henne på spørsmål som gjeld Setesdalskofta. Men granskinga hennar har omfatta så mykje meir enn den, så ho har mykje å snakke om. Ho har og formidla norske strikketradisjonar til andre land og vore mykje både i inn- og utland for å fortelje om skattane i fillehaugen og beslekta emne. Ho har likevel alltid tid til å slå av ein prat, og i sommar fortalde ho mykje om arbeidet med purpurfargen ein dag eg tilfeldig møtte henne på Tappen på Bygland.

Engasjementet hennar gjeld ikkje bare strikking. Ho er levande oppteken av Ose og aktivitetane der. Sjølv om ho er manntallsført i Kristiansand, har ho Ose Ullvare som den viktige stasjonen i Norge når ho ikkje er ute og reiser.

Det er forresten pussig at vi faktisk har tre statsstipendiatar frå Ose til Rysstad. Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum er og utnemnde til statsstipendiatar. Tre av tretti held altså til i Setesdal. Ordninga er laga for å gje ei handsrekning til folk som arbeider med smale emne og ikkje har så lett for å bli knytt opp mot ein vitskaplege institusjonar eller kulturinstitusjonar. I dag er stipenda fordelte innanfor desse felta:
Litteratur, inkludert dramaturgi og oversetting 13
Forskning/akademia 8
Musikk/folkemusikk 4
Kulturarv/kyrkje 2
Billedkunst 1
Tekstilhandverk 1
Fotografi/film 1

Gratulerer atter ein gong!

Haustferie

Share

Etter å ha vore på forfattarkveld i Valle fredagskvelden, let eg sauesjå vere sauesjå og starta på turen til Mandal tidleg laurdagsmorgonen. Det var helst mørkt og nokre tåkedottar, men etter kvart som det lysna skjøna eg at dei kom til å få ein fin dag i Valle. Britta Lise var paparazzi-fotograf og la ut mange bilete frå dagen på Facebooksida til Valle Radio: http://www.facebook.com/permalink.php?story_fbid=240847669299595&id=100000615957133&ref=notif&notif_t=share_comment#!/pages/Valle-Radio/315158359845 (Eg veit ikkje om ein kan sjå sida utan å vere innlogga på Facebook, men eg prøver no likevel å leggje ut lenka.)

Som bileta syner, var det nydeleg ver og mykje folk på heile arrangementet. Ved å ha Setesdals sterkaste mann klokka 16, vart nok dagen strekt ganske langt for mange, For ut frå bileta ser det ikkje ut til at særleg mange gjekk heim før det arrangementet var slutt.

Deltakarlista var slik:
Bjørgulv S. Lund
Geir Ola Nomeland
Torgeir Straume Hjelmås
Bjørgulv Harstad
Mikael Harstad
Ole Henrik Trydal
Kjetil Omnes
Tom Inge Trydal
Johnny Steig
Torleiv Rysstad

Det synte seg at ein byglending gjekk av med sigeren. Resultatlista vart slik:

1. Kjetil Omnes aka Mr KO (KST)
2. Ole Henrik Trydal (ingen strongman klubb foreløpig)
3. Torleiv Rysstad (KST)

Og det er ein tråd på denne lenka der ein kan få vite meir:
http://www.treningsforum.no/forum/index.php?PHPSESSID=coejegtqf9ck6adok13q2ndvin6vru18&topic=113423.msg1695509#msg1695509

Valle Radio hadde sending frå arrangementet både tidleg på dagen og under Setesdals sterkaste mann. Tidleg på dagen var det Ørnulf og Bjørgulf som var bak mikrofonane medan Jørund Georg og Kjetil Carolis styrde teknikken. Under konkurransen var det Helge Dahle som var speaker.

Ljomsnuten

Share

I dag skreiv eg ein liten artikkel om Ljomsnuten på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ljomsnuten Eg visste ikkje så mykje om fjellet frå før, så eg gjorde eit søk med Google, og då kom eg til ei lenke med ein kommunepresentasjon. Der las eg: I Rjuvenområdet på Vestheia er det fleire toppar over 1400 m.o.h. På Austheia er Ljomsnuten den høgaste med 1268 m.o.h.

No har det seg slik at eg i samband med at eg lagar Setesdalswiki, har skrive om boka til Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 Han har vore på Kaldeskardnutan på 1342 moh. Sjå:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra_3

Dermed måtte eg tilbake til boka til Reidar, for å finne ut meir. Etter å ha sett litt i den boka lurer eg på om ein i Valle ikkje reknar området mellom Bjørnevatn og Bykle til å høyre med til Valle kommune, for Kaldeskardnutan ligg i det området, ein kan gå opp Mjågeskor for å kome til høgaste fjellet i Valle kommune på austsida. Som kartet i artikkelen på Setesdalwiki syner ligg Ljomsnuten søraust for Valle kyrkjebygd.

Eg meiner nokon bør oppdatere informasjonen kommunen sender ut om kva som er høgaste fjellet på austsida av dalen. Her er nokre lenker:
http://tomter.no/kommune.php?newsid=1068&pageid=4 (litt nede på sida)
http://www.karriereguiden.no/valle-kommune-har-litt-over-1-400-innbyggjarar-68045.html (sjuande linje)
http://www.valle.kommune.no/modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=620&Category.ID=1144 (Tredje avsnitt)

Truleg er det den siste lenka som er grunnlaget for dei to første. Den kan ein eller annan i Valle kommune fikse.