Variert Aktuell time

Share

Sendinga onsdagskvelden starta med ein aktuell time, og eg fekk med meg noko som eg skreiv i artikkel om sendinga på Setesdalswiki, sjå
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._desember_2011

Men eg tek det med på bloggen og, så kan dei som ikkje fylgjer setesdalswiki sine artiklar, sjå kva dei går glipp av:

17. mai-bok
Intervju med Bjarne Tveiten om den nye 17. maiboka som tar for seg feiringa i Setesdal og Øvre Telemark. Intervjuar: Ørnulf Hasla. Lanseringa skjer laurdag 17. desember 2011 i Frikyrkja i Valle. Der startar ein klokka 11, og klokka 13 kjem ordførar Tarald Myrum og fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund for å vere med. I tillegg vert mange av forfattarane med der, dei kan signere bøkene.

Utan kjettingar
Om den polske sjåføren på sommardekk i Bykle. 11.000 i bot, betaling for Viking-hjelp frå Åmot, kjøpe kjettingar, få hjelp til å legge dei på, så retur til Kristiansand, og etter 100 meter stoppa han og tok av kjettingane att. Truleg fekk han nye 11.000 i bot.

Om brannvern i adventstid
Torleif Homme: Brannvern i desse førjolstider. Desember er skrekkmånaden når det gjeld brann. Difor er det ein sentral aksjon når det gjeld brannvern. Brannvarslarar bør vere seriekopla, og det er betre med mange varslarar enn for få. Ikkje er dei så kostbare heller. Lysmansjettar er ein stor årsak til brann. Ofte gløymer ein å sløkkje lysa når ein skal legge seg, for det er mange elektriske lys som står på heile tida, og då gløymer ein stearinlysa. Også ved fyrverkeri til nyttår er det viktig å tenke brannvern. Men i haust har det vore stille på denne fronten og det er vi glade for. Ei side på internett kan hjelpe: tryggogsikker.no

Då antenna bles ned
Reidar Trydal: Om kva som må til for at sendingane våre kjem på lufta og kva som var feil sist veke. Begge antennene på omformaren i Bykil fall ned, og ledningen vart også øydelagt. Først på tysdag var veret slik at vi kunne kome over elva, vi hadde bare ein liten gummibåt, og elva fraus mest. Ikkje var det skiføre, ikkje scooterføre, så dei måtte bruke truger, og så måtte dei ha stolpesko for å kome seg opp og få reparere. I tillegg måtte dei få tak i utstyr, og det måtte bestillast. Dermed tok det ein del tid før alt var klart att.

Ein variert kveld, med Ronny Stavsholt til å binde det heile saman. Velgjort!