Julegave og Setesdalswiki

Share

Mange av oss har nok undra på kva ein skal gje til julegave dette året. Dei siste vekene før jul kom to bøker som godt kunne brukast til julegave, eg tenkjer på 17. mai-boka og boka med bileta til August Abrahamsen. Bøkene til Reidar Tveito om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra høver godt til folk som anten planlegg tur til fjells til sommaren eller folk som lik meg ikkje har tenkt seg på tur, men godt kan tenke seg å lese om andre sine turar.

No er julekvelden over og mange har nok fått bøker i julegave. Det har eg og. Ei bok av John Hardang om historien bak songar og salmer er noko eg alltid set pris på, den kan vere høveleg som grunnlag for minst ein sangkveld i Valle Radio etter nyttår. Å supplere med historia bak songane kan vere interessant mange gonger.

Men årets julegåve fekk eg av Helge, son min, som og er med i arbeidet med Setesdalswiki. Han styrer det datatekniske, eg skriv artiklar. Han hadde funne to t-skjorter som han hadde trykt på logoen til Setesdalswiki. Eg vart rimeleg overraska over den julegaven, kunne knapt seie noko ei lang stund etter at eg hadde pakka ut den mjuke pakken.

Historia bak denne julegaven var altså at han hadde fått laga logo på ein film som han printa ut før han kom heim til jul og så hadde han fått hjelp av Reidun til å stryke logoen på t-skjortene. Det var jo ein julegave som passa godt, i desember har Setesdalswiki vakse ganske godt og har no snart 2200 artiklar. Besøkstalet ligg over 200 pr. dag fleire dagar i desember, til no er gjennomsnittsbesøket om lag 170 pr. dag denne månaden.

I desember laga eg ein julekalender der tanken var å ha eit nytt bilete kvar dag frå 1. desember til julaftan. Eg fekk bruke bilete som folk delte med seg på Facebook, alle bileta var frå Setesdal, og dei fleste var relatert til desember. Takk til alle som gav Setesdalswiki ein bilet-julegave. Nokre handla om hendingar i desember, nokre var naturbilete. Målet mitt var og at eg skulle skrive artiklar relatert til bileta. Det har eg ikkje klart enno. Men vonleg kjem dei artiklane som manglar med tida.

I samband med felles kommunestyremøte for alle kommunestyra i Setesdal 15. desember, der eg fekk presentere Setesdalswiki, fekk eg inn 20 biografiar om kommunestyrerepresentantar. Eg har att to å skrive før eg er ferdig med alle eg fekk inn. Med ei slik Setesdalswiki-uniform bør inspirasjonen til å skrive ikkje verte dårlegare i dagane som kjem.