Gamle aviser og gamle saker

Share

Du som les bloggen min, veit at eg har arva eit tusentals, for ikkje å seie fleire tusentals gamle aviser. Då Valle kommune rydda i arkivet sitt i vinter, fekk eg overta Setesdølen i mange årgangar, fint sorterte i arkivboksar.

No har eg starta med å skrive avisene inn på Setesdalswiki. I samband med dette, vert det jo til at eg les ein del av det som står der. Gamle aviser vert som nye, det har eg meint i årevis og for meg er ei gammal avis alltid ei kjelde til interessant nytt. Ofte vil perspektivet eg har frå hendingar etter avisa kom ut, gjere stoffet interessant og nokre gonger rikare. Difor er det vanskeleg for meg å kaste aviser. Men i det siste har eg blitt betre, for det første kjøper eg ikkje så mange aviser som eg gjorde før, for det andre, så kastar eg dei nesten som normale folk gjer, det vil seie etter ei lita veke.

Men gamle Setesdølen kan ein jo arkivere. Eg er ikkje aleine om det, og når prosjektet med å leggje inn overskriftene i gamle Setesdølen er fullført om nokre år, vil alle som har arkivert Setesdølen få ei kjelde til å finne att stoff som har stått i avisa.

I avisa for tysdag 20. februar 2007 fann eg ein interessant notis på side 9. Overskrifta var Klokke og gradestokk i Valle og Hylestad sentrum. Der heiter det at under sist møte i formannskapet i Valle ba varaordførar Olaf Henrik Homme ordførar Steinar Kyrvestad om å syte for fortgang i saka med å få opp gradestokk og klokke i sentrum både i Valle og Hylestad. Ordføraren opplyste at rådmann Arne Tronsen var sett på saka, og skulle syte for at sentrumsområda i båe bygdene får både klokka og gradestokk på plass med det første.

Etter det eg veit, ordna Valle Sparebank saka i Hylestad, for på endeveggen av bankbygget kan ein greitt lese både tid og temperatur når ein er på Rysstad. Men i Valle er det, så langt eg har kunna sjå, enno ikkje kome noka klokke eller gradestokk, i alle fall ikkje som vender ut mot sentrumsgata. Eit slikt instrument burde kanskje setjast opp på det gamle kommunehuset, der ville det vere lett synleg når ein er i sentrum. Alternativet kunne vere å få det opp på nordenden av det nye kommunehuset, då ville ein sjå det når ein køyrer opp til sentrum.

Alle dei tre som er nemnde i notisen i Setesdølen nr. 14, 2007 har no slutta i rollane dei hadde for fem år sidan. Men vedtaket ligg vel framleis for å verte utført i ei eller anna skuff på Rådhuset. Kan hende er det på tide å få det opp av skuffa og få bestilt gradestokk og klokke til Valle og.

UDI og oss vanlege folk

Share

Før kunne utlendingar med opphald i Norge få fornya opphaldet hos den lokale lensmannen, men frå nyttår må dei til eit sentralt utlendingkontor. For oss i Agder politidistrikt ligg kontoret i Kristiansand, og små og store må ta bussen til byen når fristen nærmar seg for fornying av papira. Etter kvart har sikkert folk både i Bykle og i Vågsbygd oppdaga at den dagen dei skal til politiet, må dei ta seg fri heile dagen. Dei som bur på Hovden veit at det er ein fire timars busstur kvar veg, så dei treng å avtale timen midt på dagen og vone dei slepp inn før kontoret stengjer. Om dei ikkje har alle papira korrekt med seg, må dei reise ein ny tur. Ein skulle tru at utlendingar ikkje har jobbar når ein legg opp eit slikt system.

Grunnen til at eg skriv dette, er eit innlegg eg las i Morgenbladet: http://morgenbladet.no/samfunn/2012/kjaere_ida_borresen

Der skriv ein journalist som er gift med ei kvinne frå Mexico om opplevinga hennar då ho skulle fornye opphaldsløyvet i Oslo. Eg opplever ikkje at det han fortel der, er slik eg synest at vi skulle la utlendingar møte Norge, og eg tenkjer med skrekk og gru på om det er slik vi ville like å møte eit anna land om vi for ein periode skulle busette oss der.

UDI har altså organisert det slik at det er eit sentralt utlendingskontor hos politiet i kvart politidistrikt som er den etaten folk må vende seg til no. Før kjende politiet i kvar kommune dei utlendingane som budde i kommunen, dei vart møtte som vanlege innbyggarar i kommunen. No er dei som kjem til det sentrale kontoret ukjende for folka som skal hjelpe dei, med alle dei problem det kan medføre, noko som kjem tydeleg fram i innlegget i Morgenbladet.

Før kunne folk ta ein time fri frå jobb eller skule og møte hos det lokale politiet, no går heile dagar bort i reising og venting. Nokre fleire papir vert nok likt handsama ved den nye ordninga, men samfunnsøkonomien i det heile kan neppe gå i pluss når det ligg bortkasta dagsverk bak dei same papira. For ein utlending utan bil i Valle betyr det at han må reise klokka 7.20, møte hos politiet klokka 11, vente til bussen går heim klokka 16 og kome heim klokka 19.15. Permisjon frå jobb for å møte hos politiet betyr tapt arbeidsforteneste og nærare tusen kroner i reisepenger og mat. Før kunne han ha ein utvida lunsjpause eller ein time fri, gå innom hos politiet og vere tilbake på jobb. Og mangla eit papir, kunne han levere det neste dag utan ekstra kostnad.

Slik vil me vanlege folk at det skal vere også i 2012. Men UDI ville noko anna, og tusenvis av utlendingar over heile landet fekk eit vanskelegare liv. Diverre trur eg ikkje det blir betre om toppsjefen i UDI no vert direktør på Stortinget. Dei vil nok ikkje reversere systemet, men dei burde gjort det.