6. mars 2012

Share

Det vart ein flott bursdag for Niklos i dag. Eg henta han på Besteland klokka fire, og så hadde vi elgkarbonade på Sylvgarden før vi gjekk i radioen. Medan eg starta opp sendinga, rakk han ein tur på Valle Bygdeheim for å helse på mor si, noko som jo høver godt på sin eigen bursdag, det er merkedag i livet for både mor og son.

Medan han var på tur i Valle-bygda, fekk eg besøk av Siri Johannessen i studio. Ho hadde lagt opp eit interessant utval av sangar til sangkvelden. Her var det både engelsk og nynorsk, kjent og ukjent, kjende musikarar og ukjende sangar. Så mange fasettar og like vel ein rød tråd gjennom programmet: Livsvandringa kan arte seg ulikt, men det er godt å kunne ha ein himmel over henne.

I sendinga i kveld hadde eg ein post som heiter Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Der var det artig å kunne ta med at verdsleiaren i Adventistsamfunnet hadde fått heder av Kong Harald, han var blitt Kommandør av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. Ein av familiane frå Burma som no bur i Valle, er adventistar, og kunne kanskje dele hederen med den tidlegare verdsleiaren Jan Paulsen.

I den same programposten fekk vi vite at det er 40 gjenbruksbutikkar for NMS i Norge etter at det vart opna ny butikk i Trondheim. Ein av butikkane ligg på Evje, forresten, men det visste du nok.

Elles fekk vi og vite at den nye leiaren av Norea Mediemisjon, som eg samarbeider med om stoff til sendingane tysdagskvelden, heiter Per Birkeli. Han tok over etter Tore Askildsen, som vart ordførar i Mandal i haust.

Så runda Niklos av kvelden med musikk av Pachelbel og Buxtehude, kantatar og orgelmusikk av høgaste klasse. Jo det vart ein bursdag ein kunne minnast.