Dugnad

Share

Det er mange slags dugnader. I kveld var det dugnad i Valle sentrum, i regi av Valle bygdekvinnelag, Valle Sentrumsforening og Valle kommune. Dei burmesiske elevane våre møtte opp klokka fem og gjekk i gang med luking og rydding av ugras utanfor skulen i god samhandling med norske deltakarar, og det såg ikkje ut til at ei regnbyge la særleg dempar på arbeidet.

Sjølv tok eg ein pause i min Setesdalswiki-dugnad og tok ein tur til Rysstad for å få tak i ei bok på biblioteket. Deretter fekk eg ein hyggeleg prat på Statoil. No var Gunnar komen attende frå syklinga i Tyrkia og ferien etter 600 km på sykkelsetet. Det hadde gått godt, sa han, men då eg antyda at han kanskje fekk sjå litt meir av Tyrkia på denne måten, var han meir forsiktig. -Når fem personar syklar i lag, må ein halde auga på hjulet foran og prøve å unngå glass-skår og steinar som kan skape uhell, sa han, så å sykle på den måten var ikkje å anbefale om ein skulle sjå på landskapet rundt seg.

Men snart snudde eg nasen heimover att, og då eg kom tilbake til Valle klokka halv ni, hadde dugnadsfolket hatt seg matpause i kommunehuset og var i gang med innspurten. Sjølv fann eg datamaskina att og tok til å skrive litt på Wikipedia. Det er jo den leksikon-dugnaden som har gjort at eg også held på med Setesdalswiki-dugnaden, utan Wikipedia hadde det ikkje vore noko Setesdalswiki. Så eg prøver å vere med litt på den dugnaden og, sjølv om det meste av tida min no går til det lokale leksikonet.

I dag skreiv eg ein liten artikkel om Evje Steinindustri på Setesdalswiki.Dei var på dugnad i Valle i dag og retta opp steinar på kyrkjegardane, folk kunne bare møte fram, så ville folka frå Evje gjere jobben gratis, slik at gravsteinane skulle stå rett og fint. Her er lenke til artikkelen, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Evje_Steinindustri

Ein tanke om “Dugnad”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *