Signalbygg

Share

Har vi ikkje signalbygg i Valle sentrum?

Den planen vi såg i Setesdølen for nokre dagar sidan ville ha eit signalbygg der Menighetshuset står. Det såg ut til at mykje skulle få plass der, om nokon med pengar ville byggje, då.

Men vi har jo opp til fleire signalbygg i Valle sentrum alt. Det siste tydelege signalbygget er Bergtun Hotell, som diverre står stengt i sommar, det var ikkje lønsamt å drive butikk og kafe der. Tina går frå bleie til pleie, tøybleier var ei gullgruve ei viss tid, men etter det eg skjønar, er den tida over og forretninga har måtta setje tæring etter næring. Slik er det vel med fleire aktørar, ein må setje tæring etter næring. Då vert det lite plass for ei satsing.

Gunnar Stubseid hadde eit innlegg i Setesdølen tysdag 17. juli 2012 side 8 der han kommenterte planane om opprusting av Valle sentrum. Han skreiv: Valle sentrum treng eit kulturhus som kan gje plass til mindre arrangement i sentrum, mindre festivalar og andre kulturelle tilskipingar. Her må det også vere serveringsmoglegheiter, og ei permanent måleriutstilling (m.a. samlinga til Valle Sparebank) og nytt bibliotek ville høve bra i eit slikt kulturhus.

Han peikar på noko viktig, nemleg at sentrum i Valle ikkje har noko godt anlegg for ulike samlingar. Det er for langt unna sentrum å satse på Spelestoga for småarrangement. Folk vil vere i sentrum når dei skal ut på kulturelle og kommersielle tiltak og helst bør dei kunne kombinerast. Det ser ein i satsinga på Ose, der alt skjer i gata mellom Coop og Turistheimen. Parkering bør og vere nært der det skjer. Det same ser vi på Evje, det meste skjer midt i sentrum.

Sentrum i Valle er på mange måtar ideelt til tilsvarande arrangement som det vi har sett på Ose. Men staden å møtast når regnet kjem, den manglar. Kan hende skulle signalbygget vore glasstak over heile gata i Valle, slik dei har laga i Bodø. Då hadde ein hatt eit naturleg rom å samlast i.