Toppturar

Share

I dag skreiv Reidar Tveito på moisund.com om ein tur han tok til Gaustatoppen måndagen. Du kan lese om det og sjå bileta her: http://www.moisund.com/2012/07/20/pa-tur-til-gaustadtoppen/

Bileta synte at det helst var kjølig, eg hadde nok nytta meg av jernbanen inne i fjellet i staden for å gå tre timar oppover i steinura om toppen hadde frista meg. I morgon vil han til eit anna fjell. Då står Vassdalseggi for tur. Det ligg på grensa mellom kommunane Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark og er med ei høgd på 1658 meter over havet det høgaste fjellet i Rogaland fylke.

Samstundes les eg at på Jordbærfestivalen i morgon skal det vere ei orientering om Ti toppar-opplegget som Otra IL organiserer i nedre Setesdal. Der kan ein kjøpe ein konvolutt med kart, og så går ein til ti toppar i løpet av ein sesong, som varer frå 1. januar til 15. desember, folk går på ski og til fots, det var seld 450 kart i år. Medan barn kan klare seg med fem toppar, må vaksne deltakarar ha alle.

Dei sprekaste let det gå sport i dette og, rekorden for å ta alle toppane på ein dag er nede i 12 timar og 35 minutt.

Sjølv sat eg og såg ein topptur frå Lysebotn til Ørnereiret på TV i går kveld. Der sprang Therese Johaug opp bakkane på rulleski som om ho hadde eld i baken, og dei franske skiløparane danka ut heile Norgeseliten i denne slitsame toppturen. Hyggeleg for deltakarane at det var så mange som tok turen for å sjå på og heie dei fram til målstreken. Og godt gjort av Aron Åkre Rysstad å bli nr. 3 i sin klasse på den styrkeprøven.

Mange står og rundt løypa og får eit glimt av Edvald Boasson Hagen og dei andre syklistane i Tour de France. Sjølv får eg med meg deler av rittet på TV om det høver og kan ikkje anna enn å la meg imponere over fart og spenning til siste sekund på eit ritt på over to hundre kilometer.

TV på sitt beste er topptur nok for meg.