Ein lokalhistorikar frå Mandal

Share

I morgon skal eg møte Tor Fuglevik på Buen Kultursenter klokka 11.30. Vi skal snakke om ein lokalhistorikar frå Mandal, Lauritz Fuglevik. Tanken er at eg skal skrive ein artikkel om han på Lokalhistoriewiki. Her er ei liste som Dag Hundstad  har laga over artiklar han har skrive:

LITTERATUR AV LAURITZ FUGLEVIK

Forkortelser:
AHÅ = Agder Historielags Årsskrift.
U.å. = Ukjent år.

Fuglevik, Lauritz. 1928. En fottur gjennem Europa i 1801. Lindesnes. 4., 6., 11.,13., 15., 18. og 20. juni.
Fuglevik, Lauritz. 1929a. Laksefisket på Agderkysten i ældre tid. Laksegarn (kilenot) et flere hundrede aar gammelt redskap. Norsk Fiskeritidende.
Fuglevik, Lauritz. 1929b. Sagn om Saanum kirke. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1929c. Sagn fra Spangereid. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1930 Bjørnesogor. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1931a. Et avsnitt av hummerfiskets historie i Agderfylkene. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1931b. Ulvesogor. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1932. Handelsstedet Harkmark. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1933. De gamle handelssteder ved Mandalselva. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1934. Halse og Harkmark. Lindesnes 17.11., 20.11., 22.11.
Fuglevik, Lauritz. 1935a. Selfangst og hummerfiske i gamle dager. Tråneplomma. Mandal.
Fuglevik, Lauritz. 1935b. Harkmark kirke. Et historisk tilbakeblikk. Samleren. 23.03., 25.03.
Fuglevik, Lauritz. 1935c. Folkeminner og sagn fra kystbygdene i Vest-Agder. Lindesnes 12.04., 15.04., 26.04.
Fuglevik, Lauritz. 1937. Gamle Minne (3 artikler). AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1937. Jon Eskeland. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1995. Sagn om Harkmark kirke. I Dag Hundstad (red.). «La oss bygge et hus for Herren». Mandal.
Fuglevik, Lauritz. [U.å.] Folkeminner fra kystbygdene i Vest-Agder. I–II. «Lindesnes»s føljeton.
Fuglevik, Lauritz. [U.å.,ca. 1931?] Fra det mindste sogn paa Agder. Agder Tidend.

Ein artikkel som gjekk som føljetong i avisen «Lindesnes» i 20-årene ligg på Internett: Fra kapertiden. (Av lærer og lokalhistoriker Lauritz Fuglevik) Der fortel han og om ein av forfedrene til Reidun, Nils Guttormsen Eskelands tid som krigsfange om bord i blokkskibet ”Bahama”. Det er ei spennande historie den gamle læraren trekkjer fram frå 1809. Eg finn ikkje Bahama i lista over British prison hulks på engelsk wikipedia, men fleire andre skip han kan ha vore på er omtalt der.

 

Om kjelder når ein skriv leksikon

Share

I dag vart det ein artikkel om Øyuvsbu på Setesdalswiki. Eg kom over ei bok frå Turistforeninga, Årbok 1992-1996, der det var ein artikkel om hytta. Og då kunne eg jo skrive litt. http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%98yuvsbu

Når ein skal skrive eit leksikon, treng ein kjelder. Tanken er at eit leksikon skal samle og presentere kunnskap som alt finst. Ved å lage ein nettstad som samlar ulik informasjon frå mange kjelder, aviser, bøker og Internett, mellom anna, så vert artiklane ein presentasjon av noko som alt er kjent. Store Norske Leksikon har ein blogg om dette. Der står det:

En leksikontekst er:

Beskrivende, ikke fortellende
Eksplisitt, ikke subtil
Distansert, ikke personlig
Balansert, ikke påståelig
Analytisk, ikke refererende

Les gjerne heile teksten deira her:
http://lillenorske.wordpress.com/2012/07/31/hva-vil-det-si-a-skrive-leksikalsk/

Det er ikkje alltid så lett å skrive slike tekstar. Håkon, barnebarnet mitt på 10 år prøvde seg litt på å skrive om Pisketrost og Pilgiftfrosk på Wikipedia, det var ikkje artiklar om desse der. Men han kom ikkje så langt før han ropa på morfar for å få hjelp til kva han skulle skrive. Regelen er jo at ein kan bruke kjelder, men ikkje forme det på same måten som i kjeldene, og då må ein tenke og kan hende ha ein eigen mal i hovudet eller på eit papir for korleis ein vil skrive ein artikkel. I ein biografi startar artikkelen med namnet og fødselsdato, så kjem gjerne kva vedkomande er kjent for før ein skriv om utdanning, jobbar, hobbyar og familie. Når ein skriv om dyr, må ein få med korleis dyret ser ut (farge, lengde, vekt), kor dyret lever, kva det lever av, kor lenge ungane er med foreldre og slike ting. Når ein har gjort det nokre gonger, går det nok meir automatisk, men det er litt vanskeleg i starten.

Ein blogg er nok lettare, for der skriv ein etter innfallsmetoden. Ovanståande var innfallet mitt i kveld. På den andre bloggen min, Blogg for Harald, skreiv eg om Lauritz Fuglevik, sjå http://blog.setesdalswiki.no/?p=19