Mellom Lille Gyvatn og Launes

Share

I går skreiv eg om Lille Gyvatn i Bygland på Setesdalswiki. I dag utvida Reidar Tveito artikkelen og la til bilete av vatnet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lille_Gyvatn Slik skal Setesdalswiki fungere. Den som veit noko, fyller på artiklane slik at folk får vite meir når dei les artiklane. Samla aukar då kunnskapen om Setesdal for alle.

Som eg fortalde i går, fekk vi besøk vestfrå til Mandal denne helga. I går var dei på spasertur i nabolaget og kom heim att våte som kråker etter å ha fått ei skikkeleg byge over seg. Paraply var ikkje nok til å unngå av sko og klede fekk seg ei bløyte, så i natt stod det tre par sko på badet og prøvde å bli turre att.

Klok av skade tok eg svogeren med på biltur i dag. Vi trilla på svingete vegar til Tregde, Eigebrekk, Harkmark, Ås, Launes, Fuglevik, Dal og Eid før vi snudde heimover via Valand, Håland, Ime og Jåbekk. Undervegs prata vi på telefon med svigersonen til svogeren min og fekk vete kor sommarhuset deira låg. Det var på vegar eg neppe hadde våga meg inn på om ikkje han hadde vore vegvisar over telefon. Kan hende vil dei ha det slik, det reduserer trafikken til å vere dei som har noko der å gjere. Vi fann huset, putekassen hadde vinden velta, nokre blomar stod og på hovudet, så vi gjorde dagens gode gjerning då vi fekk det på rett kjøl att og vonar at neste hauststorm ikkje kjem før huseigarane har vore på hyttetur og berga det som står ute.

Lengst aust i Mandal kommune stikk Tånes og Launes ut i havet, små fjordar og viker stikk seg inn og gjev mange lune plassar der folk kan setje opp hytter. Og hytter har det blitt, men det er visst plass til fleire, for vi så tomter til sals for ein halv million der vi trilla. Det var og hytter for sal i området. Og sjølv om det er mange turistar her om sommaren, kan folk ha det nokså roleg i sine små viker og bukter. Frå landsida er det i alle fall vanskeleg å finne dei.

Vel heime venta middag med rådyr og sviskegrøt på menyen. Det var verd å vente på, rådyr frå Hylestad er snadder anten ein et det i Mandal eller Setesdal.

Haustferie

Share

Så er det haustferietid. Elgen går utrygt i skogane, eg har sett bilete av slakt kome ned frå heia med helikopter også i år. Kanskje ikkje så mange som tek opp poteter i haustferien no lenger, det går helst automatisk for dei med større avlingar, og i hagane plukkar ein vel litt no og då. Elevane på Valle Vaksenopplæring gjorde unna potethausten for eit par veker sidan. Siste veka var det tid for å plukke epler i hagen som høyrer til Kjelleberghuset. Huset står tomt akkurat no, men eplene veks jo, så dei plukka nokre nett og nytta til kaker og anna godt. Eplekake med krem er ikkje å forakte.

I år har det vore smått med plommer i butikkane, og endå mindre av frukt i hagen min i Mandal, der fraus blomane i vår og trea står utan frukt. Plommene verkar å vere prisa høgare en nokon sinne, men eg unna meg nokre, det er ikkje haust utan å ha smakt dei i alle fall. Men dei må vere norske, av ein eller annan grunn er plommer frå lenger sør i Europa ikkje så smakfulle og saftige.

Mor på 95 kom på besøk denne helga, så vi hadde eplekake med is. Det er ikkje å forakte, det heller. Så gjekk praten om laust og fast ut over kvelden. Syster mi og mannen nytta og ei langhelg til å kome saman med henne til Sørlandet, og dei fann høve til ein spasertur mellom regnbygene.

Sjølv unna eg meg å skrive om Lille Gyvatn på Setesdalswiki i dag etter at eg hadde lagt inn overskriftene frå siste nummer av Setesdølen. Så veks vårt regionale leksikon også når det er ferie. Kan hende finn eg nokre gamle aviser eg kan legge inn overskrifter frå, då dukkar det nok opp noko eg kan skrive artiklar om og.

Jan Olsen i Valle Radio

Share

Onsdagskvelden var Jan Olsen i Valle Radio. I ein time prata han og Bjørgulv T. Berg om prosjektet han driv med å samle inn syklar og anna for å dele ut til fattige cubanarar. Jan fortalde ope om problema han møter når tollarar vil ha noko av lasset og om korleis han må snu augo bort for i det heile å få containarane inn i landet. Det er ein del av den brutale røyndomen han har møtt der nede.

Og så fortalde han om gleda som lyser i augo på små barn som får sin første sykkel, og om gleda som lyser i augo på norske gjevarar når dei leverer syklar og veit at dei skal få eit nytt liv på Cuba. Før han kom i radioen hadde han vore på besøk hos Gyro K. Homme, ho hadde ringt han om at ho hadde ein sykkel. Og det var ein heilt ny sykkel som Coop Valle hadde på tilbod. Samstundes hadde ho gåve til Opi sending i Valle Radio, tre skinkeboksar fekk nye eigarar denne onsdagskvelden.

Jan er av dei som snakkar ivrig og engasjert om det han held på med, så samtalen gjekk lett denne timen, bare avbroten av litt musikk, som i grunnen var overflødig, når praten går slik, er det musikk å høyre på. Bjørgulv og Gunbjørg hadde vore på besøk på Cuba, så han var ein god samtalepartnar denne kvelden.

I morgon samlar Jan inn syklar i Bykle og Valle, han er i Valle sentrum klokka 12. Har du sykkel eller klede eller noko anna du vil gi til prosjektet, kan du svinge innom med det, så tek han det med seg.

Ein uvanleg dag

Share

I dag tok eg turen til Valle Bil og Maskin for å få ny lyspære til bilen. Utanfor i morgongryet stod Daniel Rike, han hadde avtalt EU-kontroll for bilen. Vi gjekk saman på Bibelskulen i Staffeldtsgate i 1966 før han reiste ut i Sjømannsmisjonen. Etter at eg kom hit til Valle, har vi møtt kvarandre med ujamne mellomrom, alltid triveleg.

I dag vart han med opp i klassen min og fekk helse på elevane mine. Dei prata saman og fortalde om bakgrunnen sin og om korleis dei trivst i Valle. På slutten fekk han høyre sang av klassen med Øystein ved pianoet, det var ei oppleving for alle. I tillegg fekk han høyre Erna syngje til gitarakkompagnement av Michael, og det var inspirerande vakkert.

Mot slutten av skuledagen kom det ein telefon om at elevane no måtte ta turen i hagen og plukke epler. Det førte til at eg fann oppskrift på eplekake og gjekk ein tur på Coop Valle for å få ingrediensar. Så gjekk damene i gang med å prøve seg på norsk eplekake, noko dei ikkje hadde gjort før. -Om vi får jobbe med matlaging, er det lettare å lære norsk, sa ein av elevane til meg. Dette likte dei.

Valle Radio veke 39, 2012

Share

Tysdag 25. september 2012

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.00 Familiegudsteneste i Valle kyrkje
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland: Orgelmusikk frå Limburger Dom
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. september

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Ingunn Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Wenche Gundersen
20.00 Bjørgulvs time med gjester: Jan Olsen er gjest. I samband med sending av containarar til Cuba deler han inntrykk frå dette annleis samfunnet
21.00 Opi sending med Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sentrumsutvikling – kommentar frå Ånund K

Share

Ånund K. Homme har vore svært oppteken av arbeidet med utvikling av Valle sentrum og har skrive fleire artiklar om det i Setesdølen. Etter at eg hadde skrive bloggposten min for fredag, fekk eg kommentar på epost. Han ville gjerne at eg publiserte det han skreiv, så her kjem hans kommentar:

Las med undring det du refererte – at dei verkeleg kan vurdere signalbygg ved Meinigheitshuset. Bortkasta ressursar. (Det er jo der ein må ha folk til å bu – sentrumsnært – små og større hus, ditto leilegheiter, kollektiv osb. Masse parkering bak Esso og Hasla.

Einaste realistiske stad er ned mot vegen. No ser du at eg vil ha bygget bortanfor Tarald Myrum, så han får berre den omlag 50 m breie gata til parkering. Huset bør vere frå Skeivodden og nordover (Då vert Bjug Åkre forb…) men han driv ikkje jordbruk – kanskje Tarald M haustar der også.

Dette huset bør vel knapt vere av tre, om ein vil ha fleire etasjar – det må ruve ein del så vegfarande ser det, vere blikkfang. Butikkar i 1. høgda med varelevering bak og kundeparkering framanfor. Oppover etasjane må vere plass til ulike føremål. (må vel byggje så sterkt at ein kan byggje på etasjar etter behov). Å byggje mange etasjar med ein gong, vert nok for dyrt. Då må det vere flatt tak og sikkert for lekkasjar. Vegfarande måtte sjå at dette var EIT SIGNALBYGG, DET MODERNE VALLE SENTRUM, dynamisk – ei bygd som vil overleve.

Du bør vel kunne kommentere dette på bloggen din? – få i gong ein diskusjon.

At det øydelegg det eksterande sentrum er eg usamd i – dei ledige husa vert då så rimelege at dei ressurssvake har råd til å etablere seg der. Det vert eit rolegare og meir laid back sentrum – med nærbusetjinga – eldre og andre som vil ha det roleg og sosialt og likevel vere nær nok til dei daglege behova.

Eg har nok og synspunkt på dette. Har du, kan du poste kommentar her på bloggen.

"Stadutvikling Valle sentrum – sentrumsbygg"

Share

Eg skreiv i går at eg ville kome tilbake til dette. Formannskapet vedtok onsdagskvelden å løyve ein halv million kroner til «Stadutvikling Valle sentrum – sentrumsbygg». Utgangspunktet er at daglegvarebutikkane i sentrum har vore på jakt etter tomter for å bygge nye butikkar, dei noverande butikkane er ikkje tilpassa dagens situasjon, og vi ser alle problema det er med å levere varer, særleg til Jokerbutikken. Difor ville dei slå to fluer i ein smekk og flytte ned mot riksvegen, då kunne dei og få fleire kunder ved at gjennomgangstrafikken kanskje stoppa.

Men det er jo eit problem: Om daglegvarebutikkane flytter ut av sentrum, vil sentrum bli ganske tomt. Etter mi meining vil det særleg gjelde om Coop flytter, dei har post, tipping og apotekutsal, så folk flest må innom der. Om Joker flytta ned mot RV9 ville framleis folk ta turen i sentrum for ærend til Coop. Men om Coop flytta ned, ville nok sentrum ikkje vere så attraktivt.

Det er jo kommunen som legg til rette for næringsutvikling, og spørsmålet om å regulere landbrukseigedom til handel sit nok langt inne i ein kommune styrt av Senterpartiet. Ettersom ordførar Tarald Myrum eig mykje av jorda det er snakk om, er han ugild i kommunen si handsaming av dette. Men Senterpartiet er ikkje glad i å omregulere landbrukseigedomar, så ein har leita etter andre løysingar enn å flytte daglegvarebutikkane ned mot vegen.

No siterer eg frå saksutgreiinga til formannskapet onsdag:

Kva er gjort fram til no?
Administrasjonen har tatt initiativ til å utarbeide ein visjon til korleis eit framtidig sentrum kan sjå ut og kva det kan innehalde. Til å hjelpe oss med å komme med idear til korleis ein kan utvikle staden Valle har vi engasjert arkitekt Ola Roald. Roald er engasjert i stadutvikling fleire stader i Norge, mellom anna i Bardu og Iveland. Han har vunne Statens byggeskikkpris, er mykje brukt som foredragshaldar og er også engasjert i forsking og utvikling, spesielt innafor bruk av tre som materiale.

Grunnlagsdokumenta arkitekt Ola Roald fekk var områdeplan for Valle sentrum (ikkje endeleg politisk vedtatt enno), ”Strategisk plan for kultur og næring 2011-2015”, masteroppgåva «Tidsreisa» og planen for utvikling av Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde.

Roald slår fast at dersom vi ønskjer å behalde eit sentrum der det ligg i dag, må ein starte med fortetting der, og ikkje spreie verksemder og aktivitetar utover. Alle erfaringar tilseier at dersom vi legg nye næringar og aktivitetar nede ved rv 9 no, fører dette til ei ny lokalisering av aktivitet, og det vil føre til at det vi kjenner som sentrum i dag vil bli tømt for sine funksjonar. Det næringslivet vi har i sentrum i dag vil bli utarma og mindre variert.

Kommunen informerer 20. september 2012

Share

I går kveld var Torleif Homme gjest i programmet Kommunen informerer i Valle Radio. Han nådde å fortelje om fire saker før halvtimen var gått:

1. Om beredskapsøving tysdagskvelden: Ei bussulukke på vegen mellom Løyland og Røysland. Elevar i 10. klasse var markørar. Det er viktig å trene for folka i redningsetaten, slik at ein kan takle situasjonen om det skulle skje ei ulukke. Denne gongen var bussen velta, og folk måtte ut av bussen, det verka ganske dramatisk, fortalde Torleif.

I dag fekk eg høyre at det og hadde vore problem under øvinga, mellom anna verka visst ikkje alarmen på legekontoret, så legane vart ikkje varsla. Ein får vone at om det verkeleg skulle skje noko, så har ein retta opp dette.

2. Ombygging av Valle skule. Barneskulebygningen frå omkring 1970-talet er no riven og nytt bygg skal oppførast. Dette er eit stort prosjekt, i nyare tid er det kanskje bare idrettshallen som har vore større. Det vil alltid følgje med ulemper, men Torleif vona at tanken på det nye som skulle kome ville hjelpe dei som var råka av ulempene til å takle situasjonen.

3. Planarbeid for Valle sentrum. Arkeologisk utgraving starta i dag, fekk vi høyre. Etter det eg observerte, måtte det vere noko utgraving sør for politiet og NAV. Medan han var i studio, var det møte i formannskapet, som vedtok å løyve 500.000 kroner til eit prosjekt som inneber signalbygg der Menighetshuset ligg. Eg kjem attende til det i ein seinare bloggpost.

4. Området ovanfor Leite, Prestegardsskogen, skal utviklast med turstiar. Prosjektet startast neste veke med Uppstad Transport & Anlegg som entreprenør. Ein har fått statlege pengar til dette prosjektet.

Meir om programmet denne onsdagskvelden kan du lese på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20120919

Aktuell time onsdag 19. september 2012

Share

Det var Øyvind Jacob som var ansvarleg for kvelden. I den aktuelle timen tok han ein telefon til
Thor Åmli og snakka om filmen Furie som skal visast i Storstoga Valle sauesjålaurdagen 6. oktober 2012. Folk må melde seg på innan 4. oktober 2012. Crewet vil vere til stades.

Filmen er på 75 minutt, spelt inn på Svinør. Den kom i stand som eit tilfeldig innspel, og så gjorde dei det like godt etter å ha fått ideen.

Telefon til Frøydis Unneland om Sprekleiken 2012, som skal gå av stabelen 10. november. Det er Valle IL og Valle jakt- og fiskelag som står bak arrangementet, og i år har dei fått Tone Jorunn Tveito med som kjendis utanfrå. Huldra frå Telemark har eigen fjellgard, har gått Norge på langs og er nordisk mester i jaktskyting. Opplegget er endra noko, i år er presisjon like viktig som styrke. Og så skal det vere dans, og ho vil ha øving med kulturskuleelevar ein sundag og nokre måndagar før arrangementet.

Siste tema Øyvind tok opp var han sjølv informant for. Det handla om endringar i helseavdelinga i Valle kommune: Dei tilsette vil bli tilsette i Bykle kommune, avdelingane vert slegne saman til ei avdeling med Frode Verpe som leiar og Bykle kommune som vertskommune. Det vil føre til at folka som arbeider der, kan støtte kvarandre på ulike felt i dei to kommunane.

Onsdagssendinga 19. september 2012

Share

Annonsen for onsdagssendinga 19. september 2012 var gøymt på side 18 i dagens tykke Setesdølen. Øyvind Jacob som er ansvarleg for sendinga, og han har med seg Inga Flateland som teknikar. Bitte og Tobby er telefonvakter.

Program:
18.00 Aktuell time ved Øyvind Jacob
19.00 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer. Torleif Homme
20.00 Øyvinds time
21.00 Open sending med Ronny Stavsholt