På trynet

Share

Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Best som du går der, så ligg du der. På trynet. Det skjedde meg i går kveld, vi hadde vore i Mandal på eit møte og skulle inn i huset vårt. Og plutseleg låg eg der, med ansiktet i nyslått plen. Ettersom eg hadde hendene fulle, rakk eg ikkje å ta meg for heller.

For oss som er store er det ikkje bare bare å kome seg opp frå horisontalen heller, vi vil helst ha noko å basere løftet på. Så eg kauka på kona, ho var gått inn før meg, og då ho fekk sjå meg, kom ut med noko eg kunne støtte meg på, og smått om senn kom eg meg opp i vertikalen. Men venstre kneet likte korkje fallet eller løftet, så no er eg bare halvt førleg i høve til før.

Eg kan ikkje fri meg frå tanken på at det kunne ha gått mykje verre. Eg kunne treft trappa eller blomsterpotta som eg landa ved sida av. I staden trefte eg mjukt gras, kona lo helst litt av meg då ho såg meg med grastuster på hake og nase og panne. Å gå på trynet unnar eg ingen.

Om bleka og førarkort

Share

I sendinga onsdagskvelden hadde Ronny Stavsholt fått med seg Toralv Andersen den første halvtimen. Dei snakka om bleka, laksefisken som no etter kvart etablerer seg i Byglandsfjorden att. Etter det eg forstod har det blitt sett ut fisk heilt opp til Hallandsfossen, så ein voner at det vert bleke å fiske også her oppe. I gamle dagar fekk ein bleke så langt opp som Flåne, i gode tider kunne folk få 200 fiskar på ein kveld. Då lystra dei etter fisk, det er vel ikkje lovleg i våre dagar, kunne Toralv Andersen fortelje.

Dei kom innom litt av kvart når det gjeld fisk og fiske, og mellom anna problemet med krypsiv. Opprensking har gjort tilhøva noko betre, og då gyter auren att. I programmet Kommunen informerer kunne ordførar Tarald Myrum fortelje at det no skulle gjerast ein jobb i Harstadbassenget med krypsivrensking, det var sikkert godt nytt for fiskeentusiasten frå Rysstad.

Neste tema i Aktuell time var førarkort for tilhengar. Dei som har førarkort klasse B kan ikkje lenger kjøre med tilhengar, så difor har Evje Trafikkskole hatt kurs i Valle for folk som vil skaffe seg lovleg rett til å køyre med båten og scooteren på hengar, eller campingvogna. Ronny hadde mange spørsmål, og Troy Flottorp svarte på ståande fot på alt saman. Han kunne det meste, verka det som og om det var folk som ikkje hadde fått med seg kurset som hadde vore denne veka, kunne dei ta kontakt med Jostein Kjelleberg på Motellet, så ville han organisere eit nytt kurs.

Ronny visste nok ikkje at same dagen var det fire av dei burmesiske flyktningane som fekk sine første kjøretimar etter å ha vore med på førstehjelpskurs, der det var 16 deltakarar. Så det er mange som jobbar med førarkort-problematikk i Valle denne hausten.

Siste tema var problemet med å få badevakt i symjehallen. Ettersom ein ikkje har fått det, er det ikkje offentleg bading no. Men det har visst kome søkjarar, så etter kvart vil nok hallen verte opna att. Ronny kunne fortelje at han hadde vore på symjekonkurranse i hallen då hallen var ny, då var det laga landskamp mellom Vågsbygd og Vejle i Danmark. Sjå elles Setesdalswiki for meir om onsdagssendinga: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20120912

Ikkje bare hermetikk

Share

Det vart ikkje bare hermetikk i går kveld. Jørund Georg kom innom ved 20-tida og konstaterte at mikrofonen i headsettet til teknikaren var øydelagd. Dermed måtte han på leiting etter eit nytt headsett. Vi hadde jo slike inne i studio før ferien, men kor dei låg no, var ikkje lett å seie. Det enda opp med at han fann eit heilt nytt sett og kopla til, og sanneleg fekk han det til å verke og. Så i god tid før Postludium var eg operativ att frå teknikarbordet. Og godt var det, for Postludium trong nokre kommentarar undervegs.

I dag kom Niklos innom meg i Valle og han hadde fått høyre sendinga og gledde seg over å få høyre det nye orgelet i Gjerpen kirke, det var første gongen. Og å få høyre det saman med hardingfele meinte han passa godt, så han var godt nøgd med programmet. Eg var svært takksam for at det vart ordna i løpet av sendinga, det var ei flau kjensle då eg skulle ha sending utan å kunne snakke.

I kveld var det ikkje naudsynt med hermetikk. Kåre Rike var teknikar og han var ofte innom for å vere med i samtalen med Ronny Stavsholt, som var programleiar og sat i studio. Eg sat og høyrde på programmet i kveld og skreiv eit slags referat frå sendinga. Du kan sjå det på Setesdalswiki si side for programmet i kveld, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20120912 Det er levande bygderadio med god tid til å snakke med dei personane som var med i programmet.

Medan eg skriv dette, høyrer eg på Rolf Erik og Henri Tore som har opi sending. Dei sludrar med kvarandre og hadde ein lang samtale om kva ein kan oppleve på IKEA. Og så pratar dei med innringarane. Og premiane er flakslodd der ein kan vinne 20.000 kr. kvar månad i 20 år framover. Så det er visst bare å løyse rebusar og ringe.

Hermetikk

Share

I kveld ser det ut til at sendinga må bli hermetikk. Då eg skulle snakke og fortelje om programmet, var det ikkje utslag på meteret på teknikarbordet. Eg skjøna ikkje noko, men sette likevel i gang sendinga. Etter kvart oppdaga eg at det verka som om mikrofonen på teknikaren sin hovudtelefon hang og slang. Eg trur nok at det kan vere årsaka til problemet.

Men eg har ikkje nokon ny hovudtelefon å bytte inn og då må eg finne ut av ledningar som eg aldri har våga meg inn i. Jørund Georg var innom før sendinga for å sjekke ein annan feil, sist tysdag var det jo feil med koplinga til platespelaren. Det var Jørgen Lien, som har levert utstyr til Valle Radio, som hadde greie på det sa han, og då han høyrde at Niklos ikkje kom i kveld, utsette han heile jobben. Då hadde eg ikkje sett kva som var problemet med hovudtelefonen, så han ønskte meg lukke til i kveld og gjekk.

Då eg etter kvart prøvde å ringe han, var det bare telefonsvar, så han er nok oppteken med noko. Dermed blir det hermetikk. Det går jo fint når det er sangkveld. Eg hadde rett nok planlagt å seie noko om songane eg spelar, i kveld hadde eg teke med meg Sang- og salmeleksikon i studio. Men det droppa eg, ingen grunn til å snakke når ingen høyrer det eg seier.

Størst problem blir det nok når eg skal ha postludium, der er det jo viktig å presentere musikken litt. Men det får stå sin prøve. Du kan jo lese på Setesdalswiki om programmet, det er nokså fyldig i kveld, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20120911

Så vonar eg at mikrofonen til teknikaren vert fiksa snart, slik at systemet for sjølvkøyr i radioen kan fungere att.

Program for veke 37

Share

Eg har tysdagsprogrammet klart og har sendt det til Setesdølen. Ronny Stavsholt har onsdagsprogrammet denne veka og har nok og sendt sitt opplegg til Setesdølen, men det kjenner eg ikkje enno, så det får eg legge ut når det kjem i avisa.

11. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Bibelhalvtime
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sist tysdag sende eg gudsteneste frå Hylestad kyrkje med tale av sokneprest Terje Seilskjær. Denne tysdagen kan du høyre ein bibelhalvtime med Asbjørn Kvalbein, webpastor hos Norea Mediemisjon. Vi vil gjerne se Jesus er temaet hans. Om det høver slik at eg finn bibeltimar som er høvelege, vil eg sende slike av og til, for det er mange som likar å høyre ein tale i radioen.

I Postludium kjem det til å verte orgel og hardingfele denne gongen. I 2011 spelte Kåre Nordstoga og Knut Buen inn ei plate med denne kombinasjonen, og der er det mange interessante stykke. Fleire detaljar om tysdagsprogrammet kan du finne på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20120911

Førarkort

Share

I Open sending onsdagskvelden var Kjellaug Rysstad på tråden. Ho hadde ei interessant soge å fortelje. Same dagen hadde ho møtt ein av dei burmesiske flyktningane som bur i Valle i Kristiansand og kjørt han til trafikkstasjonen, der han hadde prøvd seg på teoritesten til førarprøven. Det var ikkje fyrste gongen, men denne gongen klarte han det og Kjellaug gledde seg mest like mykje som eleven.

Deretter hadde dei teke buss til Froland, der flyktningen, som er leigebuar i huset hennar i Valle, hadde ståande ein bil han hadde kjøpt. Så køyrde ho bilen til Valle for han, og jublen var stor då dei kom til Valle om kvelden. Dette fortalde ho i Valle Radio onsdagskvelden og oppmoda folk i Valle til å hjelpe burmesarane med øvingskøyring slik at dei fekk nok køyretrening til å kunne ta førarkortet.

No er det tre av burmesarane som har kjøpt seg bil utan å ha førarkort. Dei vonar at norske venner kan hjelpe dei med øvingskjøring med deira bilar, slik at om det blir problem, er det ikkje andre sine bilar det går ut over. Måndag kjem Evje Trafikkskule til Valle for å halde kurs og å ha køyretimar med elevane. Dermed slepp dei å bruke lange dagar på å reise til Evje, ha ein time eller to med køyring og så vente til kvelden for å kome seg heim att.

Førarkort er nok noko av det viktigaste flyktningane kan skaffe seg for å kunne få seg arbeid i nærleiken. Nesten alt arbeid vil vere lenger borte enn det er naturleg å gå eller sykle til jobb. Med førarkort kan dei kome seg til Rysstad eller Bykle, så marknaden for å skaffe seg jobb blir sterkt utvida. Når ein så veit at dei helst vil bli buande i Valle og ikkje flytte til ein by på Austlandet, burde vi gjere det vi kan for å hjelpe dei til å realisere draumen om å få bli buande her. Vi såg jo på biletet av 1. klasse på Valle skule, det var to burmesiske barn og to norske, så vi treng alle innbyggarane som kan tenkje seg å bu i bygda.

Omkalfatring

Share

I Kommunen informerer-halvtimen i Valle Radio i går var det Elise Marie Kringen som var med. Ho fortalde litt om omkalfatringane som no skjer på Valle skule i og med at barneskulefløyen vert riven. Før neste skuleår skal det stå ferdig sju nye klasserom. Det nye bygget vert litt breiare enn det gamle, det kjem nokre utbygg, det gjer at vegen på nordsida av skulen må flyttast litt nordover mot Spelestoga. Etter det eg kunne forstå, er dei i gang med grunnarbeidet for dette alt no, noko som vel og er nødvendig for at bygginga skal kunne gå framover.

Men elevane som tidlegare har hatt sine klasserom i eigen fløy er no i midtfløyen på skulen. Elise Marie fortalde om opp-pussinga som har blitt gjort i kjellaren for å ta imot elevane der, det er blitt lyse og fine rom der. I tillegg har ein teke i bruk rom som kulturskulen tidlegare disponerte i tredje etasje i midtbygget. Kulturskulen har flytta til spelestoga, og på toppen av midtbygget har dei strålande utsikt mot Otra, så ho trudde ikkje dei elevane klaga noko særleg.

Alle må tilpasse seg i ein slik ombyggings-situasjon, og det er jo ikkje heilt smertefritt, men alle gleder seg til dei nye klasseroma skal verte klare til neste skuleår.

Eg lufta og spørsmålet om nye medarbeidarar, det var visst ikkje så mange nye, men 1. klasse på Valle skule sin lærar er ny i bygda i år, Kristine Kleiveland. Den klassen er for øvrig ein av dei minste klassane ein har hatt på Valle skule, bare fire elevar.

I dag var eg på møte i Utdanningsforbundet. Der var det spørsmål om vi skulle ha eit møte i haust om pensjonsspørsmål. Ei rask opptelling synte at det kunne vere mellom fem og ti tilsette i skulesektoren i Valle som nærmar seg pensjonering. Det vil kanskje bli ein like stor omkalfatring i skulesektoren som ombygging av Valle skule når det skjer.

Gullsmed og fluefiske

Share

I den aktuelle timen i kveld hadde Ørnulf Hasla laga intervju med deltakarane i Norsk Mesterskap i gullsmedkunst som vart arrangert på Valle vidaregåande skule. Han intervjua og leiaren i forbundet som arrangerer konkurransen, og så snakka eg med Lex de Jong og Jaana Ahola i studio. Dei to lærarane på skulen hadde hatt travle, men inspirerande dagar medan konkurransen gjekk, og dei meinte ein slik konkurranse var til inspirasjon for elevane.

Dei fortalde og at midt i konkurransen kom og seks utvekslingselevar frå Tyskland, Finland og Nederland til skulen. Dei skal vere i Valle i tre månader, og seks elevar frå Valle er på same tid på utveksling i dei same landa. Lærarane såg stor skilnad på elevane frå før dei reiste og til dei kom heim att, dei meinte ei slik utveksling var viktig læring for dei som fekk vere med på det. Her i Valle legg dei vekt på å undervise i filigransarbeid medan utvekslingselevane er her.

Etter at dei hadde vore med mest ein halvtime, kom Ronny Stavsholt i studio. Han har vore dommar på VM i flugekasting på Fagernes. Han fortalde om sporten, ein konkurranse med over 80 deltakarar frå 16 land. Det er andre gongen arrangementet er på Fagernes, der dei har tilrettelagd for arrangementet på ein flott måte. Men han vona at det neste år ville bli lagd til eit anna land.

VM i casting vart halde i Tallin i Estland. Der var han ikkje hovuddommar, som på Fagernes, men vanleg dommar. Casting skjer på land i motsetning til fluekasting, som skjer i vatn. Dei som skal kaste, må treffe blinkar som er 8 til 15 meter borte, og dei har 20 kast og får fem poeng for kvart treff. For å kome til finalen må ein treffe alle blinkane, det vert den som har best tid som går vidare.

Interessant at ein av medarbeidarane våre i Valle Radio har ein slik hobby, sjølv om han ikkje no praktiserer sporten, men fungerer som instruktør og dommar.

Siste del av den aktuelle timen snakka eg på telefon med Tor Egil Vaule Andersen om innspelinga av musikkvideoen Riket i to, som foregjekk på Brokke-Suleskarvegen gjennom eit heilt år. Han var svært takksam for hjelp og støtte frå folk i Setesdal og Valle.

Med det slutta den aktuelle timen.

Redda av Spotify

Share

I kveld hadde eg fyrste sendinga i radioen for hausten. Det var interessant å vere i gang att, og sendinga gjekk utan dei store problema. Men då Niklos skulle ha ei LP-plate med musikk av Mendelssohn. Det var orgelsymfoni nummer seks han ville ha med i dag, men for meg verka det som om endringa av miksebordet ikkje var fullført, for Grammofon-koplinga ville ikkje lyse. Det kom då ingen lyd frå spelaren til miksebordet, og heller ikkje noko ut til sendaren.

Gode råd var då dyre, men då vart vi redda av Spotify. Den innspelinga Niklos hadde fann eg ikkje på Spotify, men det var mange andre innspelingar av orgelmusikk av Mendelssohn der, også av dette stykket. Så vi einast om at vi kunne prøve ei innspeling av Hans Fagius, og Niklos hadde informasjon om orgelet i Härnösand, som han spelte på. Den kunne han dele med oss etter at vi hadde høyrt musikken, så det skal meir til enn litt ugreie med teknikken for å setje han fast. Innspelinga var bra, i den romantiske stilen som jo er særprega for Mendelssohn.

Dei to andre stykka var korverk på CD, og dei fekk eg ut i eteren utan spesielle problem. Med det var sendinga slutt, det var b are å gå gjennom det som skal skje i veka som ligg framom oss, og det fann eg mykje om i eit nytt Bygdenytt som kom ut i dag. Så avslutta eg med ein sang med Løvlands allé. Dei skal eg snakke med i morgon kveld i den aktuelle timen.