Måndagskveld i radiostudio

Share

Eg vart sitjande i radioen i kveld. Eg hadde fått Bjørgulv T. Berg til å ta opp gudstenesta i Hylestad kyrkje sundag 2. september. Den skal eg sende i morgon kveld, men eg ville høyre gjennom opptaket og sjå litt korleis eg skulle bruke det. I tillegg var det litt anna som skulle førebuast.

Om du blir med i sendinga i morgon kveld, vil du som var i kyrkja få eit gjenhøyr med ein fin gudsteneste og du som ikkje var der, vil få oppleve ein ny liturgi. Ikkje så ny at ein ikkje kjenner seg att, men likvel med endringar som skal gjelde i Hylestad kyrkje dei neste tre åra, som visstnok er prøveperioden, etter det eg forstod. Det var kyrkjelydsmøte etter gudstenesta, der kunne folk seie det dei meinte, men eg forstod på Bjørgulv at det ikkje var innvendingar til å ta i bruk den nye liturgien. Her er lenke til den nye liturgien Fristen for å ta den i bruk er 1. sundag i advent 2012.

Eit element som har vore borte i gudstenesteliturgien i mange år er klokkarbøna. No er den komen inn igjen, og det er nok mange som synest det var ei god endring. Så er syndsvedkjenninga flytta inn saman med bøna etter preika, det opplevde eg og som ei god endring.

Gudstenesta på sundag var det sokneprest Terje Seilskjær som hadde. Det er første gong vi høyrer ei preike av han i Valle Radio, og den var god å høyre. Eg gledde meg og over orgelspelet til organist Tonhild Kråkenes, det var høveleg til gudstenesta i Hylestad kyrkje.

I morgon kan du altså høyre dette i Valle Radio om du set på radioen. Vonleg fungerer også nettradioen vår, så du får høyre det om du ikkje er i det analoge nedslagsfeltet vårt. Programsida for tysdagskvelden finn du på Setesdalswiki, og der er det og lenke til nettradiosida.

Program for komande veke

Share

Dette sende eg til avisa i kveld:

Tysdag 4. september
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld og gudstjeneste frå Hylestad kyrkje
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos. K. Besteland presenterer musikk av Mendelssohn.
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. september
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torleiv Haugen
Telefonvakter frå klokka 20.30: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18.00 Aktuell time, blant anna med Løvlands allé
1|9.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
20.00 Haralds time. Leonhard Jansen og Anders Dalsæg blir med for å snakke om biomangfald i kulturlandskapet
21.00 Opi sending ved Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Det renn

Share

Det renn frå nasen i kveld, det er ikkje ganske godt, for papirlommetørkleet vert fullt på ein augneblenk, og så må eg ha ein ny runde. Det var ikkje slik eg tenkte helga skulle bli, eg trudde meir på at eg skulle skrive meg til 3100 artiklar på Setesdalswiki før dagen i dag ebba ut, men eg har enno 15 att, så eg kjem ikkje til å klare det. Ikkje har eg prøvd så veldig heller, ein vert så daff når snuen renn og ein sit der og snufsar, og så går ein og legg seg og tenkjer at ein skal sove det av seg, men det gjer ein jo ikkje. Tvert om, ein vaknar med nasen full av snue og trivlar etter rullen med papirlommetørkle for å få vekk noko av det som renn.

Så i dag har eg bare laga ein artikkel om gårsdagens Setesdølen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._69,_2012 og ein artikkel om musikkvideoen Riket i to http://www.setesdalswiki.no/wiki/Riket_i_to på Setesdalswiki, det er jo ikkje så mykje. Mange raude lenker vart det og i begge artiklane, så eg har mykje å skrive før dei er blå. I grunnen er det rart kor ofte eg endar opp med raude lenker, sjølv om eg no har over 3000 artiklar på Setesdalswiki. Det er sikkert like mange raude lenker, det vil seie artiklar som manglar.

I dag er det 1. september, det er 50 år sidan siste toget gjekk på Setesdalsbanen. I går var det ein fin reportasje om det i Sørlandssendinga med ein interessant film frå siste toget. Men Fædrelandsvennen hadde bare ein artikkel om konflikten mellom dei som driv museumsbanen, det har vi no høyrt om så mange gonger før, dei kunne vel leita fram noko arkivstoff, alt gjekk vel ikkje med i brannen i Fædrelandsvennen. Og Setesdølen har vel knapt hatt ei linje om saka med unntak av eit bilete dei hadde for ei veke sidan. Det hadde vore greitt å skrive om dei ville nytte boka til Reidar Tveito, då kunne dei sikkert fått låne bileta av han og, og så kunne dei hatt ei side om hendinga. I morgon skal det kome ein heil buss med jernbaneentusiastar til Byglandsfjord for å sjå på restane der, kan hende Setesdølen vil dekke det.

Mens eg tastar ned desse orda, renn nasen min som ei Otra ovanom Hovden, ei tynn stripe. Eg får vone at han ikkje vert som ved utløpet i Kristiansand, då spørs det om eg kjem meg på skulen att til måndag. Men det bør eg, for eg skal ha radio både tysdag og onsdag i neste veke, vonar det stoggar til dess, elles vert eg vel sitjande der og snufse som ei anna gråtekone.

God natt til dykk som les dette i kveld, vonar at de slepp å få slik ein rennande nase.