Ordførarar

Share

Denne veka har det gått ein konkurranse på wikipedia om å utvide artiklar om norske ordførarar. Då konkurransen starta, var det mange ordførarar leksikonet ikkje hadde artiklar om, både Jon-Rolf Næss, Leiv Rygg og Gro Anita Mykjåland har fått artiklar denne veka. Men og mange andre ordførarar på Agder mangla. I kveld er det bare to som ikkje har artikkel, det er Arild Windsland i Birkenes og Reidar Saga i Åmli. I heile landet manglar det om lag 30 artiklar om noverande ordførarar. I alt er det skrive over 100 nye ordførarartiklar, og heile forrige periode er no blåfarga. Det blir litt verre når vi kjem til perioden før 2007, då var leksikonet i oppstarten og hadde ikkje prioritert dette, så frå før 2007 er det mange hol.

Samstundes er det blitt laga lister over ordførarar i ei rekke kommunar, så dekninga på dette stoffet tek til å bli ganske god. Når eg skriv på wikipedia, er det bokmålsversjonen eg tenkjer på. Nynorskversjonen er og med i konkurransen, men det er ikkje så mange som skriv der, så det går noko seinare med å fylle tomroma der. Likevel har det nynorske leksikonet 90.000 artiklar. Til samanlikning har Allkunne om lag 10.000 artiklar. Dugnaden gjev ujamn kvalitet, men det er mangt og mykje å finne også på den nynorske versjonen.

Eg har vore konkurranseleiar på denne konkurransen. Det har vore ein enkel jobb. 11 stk har vore med i skrivinga, nokre har over femti bidrag, andre har bare nokre få. Men alt monnar og dreg.

Lurer du på kva premien er. Bestemann får 250 kroner på eit gavekort. Vi andre får ein rosett vi kan setje på brukarsida vår som seier at vi har vore med i konkurransen og fått minst 200 poeng. Gradering med ulike fargar syner kor mange poeng vi fekk. Sjekk gjerne ut konkurransesida: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2012-41