Gudstenesteopptak

Share

To gonger i haust har Bjørgulv T. Berg hjelpt meg med opptak frå gudstenester i Hylestad og Valle som eg kunne sende i Valle Radio. Det har vore ei glede å kome tilbake til slike innslag i sendingane, for då vi starta med tysdagssendingane, var noko av opplegget vi satsa på at vi skulle kunne sende opptak frå gudstenester. Men så flytta eg til Mandal og var der i helgene, og opptaka fall bort. Ei stund fekk vi opptak frå kyrkjekontoret, men det vart og slutt på desse.

Ei gudsteneste har ei nokonlunde fast form. Det gjer at ein godt kan høyre henne nokre dagar etter at ho vart halden. I morgon skal Familiekoret synge, det skal og vere innslag frå Kulturskulen. Dette kjem i tillegg til dei faste elementa i gudstenesta. Noko nytt og noko fast, det er ei form som gjer seg godt i radio, tenkje eg.

Så dermed vert det overføring frå messa tysdag som kjem. Du som var i kyrkja kan høyre det om att, du som hadde andre gjeremål, kan få det med deg likevel. Slik fungerer Valle Radio som eit høve til å gje opplevingar som nokre set pris på.

Gudstenesta er ofte sett på som eit lim i samfunnet. Sjølv om mange let vere å gå, ville det vore eit sakn om ein ikkje hadde desse arrangementa sundag føremiddag. Merkedagar i familien vert markerte der. Sjølv om ein no har fått ny liturgi, vil nok dei fleste kjenne att elementa som byggjer opp gudstenesta. Endringane er små og tilpassa lokale tilhøve.

Kan hende skulle du ta turen i Valle kyrkje denne sundagen og dermed få høve til å høyre messa to gonger når du set på radioen tysdagskvelden. Same kva som står på programmet i morgon: God sundag.