Valle Radio veke 42, 2012

Share

Tysdag 16. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 17. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå klokka 20.30: Torbjørg Hoftuft og Ingebjørg Helle Haugen

18.00 Aktuell time. Med blant anna nytt frå Setesdal Regionråd
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Setesdal barnevern
20.00 Haralds time med gjester. Gjest: Gunnar Stubseid
21.00 Opi sening ved Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

På kurs

Share

I dag var eg på kurs. Det var VOX som stod for innhaldet og over 200 lærarar frå heile Agder samla seg på Quality Hotel i Sørlandsparken. Vaksenopplæring for flyktningar og innvandrarar har ein læreplan, og den er no revidert, så vi skulle få vite noko om revisjonen. Her er lenke til plansjane som vart viste: http://www.vox.no/fylkeskurs2012

Eg var bare med første dagen. Då handla det om å få eit oversyn over endringar. I tillegg gjekk ein djupare inn i temaet digital kompetanse og digitale forteljingar. Det var ganske interessant.

Læreplanen er ei forskrift og vart vedteken 19. april i år og sett i verk 1. september. Forslag til revidert læreplan var på høring høsten 2011, og høringsinstansenes innspill er i stor grad blitt tatt hensyn til.

De viktigste endringene i den reviderte læreplanen er:
*mål for opplæringen i 50 timer samfunnskunnskap
*en egen alfabetiseringsmodul med beskrivelse av den første lese- og skriveopplæringen
*digitale ferdigheter som en integrert del av norskplanen
*nye veiledende sluttmål for de ulike sporene

På kurset gjekk ein så gjennom nokre av desse endringane. Eg merka meg særleg spørsmålet om digital kompetanse. Vi som er over 35 år er som innvandrarar i høve til dette området, medan dagens generasjon veks opp med det og har ein heilt annan digital kompetanse. Ein kan bare tenke på små barn som tidleg lærer seg til å bruke iPad og iPhone på måtar som vi vaksne knapt kan finne på å bruke dei. I foredraget synte foredragshaldaren ein liten film med ein gammal mann som fekk spørsmål om kva han brukte iPaden til. Han hakka løk på den, skylte den under vasken og sette i oppvaskmaskinen. Det var jo eit godt brett. Men litt skræmande for oss lærarar å sjå ei slik skildring av digital inkompetanse, spørsmålet var vel kor vi var på ein skala frå inkompetanse til kompetanse.

Kurset gav grunnlag for ettertanke i høve til den digitale kompetansen som vi reknar som ein sjølvsagt ting i vårt samfunn, men som ein som kjem frå heilt andre kulturar, ikkje så lett fangar opp. Det gjeld nettbank og Skype, NAV sine CV-ar og søknad på stillingar som skal leggjast inn på internett. Utfordringane er mange for elevar som kjem til vaksenopplæringa og til små bygdesamfunn, der digital kompetanse vert venta av alle.

Ordførarar

Share

Denne veka har det gått ein konkurranse på wikipedia om å utvide artiklar om norske ordførarar. Då konkurransen starta, var det mange ordførarar leksikonet ikkje hadde artiklar om, både Jon-Rolf Næss, Leiv Rygg og Gro Anita Mykjåland har fått artiklar denne veka. Men og mange andre ordførarar på Agder mangla. I kveld er det bare to som ikkje har artikkel, det er Arild Windsland i Birkenes og Reidar Saga i Åmli. I heile landet manglar det om lag 30 artiklar om noverande ordførarar. I alt er det skrive over 100 nye ordførarartiklar, og heile forrige periode er no blåfarga. Det blir litt verre når vi kjem til perioden før 2007, då var leksikonet i oppstarten og hadde ikkje prioritert dette, så frå før 2007 er det mange hol.

Samstundes er det blitt laga lister over ordførarar i ei rekke kommunar, så dekninga på dette stoffet tek til å bli ganske god. Når eg skriv på wikipedia, er det bokmålsversjonen eg tenkjer på. Nynorskversjonen er og med i konkurransen, men det er ikkje så mange som skriv der, så det går noko seinare med å fylle tomroma der. Likevel har det nynorske leksikonet 90.000 artiklar. Til samanlikning har Allkunne om lag 10.000 artiklar. Dugnaden gjev ujamn kvalitet, men det er mangt og mykje å finne også på den nynorske versjonen.

Eg har vore konkurranseleiar på denne konkurransen. Det har vore ein enkel jobb. 11 stk har vore med i skrivinga, nokre har over femti bidrag, andre har bare nokre få. Men alt monnar og dreg.

Lurer du på kva premien er. Bestemann får 250 kroner på eit gavekort. Vi andre får ein rosett vi kan setje på brukarsida vår som seier at vi har vore med i konkurransen og fått minst 200 poeng. Gradering med ulike fargar syner kor mange poeng vi fekk. Sjekk gjerne ut konkurransesida: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2012-41

Kommunepsykolog

Share

Onsdag fekk eg vite at vi hadde kommunepsykolog i Valle kommune. To dagar i veka, torsdag og fredag, er ho på helsehuset. Dei andre dagane held ho til på Evje. Jessica Öngörur er frå Uppsala og studerte psykologi der og på Universitetet i Oslo. I studietida arbeidde ho på Bykle sjukeheim, og der likte ho seg så godt at då det vart ledig psykologstilling i Setesdal, søkte ho på den. Her kan du lese om henne: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Jessica_%C3%96ng%C3%B6rur

Eg visste ikkje noko om dette før onsdagskvelden, og eg trur det var fleire enn meg som ikkje hadde fått med seg den sida av samhandlingsreformen, at ein skal ha eit tilbod om psykologteneste i kommunane. Med så få folk som det er i dei fire setesdalskommunane, er det naturleg å samarbeide om tilbodet.

Den kommunale psykologtenesta skal vere i førstelinje, så ein kan ta kontakt med Jessica på telefon eller epost direkte og avtale time for ein samtale. Elles må ein som regel få time via lege for slike tenester, og det kan ein få her og, men det er altså råd å ta kontakt direkte.

Her er meir informasjon om tilbodet:
http://www.e-h.kommune.no/nytilsett-kommunepsykolog.5012628-149059.html

Det vart ein hyggeleg prat med Jessica. Mot slutten kom vi inn på spørsmålet om musikk som støtte for terapi, og då nemnde eg Mozart og ho Vivaldi, vi var samde om at klassisk musikk kan ha roande effekt, så då avslutta eg praten med henne med å spele frå Eine kleine Nachtmusik av Mozart før den aktuelle timen gjekk vidare.

Kim André Rysstad

Share

I kveld var Kim André Rysstad med i Beat for Beat og der synte han ei anna side av seg sjølv enn den vi har sett gjennom platene hans. Eg lurte på korleis det skulle gå med han i programmet, som jo alt for ofte nyttar engelske songar. Rett nok visste eg at han elskar Whitney, men det er jo så mykje meir.

Så kjem han inn og overtyder oss der og, strålande framføring og overtydande engasjement. Partnaren Mari Klingen presenterte seg som svært oppteken av vokalsang, Kim song så taket lyfta seg som den flotte vokalisten han er. Sanneleg fekk han plass til eit stev og:

Det lypte lett i dei spræke gute,
an sto å jala på Svorvarnutæ.
An fimnde ut i mot verdi vi,
å ba om vengje for åndi si.

Men då an augo mot dale vende,
an fekk a glimt av a ljosklætt kvende.
Då utfærshugjen ass kvorv som eim,
å an lengta atte ti dale heim

Torgeir Drengsson Bjørnarå (1864-1951)

Rett nok tok han bare det første verset av stevet, og programleiaren Ivar Dyrhaug lurte svært på Svorvarnuten, men Kim fleipa bort fakta, noko som var heilt naturleg i programmet. Her kan du sjå kor fjellet ligg: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Svorvaren

Kveldens program hadde styrke nettopp fordi det var prega av norsk musikk, ikkje bare den engelske, til og med folkemusikk, og Aasmund Nordstoga, som driv garden der Aasmund Olavson Vinje vaks opp, var saman med den musikalske makkeren sin, Lena Jinnergren, ein god match for Kim og Mari.

Endåtil allsang vart det, då den eine sangen var Alle fugler. Det kunne ein gjort meir av i programmet, her var det tilløp til fleirstemt sang. Eit strålande program, eg måtte sjå heile programmet før eg gjekk over til landskampen i fotball. Heldigvis klarte Norge uavgjort, så vart det ingen nedtur der heller, og då var det i grunnen nok TV-sjåing ein fredagskveld.

Program for veke 41

Share

Tysdag 9. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Opptak frå gudsteneste i Valle kyrkje
19.30 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland: Orgelmusikk av Guilmant
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter: Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Haralds time med gjester
21.00 Opi sending med Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sangkveld i haustferien

Share

Første onsdag i kvar månad er det sangkveld på Kafe Hjerterom i Mandal. Han startar klokka halv sju og held på halvannan time, pianist og forsangarteam samlar 70-80 godt vaksne menneske til allsang. Nokre kjem frå Mandal Alders- og Sykehjem, andre kjem frå omlandet. Denne onsdagen tok eg og kona turen dit, ho er no pensjonist, men hadde arbeidsdagen der inntil 1. september, så ho møtte mange kjente. For meg var det helst ukjente folk, men songane var kjente.

Utanpå baksida av Sangbok i stor skrift står Sangens glade tropp, og det var første sangen denne kvelden. Så kom dei i rask rekkefølge, først relatert til hausten: Det var en deilig sommerdag, den handlar om å plukke blåbær, så kom Blåmann, Blåmann og Eg gjætte tulla. Bukken var brokut passa og inn i dette selskapet. Det same gjorde Hu, hei, kor er det vel friskt og lett.

Gryta hennar mor er eit ljost barneminne, så den måtte vi ha, og så kom Blant alle lande og Mellom bakkar og berg utmed havet. Dermed var vi ved havet, og då kom En sjömann älskar havets brus, Hildringstimen og Det er godt å komma hematt.

Midt i arrangementet er det ein pause der ein kan få kjøpt vaflar. Kaffien er gratis, den står framme når folk kjem, og mange møtest alt klokka seks og tek kaffi før dei syng, men ein kaffipause midt i sangkvelden er heller ikkje dumt, då får ein kvilt stemmen litt og prata saman med dei ein sit saman med.

Denne kvelden avslutta ein med Husker du dengang i måneskinn, omkvedet der er jo veldig valse-prega, så då gynga det i både gyngestolar og pinnestolar. Storfiskarvalsen fylgde på før Je kunne vøri snekker. Som vanleg vart kvelden avrunda med Fager kveldssol smiler, og eg trur dei fleste smilte då dei tusla heimover, kanskje nynna dei litt kvar med seg sjølv og.

Det er nokre songar som er slitesterke og som sit i minnet, sjølv om teksten nok fell ut av og til, så held melodien seg godt. Slik var det denne kvelden, det var lenge sidan eg hadde sunge mange av dei, men likevel, med litt tonefølge kom dei fram og minna meg om ein sangskatt som er god og rik.

Folk melder seg

Share

Eg likar når folk melder seg med informasjon til Valle Radio. Dei leitar for eksempel litt på Setesdalswiki og finn denne sida: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_hausten_2012 Så ser dei kven som er ansvarleg for sendinga den kvelden dei gjerne vil ha sagt noko i radioen og ringjer og avtalar med programleiaren det som er naudsynt.

Leif Kvinlog gjorde det i går. Han ville gjerne fortelje om Kulturveka som snart skal gå av stabelen i Valle. Så vi avtalte at han skulle kome i radioen onsdagskvelden og fortelje om dette. Så sende han meg det flotte programmet dei no trykkjer opp og legg ut på butikkane, ikkje sender i posten. Men folk kan ta med seg program heim og krysse av for kva dei vil vere med på. Det burde vere noko for einkvar smak. Alt medan vi snakka saman, fekk eg programmet på epost.

For vel ei veke sidan var Jan Olsen i radioen og fortalde om Sykler til Cuba i ein samtale med Bjørgulv. Eg møtte han den kvelden og vi avtalte at eg skulle ringe han komande onsdag og få ein statusrapport om korleis det gjekk med innsamlinga av syklar i øvre Setesdal. Eg vil jo gjere det.

I det heile likar eg når folk har noko dei vil melde i radioen. Det er jo difor radioen er der. Vi ønskjer å formidle informasjon om kultur og utvikling i Øvre Setesdal. Vi har ikkje vore så flinke til å seie at vi og vil ha med Bykle i programma våre, men det vil vi. Så om du har informasjon å melde i radioen som gjeld aktivitet i Bykle, er det bare å ta ein telefon til programleiar. Komande onsdag er det altså Harald Haugland som er ansvarleg, han har telefon 9763 1408

Sauesjåsending 2012

Share

Sending for heile dalen.
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft og Jorunn Lund Harstad

Program
18:00 Aktuell time
-Besøk av Thor Åmli ifb. filmen Furie
-Leonhard Jansen om Minnemarkering for Lars Liestøl på Bygland lørdag 6.oktober.
-Agder Motorhistoriske klubb
-Fotopro flybilder
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Regionrådet informerer ved Signe Sollien Haugå
20:00 Ronnys time: Besøk av Terje Emblemsvåg
21:00 Opi sending ved Ronny

I kveld kom ikkje nettradioen på plass før ved sjutida, så den aktuelle timen fekk eg ikkje høyre. Etter tankar frå Bibelen var det klokka 19.30 Regionrådet informerer. Leiv Rygg skulle vore med, men i staden var det Signe Sollien Haugå. Eg noterte litt frå samtalen deira:

Neste styremøte skal det vere informasjon om politidistriktet. Så arbeider ein med å få ladestasjonar for elbilar. Setesdal er jo den store straumleverandøren på Agder, så ein bør vere i forkant. Og det er folk som etterspør det.

Elles har ein jobba mykje med helsesaker, helseprosjekt Setesdal er avslutta og Evje og Hornnes kommune skal no vere administrativ leiar for dette i den permanente fasen. Men i Setesdal har ein fått samordna IKT med sjukehuset, så no er det på plass. Ein treng ikkje bruke faks i Setesdal.

Smaken av Setesdal er eit viktig prosjekt for Setesdal Regionråd. Det er nye verksemder som melder seg på der. Kristine Bjørgum Forde fekk årets nykommarpris på Hovden sist helg for lefsebakingsprosjektet ho har starta.

Så arbeider ein med Riksveg 9. Målet er å få gul stripe til Hovden innan ti år.

Regionrådet jobbar og med Regionplan for Agder. Signe jobbar mykje med kompetanseheving og helse. Då må ein vere på hogget for å halde nivået og gjere det om til arbeidsplassar. Men radiolyttarane må gjerne kome med forslag om dei har gode idear. Ordførar og varaordførar i kvar kommune kan hjelpe til. Ein kan og ta kontakt med administrasjonen.

Men etter klokka 20 var eg oppteken, så resten av kvelden fekk eg ikkje med meg.

Vinterdekk

Share

Det er tid for å bytte til vinterdekk, og eg har ikkje tenkt å utsetje det til eg står fast, så i dag var eg i Mandal og fekk ordna det. Eg har dekka mine på dekkhotell hos Dekk1 i Mandal, dei ordnar slikt fort og greitt.

Då eg kom dit i dag, møtte eg ein hjelpegutt på ein truck. Han sa eg måtte vente litt, men snart kom dei fast tilsette folka og tok kommandoen, og plutseleg var eg på bukken, trong ikkje bestille time ein gong denne gongen, eg trur eg var litt i forkant i høve til det store rushet.

Medan hjelpegutten løyste hjula, henta sjefen vinterdekka på lageret, og få minutt etter at eg køyrde opp på bukken, var eg nede på bakken att. Litt for godt nede, synte det seg, for bilen min har noko hydraulikk som senker seg når motoren vert skrudd av, og denne gongen lyfta det seg ikkje att med det same. Men etter at motoren hadde svive ei stund, løfta han seg og eg kunne køyre ut av verkstaden, glad og fegen, og vite at dei tok hand om sommardekka mine til neste sesong.

Dekk1 i Mandal ligg eit steinkast frå Rema1000, så eg stoppa der og fann middag til halv pris, måtte etast i dag etter merkinga på pakken. Så då vart det kyllingklubber og ris då eg kom heim, og plommer både til forrett og dessert. I år har vi ikkje eigne plommer her heime, frosten tok blomane i vår, så eg må satse på hardangerplommer til 50 kroner kiloet i staden for å ete meg stappmett på eiga frukt. No vert det bare med smaken.