Sauesjået 2012

Share

Det vert sauesjåsending fredagskvelden. Den går til heile dalen, og det er Ronny Stavsholt som skal vere programleiar.

Nokre år no har vi hatt sending også under sjølve sauesjået. Også vi som ikkje var der, hugsar då vinden tok teltet radioen hadde rigga seg til med for nokre år sidan.

I år vert det ikkje sending laurdagen. Dugnadsradio er avhengig av at folk kan stille opp, og i år var det ikkje så lett å få til eit slikt opplegg, så sjølv om det på programmet for dagen står at Valle Radio skal sende, så går det ut.

Men sauesjået er å møte menneske ansikt til ansikt på marknaden og i gata, så det er vel bare dei som ikkje har høve til å vere der, men som er heime og høyrer radio, som går glipp av dei store opplevingane. Sjølv er eg i Mandal også den helga, så også i år vil eg bare høyre korleis andre har hatt det.

Nokre er det vel og som har lyst å ta turen til Bygland og oppleve minnemarkeringa for Lars Liestøl. Du kan lese om han på Setesdalswiki og slik førebu deg til det arrangementet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_Knutson_Liest%C3%B8l

Farfar og morfar

Share

I dag vart eg farfar. Sigmund og Margaret i Ålesund fekk Henrik klokka 12.01 i dag og då meldinga kom ein time seinare, var både eg og Reidun glade og gledde oss med dei nybakte foreldrene. Ut over dagen har mange gledd seg med oss. Takk for alle gode helsingar både på mobiltelefon og facebook.

No står eg altså mellom to Henrikar, for far heitte Henrik. Så valde Sigmund og Margaret å kalle han opp, det var rørande og hyggeleg.

Henrik vart vårt fjerde barnebarn. Håkon, Kristine og Nikolai bur i Nittedal og har alt fått leve nokre år. Dei kallar oss mormor og morfar. No vert det farfar og farmor og.

 

Platespelaren fungerer

Share

Eg fekk raskt svar frå Jørund Georg, jo platespelaren skal fungere no. I kveld var det ikkje sending i Valle Radio, eg har haustferie og er i Mandal. I morgon er det heller ikkje sending, for fredag er det sauesjåsending til heile Setesdal. Det er Ronny Stavsholt som skal ha ansvaret for den.

Mange meiner at det er godt gjort å halde ut med dugnadsradio år etter år. I år er det 15 år sidan første sendinga gjekk på lufta, det var i desember og vi hadde studio i det gamle kommunehuset. Ei så lita bygd som Valle, kan ein ha så mykje å lage radio om.

Stoff er ikkje vanskeleg å finne. Det går greitt å finne stoff til aktuell time dei fleste gongene. Og ein kan jo fylle på med litt musikk. Problemet er vel heller å ha folk til å gjennomføre det som skal til for å få ei sending på lufta. Då trengst både teknikar, programleiar og telefonvakter. Det har vi klart å halde til no, staben er så pass stor at det vert ei onsdagssending i månaden på dei fleste.

Det at vi har sendingane på onsdagane er nok og noko av grunnen til at vi ikkje går trøytte. Bykle Radio hadde sine sendingar på fredagane. Då nådde dei hyttefolk og hadde mange fleire lydarar enn på ein onsdagskveld. Men det gjekk ut over helgene til folka som laga radioen, dei heldt på til midnatt og vel så det, og då var jo laurdagen for familien og prega av at ein hadde vore i radioen. Det er i alle fall mi vurdering, å ha sending onsdagskvelden krev ikkje så mykje, vi sluttar i rimeleg tid, og helga er jo ikkje berørt for oss som er med.

Så vert det litt anna når det er fredagssending, men det er ikkje så ofte. Normalt er det bare eit par gonger i semesteret at vi byter med Radio Evje om å ha fredagssending til heile dalen. Det har vi klart å få til så langt. Eg ønskjer dei som skal lage sauesjåsending 2012 lukke til med fredagskvelden.

Platespelaren i Valle Radio

Share

Det er mange som meiner at ein ikkje lenger treng platespelar. Av omsyn til Niklos K. Besteland som har mange LP-plater med orgelmusikk, har han likevel fått stå i Valle Radio sjølv om det meste av musikken er på cd-ar og spotify.

Då dei i sommar la om studio, fekk vi bruk for ein ekstra mikrofon, og då vart miksebordet bygd om. I samband med det vart LP-spelaren midlertidig kopla frå, og då vi skulle spele LP i ei sending tidlegare i haust, var alt daudt. Heldigvis fann eg ei innspeling på Spotify av verket, så vi vart berga, men det er mange gamle innspelingar som bare finst på LP.

Klok av skade ringde Niklos i dag. I morgon er det ikkje sending, vi har haustferie denne veka. Men neste veke vil han spele LP, og spørsmålet var om platespelaren i Valle Radio no fungerer att. Det kunne eg ikkje svare på, så eg maila vår tekniske sjef Jørund Georg om saka og vonar at neste tysdag er alt i beste stand.

I den seinare tid ser ein at LP-plater kjem tilbake att, folk vil ha musikk i det formatet. Så det var nok lurt å ikkje kaste spelaren, både for å få spelt orgelplatene Niklos har samla gjennom livet i dei programma han har, og fordi ein har høve til å spele slike plater og i andre program.