Pernille

Share

Kafeen i Sentrumsbygget er møtestad for mange. I november har eg hatt høve til å stoppe der nokre gonger, og eg ser at mange eldre menn likar å sitje der. Dei kjem til middag og sit både ein time og to timar før dei går heim. Då løyser dei verdsproblem både på heimefronten og utefronten, verkar det som, for praten går livleg rundt bordet.

For meg har det høvd slik at eg har fått meg middag der. Eg vart tipsa av Ove Kjetså om at det var råd å kjøpe klippekort på middagane. Han har seg middag der mest kvar dag, som oftast saman med Tony Halsall. Då får ein dagens middag med dessert for 95 kroner. Kortet kostar 950 kroner, ein må altså rekne med å kjøpe 10 middagar. Men det er råd å få til det for folk som er på Evje nokså regelmessig.

I går sat eg der saman med Over og Tony. Ove eig og driv Kjetså Design, det er han som har laga logoen til Setesdalswiki, han lagar og mykje av designen som Setesdal Regionråd nyttar, han held til i bygget som Setesdalstrykk har på Evje. Saman med kameraten Tony Halsall, som jobbar i Otrahallen, er han ivrig o-løpar, ein sesong fekk dei med seg 50 orienteringsløp. Praten gjekk rundt Setesdalswiki, Ove held seg unna datamaskinen når han har fri, men Tony er på nett det meste av tida. Han er også ivrig fotograf, denne gongen hadde han bilete frå handball-laget til Otra IL som hadde vore i Froland og vunne kampen, og då hadde dei blitt så glade at ein sprut av konfetti dryssa ned over spelarane.

Så gjekk dei tilbake til kvar sine gjeremål. Då oppdaga eg at Olav Knutson Rike sat ved eit anna bord. Han hadde kome frå Kristiansand med buss til Evje, no venta han på buss vidare opp dalen. Dermed fekk eg selskap i bilen oppover denne måndagskvelden. Praten gjekk minst like livleg som rundt kafeborda på Pernille, så den turen frå Evje til Valle gjekk fort, sjølv om vi nok brukte lenger tid på turen enn eg pleier når eg køyrer aleine. Pernille har ein viktig funksjon midt i Evje sentrum.

Valle radio

Share

Tysdag 20. november
Ansvarleg. Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. november
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter frå 20.30: Ingunn Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Frode Verpe
20.00 Kim André Rysstad med vener på Hylestad soknehus Program ved elevar ved Valle vidaregåande skule
21.00 Opi sending. Ring inn på telefon 379 37577

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sukk

Share

Det verkar som om eg har eit problem med oppsettet på windows på den bærbare maskinen eg nyttar. I dag tidleg skreiv eg inn overskriftene i gårsdagens Setesdølen, men før eg fekk lagre arbeidet, bestemte windows seg for at det var tid for oppgradering. Utan å spørje om det passa og å gje meg tid til å lagre arbeidet mitt, vart nettlesaren lukka. Så gjekk det eit par minutt, så var oppgraderinga gjort. Ikkje skru av maskinen, stod det så fint på skjermen.

Men problemet var at maskinen skrudde av nettlesaren min utan at eg fekk lagre. Dermed måtte eg taste inn det eg hadde arbeidd med frå morgonen av ein gong til. Det tok nokre timar før eg fekk manna meg opp til å gjere det.

Heldigvis hadde eg vore innom på biblioteket i Valle torsdag. Der har dei framleis bøker att etter boksalet i haust, og eg kjøpte meg ei bok for fem kroner og tenkte eg fekk lese litt no i dei mørke haustkveldane, eg kan ikkje bare sitje og taste inn på Setesdalswiki. Leksikonet runda 3400 artiklar nyleg, så vi er på full fart mot 3500, men ein pause i skrivinga kan vere godt. Så eg sette meg til med boka Livets gave av Marianne Ruuth, som er ein amerikansk forfattar. Det var ei medrivande bok, så dagen med lesing vart lang før eg atter kom til datamaskinen og fekk gjort om att det som vart borte.

No har eg lese ut boka, den handla om det brutale livet ei kvinne opplevde i Sverige for rundt tusen år sidan. Det var godt skildra, eg kunne ikkje anna enn å sukke over det samfunnet som trellar, bønder og kvinner opplevde på den tida og takke for at kongar og stormenn no for tida ikkje måler styrke i lokale krigar fullt så ofte som det kunne sjå ut til i det samfunnet som boka skildra.

Frisørbesøk

Share

Av og til må ein til frisøren. I Valle kommune har det vore vanskeleg den siste tida, men no er det lys i tunnelen, i alle fall for menn, men kanskje og for kvinner. Kan hende løyser seg for kvinner ved at folk frå Europa kjem til oss og skaffar seg eit levebrød, det er sikkert mange arbeidsledige frisørar i både Spania og Hellas.

Suchirarart Dappakphing har etablert frisørsalong for menn på Rysstad, kunne vi lese i Setesdølen 9. november 2012 side 10. Ho har drive som frisør i Thailand i over 25 år, så erfaringa er det ikkje noko i vegen med. Suchirarart Dappakphing er elev på vaksenopplæringa i Vallle, og i dag tok eg turen til henne for å få stelt håret mitt, det var blitt så langt at det krølla seg over øyro. Ho har stelt til eit lite rom i huset til Odd Pedersen like ved Sølvgarden, og snart sat eg i stolen og vart dulla med etter alle kunstens reglar.

-Skal eg ta mykje eller lite, spurde ho.
-Ta mykje, svarte eg.

Så gjekk ho i gang med elektrisk klippemaskin, det var så behageleg at ein kunne sovne. Lokkene fall og eg kjende meg betre for kvart minutt. Ho tok seg god tid, men etter kvart vart ho ferdig. Då var det fram med såpe og barberkniv for å kutte fin kant rundt heile, ja, ho tok hårvekst i øyrene også. Eg vart så fint klypt som eg sjeldan har vore, men prisen var som i frisørsalongen eg har brukt å gå i i Mandal, 200 kroner. Og på Rysstad slapp eg parkeringsproblema eg har der, så eg vil nok bruke Suchirarart som frisør fleire gonger, det var ei fin oppleving.

Eg tenkte eg kunne dele den med deg, det er ei glede om vi kan få bruke ressursane som utlendingar som kjem til Valle kan tilføre bygda.

Komper med graslauk og anna eg ikkje visste

Share

Eg lærer stadig noko nytt når eg er i Valle Radio. I kveld kom det eit innspel til komper, ein matrett eg har lært meg å like i vaksen alder. Heime på Ålgård hadde vi komle, dei kunne vere med og utan dott, men dei var små, og så hadde vi kjøt og kålrot og poteter til, komla var ein del av retten, ikkje ein solorett, som her på Agder. Men Angerd Mosdøl hadde kompe med graslauk til, det var ein ny variant, eg veit jo at folk har tyttebærsyltetøy til kompe, men eg er kjent med smør og sukkker, det får vere nok.

I kveldens open sending hadde eg ni rebusar, åtte vart løyste av kvinner, men heldigvis kom Åsmund Rygnestad inn i studio, så eg fekk ein mann med i sendinga. Og heldigvis var det telefonar frå ulike folk, så ein slapp å ha same innringar på lufta mange gonger. Verdien for dei som høyrer på er større når det er variasjon i innringarane.

I løpet av sendinga fekk eg og høyre om smalahove som mat, at den tradisjonen forsvann frå dalen då ein ikkje lenger kunne slakte heime. No må ein i så fall kjøpe hovud att frå slakteriet, og det er det ikkje mange som gjer. Men til helga skal det vere smalahove på menyen på Ogge Gjesteheim, elles må ein vel helst til Voss for å smake på den tradisjonsmaten.

Vi snakka og litt om frivillig innsats, i samband med at Ragna Kallhovd fekk frivilligprisen i Evje og Hornnes for 30 års innsats med handlevogn på Evjeheimen og Hornnesheimen og mykje anna frivillig arbeid. Også på Valle Bygdeheim har ein ei slik ordning, det er Jorunn Lund Harstad som står for dette tilbodet, og ho har vore ei frivillig eldsjel i mange samanhengar.

I sendinga kom det og fram av Valle bygdekvinnelag sin kalender vart starta opp i 1995, den har eit opplag på 350 til 400, og dei fleste blir selde, det gir ei god inntekt til laget. No har Lisbeth D. Homme teke over arbeidet med kalenderen etter Ingebjørg Vegestog Homme, som no nærast må kalle seg konsulent i arbeidet.

Program veke 46, 2012

Share

Tysdag 13. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Ada Sofie Austegard: Livet er eit valg, ditt valg
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Organist Martin Hasselböck spelar Händel, Liszt og Mozart
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. november 2012
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Kl 18.00: Aktuell time
» 19.00: Tankar frå Bibelen v/ H.Viki
» 19.30: Kommunen informerer. Velkomstsenteret v/ Gunn Marith
» 20.00: Bjørgulvs time med gjester
» 21.00: Opi sending v/ Harald Haugland

Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Bitte & Tobbi

Telefonnr. 337937577
Mailadr: post@valleradio.com
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20121113
http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20121114&action=edit&redlink=1

Pludreradio

Share

I dag vil eg kommentere noko som eg har lagt merke til i NRK i det siste. Dei har slutta med å ha fast tidspunkt for nyheter. Eg skrudde på radioen klokka ni og tenkte at no får eg nyhetene, men nei, det eg fekk var intro til Nitimen. Så pludra programleiarane og presenterte kvarandre og om kva tid dei skulle trykke på knappen for å få inn dagsnyttstudio. Først etter at eg hadde venta eit minutt, fekk eg nyhetene eg hadde skrudd på radioen for å høyre.

Slik er det blitt i mange programflater. Norgesglasset er glimrande radio på føremiddagen, men dei har same systemet, og når eg ikkje er i modus for å høyre Norgesglasset, men vil få med meg nyhetene, så må eg gjette på kor lang tid etter heil klokketime eg må skru på radioen. Det same skjer om ettermiddagen.

Når det gjeld lokale sendingar, er dei og lagde inn på denne måten i Norgesglasset si programflate. Først kjem Dagsnytt, så tilbake til Norgesglasset, som pludrar litt før dei set over til distriktsnyheter.

Pludreradio er ok, vi pludrar i mange sendetimar i Valle Radio og. Men når det er tid for nyheter, meiner eg at vi bør få nyheter. På heiltime, ikke eit minutt etter heiltimen.

Lokale nyheter klokka ni er og borte, no får vi dei ti på ni, inne i distriktsprogrammet, når det passer med musikken. Men for oss som ikkje likar musikken i distriktsprogrammet, men gjerne vil ha med oss nyhetene, vert det ofte at dei fyk forbi oss, fordi vi ikkje skrudde på når det passa programleiaren å sende dei.

Slik bør det ikkje vere, vi vil ha tilbake nyhetene på faste klokkeslett, så kan pludreradioen ha sine programflater utanom dette. Den kan vi høyre når vi er i modus for det, og så kan nyheter vere sin eigen sjanger og ikkje ein del av pludringa.

Alkekonge

Share

I Setesdølen fredag fortalde Lars Breistøl om ei fugleoppleving utanom det vanlege. Jorunn og Olav J. Tveit frå Rysstad hadde funne ein alkekonge i vegkanten ved Vassend, Lars Breistøl hadde bilete av fuglen. Den artikkelen førte til at eg skreiv den første artikkelen om fugl i Setesdalswiki, i artikkelen i Setesdølen var det informasjon om at dette var tredje gongen alkekonge var observert i Setesdal, og første gongen ein levande fugl, dei to tidlegare observasjonane gjaldt døde fuglar.

I Setesdalswiki har eg tidlegare skrive om hestar, travhestar som setesdølar eig kan vel høve i eit slikt leksikon, men fuglar har ikkje vore grunnlag før artiklar før. Men denne gongen var det spesielt, alkekonge skal ein ikkje finne i våre trakter, det er ein sjøfugl som held til langt nord om sommaren og i havet elles. Truleg har sterk vind ført fuglen til Setesdal. Om han finn vegen til havet att, er ikkje godt å seie.

Den artikkelen vart nr. 3400 i Setesdalswiki, så leksikonet veks litt mest kvar dag. Ein artikkel no og ein ny då, utviding av eksisterande artiklar skjer også. Så til saman samlar vi ei kjelde til informasjon om Setesdal som kan vere til glede for folk som vil verte kjent med ein særmerkt og spesiell del av Norge. Men fleire burde vore med i skrivinga, då kunne veksten kome fortare. Prøv deg med ein liten artikkel ut frå ei rød lenke du ser, det er ikkje så vanskeleg som du trur.

KVS Bygland

Share

I går kveld tok eg turen til KVS Bygland. Dei skulle vigsle eit nybygg med matsal og møterom og diverse andre rom, to etasjar, 10 millionar. Etter omvisning og kveldsmat i det nye bygget gjekk vi på glatt føre opp til KVS-hallen for møte klokka 19.30. Der helsa styreleiar Anne Ma Timenes velkommen og gav ordet til rektor Ole Magne Omdal som leia ein fin fest i ein ledig tone. Mange bygdefolk møtte opp sjølv om det var ein torsdagskveld, eg trur nok at 40 av dei 74 elevane var der, tre av dei hadde innslag. Det var også sang av eit team frå Bibelskolen i Grimstad som KVS-Bygland samarbeider ein del med. Og så var det tale av Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Han nytta seg av powerpoint, dermed var det lett å fylgje ein god tale om å ikkje sleppe til mismot og motløyse.

Når ein tenkjer på utviklinga på KVS Bygland i løpet av ti år, må det vel sjåast på som ein draum både av skuleeigar og Bygland kommune. Skogskulen vart lagd ned fordi det var uråd å samle elevar, no går det 74 elevar der, og neste år utvidar dei internatkapasiteten med 8 hyblar, så då vil dei kunne ha over 80 elevar. Så langt eg kunne sjå, var det få jenter som gjekk på skulen, eg trur eg bare såg tre-fire jenter der, så dei har eit problem med å få betre balanse, men å gje praktisk utdanning og å ha høve til å forkynne dagleg til så mange unge må vere ei oppgåve som gleder Indremisjonsforbundet.

-Slik kveldsmat vil vi ha kvar dag, sa elevane, dei åt i lag med gjestene, og kunne gle seg over eggerøre og salami og mange andre påleggsortar å velje mellom. I tillegg var det både bløtkake og sjokoladekake, det var jo fest, vigsling av eit høveleg bygg, tenleg for dei tilsette og elevar, ja, heile bygda kunne nyte godt av det, meinte rektor. Bygdekvinnelaget hadde alt prøvd møteromet og kytte over opplevinga.

For min del var det første gongen eg var innom skulen. Det var ei positiv oppleving. Eg ønskjer lukke til med arbeidet til alle som har oppgåver der.

Aktuell time onsdag 7. november

Share

Denne kvelden var det mykje stoff i den aktuelle timen. Her er oversynet:

18.05 Torunn Charlotte Nyberg Lund og Frøydis Unneland om Sprekleiken 2012

Den skal gå av stabelen til laurdag med Tone Jorunn Tveito som spesiell gjest og motivator. I tillegg skal ho ha konsert med 40 dansarar om kvelden i samband med premieutdelinga. Sprekleiken i år er endra noko i høve til tidlegare år, men rundballetrilling er med dette året og. Av nye øvingar denne gongen er bogeskyting, Valle jakt og fiskelag er jo medarrangør av Sprekleiken. Så her er dei i forkant i høve til at det no vert arbeidd for å få lov til å gå på jakt med pil og boge.

Etter at dei var ferdige, gjorde vi klar for ein prat med Hallvard T.:

18.20 Rammeslått 1 Torleif H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum

18.22 Telefon til Hallvard T. Bjørgum i høve at programmet «Rammeslåttar, udøydeleg ekstase» (med Hallvard T.Bjørgum, av Ulf Myrvold) kjem på NRK2 fjernsyn onsdag 7. november kl 2230 (Dagens dokumentar), og torsdag kl. 12.50.

Han kunne fortelje at det har vore arbeidd med denne dokumentaren i fem år, og at det har vore filma både i Setesdal og Aserbadsjan. Etter Hallvard si meining er det felles trekk i folkemusikken, mellom anna hadde dei ein melodi som liknar på Håvard Hedde der nede.

18.35 Tarjei Haugen i studio for å fortelje om Tilskot til tiltak og prosjekt i SVR 2013

Ein kan søke tilskot til tiltak i og omrking verneområdet, dei må kome fleire til gode. Av tiltak som har fått støtte er lyngsviing i Hægebostad, for å gje betre beitetilhøve for ryper og dermed få opp bestanden. Eit anna tiltak som har fått støtte, er skilt og tavler i Lysebotn, der har til og med toalett fått pengar frå desse midlane. Søknadsfristen er 25. november, men folk kan ta kontakt og så finne ut om det er prosjekt som kan få stønad.

18.45 Telefon til Sigve Brun Jacob, som er kontaktperson for Vassdragsstyret for øvre Otra om møte om innfrysingstiltak mot krypsivproblem i øvre Otra

Det er planen å ha eit slikt prosjekt også dette året, det er to år sidan sist. Difor vil ein ha eit møte med grunneigarar på Ose for å få innspel til ulemper som folk har opplevd og slik bli betre på å redusere ulempene. Møtet skal vere tysdag 13. november i Ose grendehus.

18.55 Telefon til Arne Torp om deltaking i Førkveld i morgon med vallemal.no som tema.

NRK tek han frå Oslo til Bergen for å vere med i programmet. Han skal snakke om dialektar saman med ein person frå Jæren, men han vil nytte høvet til å snakke om valledialekten, for det var ei stor oppleving for han å vere med på arrangementet i kulturveka 2012