Livsmestring

Share

I dag er det klart at eg til tysdag klokka 19.30 vil ha eit program i Valle Radio om Livsmestring. Gjennom eit intervju med Ove Berrefjord vil eg prøve å få fram kva dette er innan psykiatrien. Mestringshusene har ein visjon: Vi hjelper mennesker til varig endring og frihet fra avhengighet. Mestringshusene held til på Bolkesjø i det nedlagde Gran Hotell. Dei tilbyr folk opphald i seks veker der ein følgjer Anonyme Alkoholikarar sitt program. Det skal bli interessant å høyre kva Ove har å fortelje.

I dag skreiv eg om han på Setesdalswiki. Han var lærar i Valle kommune, både på Hylestad skule og på Valle skule i 11 år. Setesdalswiki kan og brukast til å skrive om folk som har gjort ein jobb i Setesdal ein periode, men sidan flytta ut, så her er mykje å ta av.

Elles starta eg i dag å legge inn dei fyrste avisene frå 2003. Det betyr ikkje at eg har lagt inn alt som er yngre, men dei dukka opp i haugen med aviser, og då kunne eg like godt begynne på dei. Det er interessant å lese i gamle aviser, særleg når ein sjølv hugsar litt av det som hende.

Til dømes står det i avisa frå 7. oktober 2003 at Karin Bøe tek mastergrad i Rauland og difor må utsetje arbeideet med å lage eit hefte om tæpeveving i Setesdal. Så veit vi no at det skulle gå ni år før heftet kom, og då var det blitt til ei praktbok. Dei som venta tolmodig fekk langt meir enn dei nok hadde trudd var mogleg å få ut av eit slikt emne.

Kan hende er det slik med livet og. Om ein er tolmodig og ventar, kan ein mestre kriser og vanskelege hendingar som ein møter.

 

Gamle aviser

Share

Som nokon av dykk som les bloggen min vil vite, fekk eg ein haug med gamle aviser i fjor. Det var Valle kommune som rydda i arkivet sitt og fann ut at dei ikkje lenger ville spare på gamle aviser, men så fekk eg tilbod om å overta avisene, ettersom eg skriv inn Setesdølen på Setesdalswiki.

I okotober 2003 hadde eg programmet Munnharpeforum med Jon Melhus og Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme tysdag 8. oktober og dagen etter hadde eg med meg Olav M. Holen til å fortelje om medisinske planter. Å sjå dette gav gode minne om program som snart er ti år gamle. Mange lurer på om vi klarer å halde liv i Valle Radio, men eg trur det vil gå greitt, det er framleis mykje å snakke om, det gjeld vel bare å få folk i tale som har noko på hjarta.

I den same avisa stod det at Geir Magne Feed var tilsett som leiar på Evjetun leirskule, og då var plutseleg avisa svært aktuell, for i Fædrelandsvennen i dag hadde Johs. Bjørkeli ein prat med han i serien Dagens navn fordi han fekk LOS sin ildsjelpris for innsatsen han legg ned for Otra IL. Så gamle aviser kan setje perspektiv på saker som ein finn i nye aviser.