Ein produktiv dag

Share

I dag auka Setesdalswiki med 11 artiklar. Kva dei handla om kan du sjå på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Spesial:Nye_sider

Då finn du at eg har skrive inn aviser frå 2003, men og første avisa i 2013, det er jo eit tiårssprang om lag. Og i det perspektivet kom ein artikkel om Margit Løyland, som i fjor gav ut ei bok om Hollendartida i Norge. Om du samlar på bøker relatert til Setesdal, bør du vel ta ein tur til Setesdal Libris og få den inn i boksamlinga di, ikkje fordi emnet er relatert, men fordi forfattaren er frå Grendi.

Reidar Tveito skreiv og ein artikkel i dag, om ei bok som Aust-Agder Turistforening har gjeve ut om turar i området deira. 123 turer i Aust-Agder, Nissedal og Fyresdal. Om Setesdalswiki kan ha artiklar om bøker som folk frå Setesdal har skrive eller som handlar om Setesdal, så er det flott, så artikkelen til Reidar var kjærkomen.

Eg hadde vel mål om å runde 3600 artiklar i dag, men om ikkje Reidar eller nokon annan skriv ein ny artikkel seinare i kveld, kjem nok ikkje milepelen før i morgon, for eg får kome meg til Valle i vintermørket. No er vel trafikken frå Hovden og Brokke stilna, så ein kan få ein triveleg tur oppover dalen. God sundagskveld til deg som les dette.

Heile dalen

Share

Fekk ei melding frå Ørnulf Hasla i dag om at i 2013 vil sendingane våre gå til heile dalen kvar onsdag. Til no har vi sendt til heile dale to fredagskveldar i semesteret, pluss påskesendingane. Men etter at det er kome ønske frå Radio Evje om at vi burde sende Valle Radio sine program over deira sendarnett når vi har sending, er det lagt til rette for å kunne gjere dette på ein enkel måte teknisk.

Eg meiner at det vil føre til endring i programma våre. Du vil nok oppleve at den aktuelle timen tek opp tema som gjeld heile dalen, ikkje bare i Valle. Men det vil neppe vere alle programleiarane som profilerer sendinga slik, og om ein gjer det ein gong, er det ikkje sikkert at vi gjer det neste gong. Framleis vil vi vere Valle Radio, ikkje Radio Setesdal.

Om det fungerer etter planen, startar vi med det opplegget alt komande veke. På samlinga vår før jol snakka vi om å få med folk frå Bygland og Bykle i programarbeidet. Om det let seg gjere, får vi sjå etter kvart. Stoff frå andre stader vil nok i stor grad kome via telefon, vi driv på dugnad og kjem neppe til å reise mykje til andre kommunar for å få stoff, sjølv om det nok kan hende at vi vil gjere det når tilhøva legg seg til rette.

Tips og idear til kva vi kan ha med i radioen, tek vi imot med takk. Du finn ei liste over programleiarar på Setesdalswiki, den kan du bruke om du vil tak kontakt med ein programleiar om ei sak, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013
Du kan og ringe meg, 9763 1408 om du har noko på hjarta, så avtalar vi korleis vi skal få det på lufta.