Marknadsundersøking

Share

I kveld fekk eg ein telefon frå eit byrå som driv med marknadsundersøking. Normalt svarar eg nei på slike telefonar, men det var Valle Sparebank som var kunde og tema, og som kunde i banken kjende eg meg noko forplikta til å svare.

Slike undersøkingar har ofte ein skala på 1 til 10, der 1 er dårleg og 10 er godt. Men så er det nokre lurespørsmål som får omvendt skala. Om ein er litt smart, svarar ein fem på alt saman, då slepp ein å tenkje. Men når Valle Sparebank er emnet, så får ein skjerpe seg og svare rimeleg på spørsmåla, dei er jo hovudsponsor for Valle Radio, og i kvar sending seier Thor Åmli i reklamen deira at ein får ikkje noko betre enn Valle Sparebank. Når til og med Vidar banksjef lovar at han skal ut og sjå etter tennene i fontenen når han allikevel er innom i banken om kvelden, skjønar ein jo at det stemmer, ein får ikkje noko betre enn Valle Sparebank.

Eg har hatt Vidar Homme med i Valle Radio mange gonger, og han fortel at dei pleier å score godt på den marknadsundersøkinga, som dei gjer kvart år. Og når det gjeld banken vår, er det sikkert rett, men gruppa Terra, som dei jo er ein del av, vil eg tru får dårlegare score, dei selde jo produkt som gjorde at kommunar miste mykje pengar og framleis held på med rettssaker i USA for å prøve å få pengane tilbake.

Intervjuaren lurte på om eg hadde ein spesiell kontakt i banken, men eg sa at det hadde eg ikkje, eg opplever å verte godt ivareteken same kven eg snakkar med. I romjola hadde eg ein hyggeleg prat med Erling Sagneskar og fekk fiksa ekstra nedbetaling på lån, det var ei god løysing som eg var godt nøgd med, og sjølv om banken kanskje i det lange løp fekk mindre renteinntekter, var Erling svært hjelpsam for å ordne det eg hadde på hjarta.

Valle Sparebank er nok ikkje den billegaste banken for meg. Men eg har halde meg til banken og meiner at eg har hatt ein god bank dei åra eg har budd i Valle, og eg har ikkje planar om å bytte bank. Dette fortalde eg ho som var i andre enden av telefonlinja, og eg vonar at tala mine kjem med i oppsettet ho leverer når marknadsundersøkinga er slutt. Dei er nok anonyme, men truleg vil marknadsundersøkinga fortelje at kundene er godt nøgde med Valle Sparebank.

Veke 3, 2013

Share

15. januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Country Gospel Timen med Per Govertsen
19.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. januar
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå klokka 20.30: Jorunn Helle og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Gunn Marith Homme
20.00 Ronnys time. Gjest: John Ødeskaug. Tema: Kulturlandskap Oveinang
21.00 Open sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme. Telefon 379 37577

* Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
* Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
* Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
* Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Kaos

Share

Det verkar som om snøfallet i dag førte til trafikk-kaos ved kysten. Lastebilar kom på tvers i Trysbakkane og mindre bilar sklei ut andre stader. Då eg i fem-tida i dag tidleg sette kursen mot Valle, var vegane der sør turre og nesten utan bilar, det er sjeldan mange ute på vegen før ein halv time seinare, så det gjekk nokså rakleg frå Mandal til Brennåsen. Opp gjennom Songdalen må det naturleg nok gå litt rolegare, der er det 60 km i timen det meste av vegen, og frå Stokkeland til Vehus er det glatt, men då eg kom over på Setesdalsvegen, var det turr veg der og.

Eg sat og tenkte på alle dei som køyrer slik kvar dag for at vi skal ha varer i butikkane og alt vi elles treng når vi treng det. Dei gjer ein stor jobb. Eg hadde fylt tanken sundagskvelden i Mandal, så ferda gjekk utan stans til Evje, der eg tanka opp kaffikoppen og fekk meg ein matpakke før eg fortsette ferda oppover Setesdal. Etter kvart vart det litt trafikk på Riksveg 9, men i grunnen var det ikkje før eg nærma meg Rysstad mellom sju og halv åtte at det var noko å tale om. Litt over halv åtte stoppa eg i Valle og tenkte at det hadde vore ein fin tur.

Øystein hadde nok meir oppleving av kaos, for då han kom heim sundagskvelden etter å ha vore ein tur til Kongsberg, var vatnet klaka, og vi er jo vane med at vatnet kjem når vi skrur på krana, så det var ikkje så koseleg. Måndagen måtte han til med varmeomn i kummen for å få tint opp røyret, og heldigvis lukkast han utan å måtte halde på så veldig lenge, så det ordna seg på ein god måte for han og.

Det skal i grunnen ikkje så mykje til før vi opplever noko som vi kallar kaos. Nokre bilar som kjører i grøfta eller noko av infrastrukturen som ikkje fungerer slik det pleier, så kjem kaos-ordet fort fram. Men vi ser på TV kvar dag at folk lever og fungerer sjølv om dei opplever langt større kaos enn vi i vår fredelege krok kan tru var mogleg å fungere under. Vi vender oss lit til at slik skal det vere og. Men vi kan nok fungere om kaoset er større enn vi til vanleg opplever. Så langt har eg ikkje hatt trong for nokon kaospilot, og godt er det.

Varmt venterom

Share

Mange av dykk som les bloggen min, vart nok overraska over kåseriet mitt på Valle kommune sitt jolebord i desember 2012, der eg tok opp spørsmålet om buss-skur i Valle. Bakgrunnen var at nokre elevar som skulle til Evje og Arendal ein dag før jol, stod i ly for blåst og regn i inngangspartiet til Menighetshuset ein tidleg torsdagsmorgon og opplevde at bussen, som var litt sein den morgonen, køyrde rett gjennom sentrum utan å stoppe, for det var jo ikkje folk på haldeplassen.

I dag kom eg over eit lesarbrev som Ålaug Rosseland skreiv på moisund.com 22. februar 2010. Ho kommenterer situasjonen som vi hugsar frå nokre år tilbake då fylkesmannen ville nekte Evje og Hornnes kommune å regulere eit område på Moisund til bustadfelt fordi det oppmuntra til bilkøyring. Ho meiner at ei positiv vinkling i høve til dette ville vere å setje opp eit varmt venterom for folk som skulle ta bussen. Om ein buss-stopp er innbydande, vil fleire ta bussen. Sjølv pendlar ho til Kristiansand og set stor pris på varmt venterom med sykkelparkering på Evje. Slikt bør ein få fleire stader, meiner ho. Les heile innlegget hennar her: http://www.moisund.com/2010/02/22/lesarbrev-fra-alaug-rosseland/

Ålaug Rosseland er sivilarkitekt og arbeider som byplanleggar i Kristiansand kommune. Ho tenkjer meir kreativt enn eg, som er temmeleg bunden til bilen. Men Sentrumsplan for Valle bør ha plass for ikkje bare eit buss-skur, men eit varmt venterom for bussreisande, gjerne med råd for å få parkert sykkelen for dei som syklar til sentrum for å ta bussen. Ikkje minst vinterstid med mange minusgrader tilseier noko slikt. Då vil det å reise med buss verte eit meir reelt alternativ for folk som skal ein tur til Evje eller Arendal eller Kristiansand.

Utlada og opplada

Share

Etter å ha vore høgt oppe onsdagskvelden i Valle Radio, der eg først hadde samtale med fire noverande og ein tidlegare ordførar om kvinner i politikken i Setesdal og om voner for året som ligg framom oss, og der alle understreka kor viktig Riksveg 9 er for Setesdal, og derette hadde ein timelang prat med kraftverksdirektør Reidar Ove Mork om utbygginga av Brokke Nord og Brokke Sør, var eg temmeleg utlada både torsdag og fredag. Dette var to program som eg hadde lagt ned ein del planlegging i å få til, og eg følte at eg lukkast.

Ørnulf Hasla, som er styreleiar for Valle Radio, har nådegåve til å oppmuntre. Alt onsdagskvelden tikka det inn SMS om at det var gode program, og når eg skriv på Facebook om relevante ting, kjem det som oftast eit Liker-merke frå han. Eg skulle ønske at eg var like flink til å oppmuntre vener og medarbeidarar, for det gjer godt, ikkje minst når ein er noko utlada og lurer på kva ein skal finne som programinnslag neste gong ein har sending. Det er jo bare få dagar att, så er det ny tysdagssending, og scoopet med å få Ove Berrefjord til å snakke om Livsmestring kan ein jo ikkje repetere neste veke.

Men så syner det seg smått om senn at det går an å finne nytt stoff til neste veke. Ein les litt i aviser og bøker og får impulsar og tankar, og smått om senn formar det seg eit opplegg for ein ny kveld, kan hende vert han ikkje så god som sist veke, men noko finn ein å lage program om likevel. Så skriv eg programmet og sender det til avisa og legg det ut på bloggen og lagar programside på Setesdalswiki, og plutseleg er eg i gang att. Opplada og klar til ny sending.

Takk til dykk som ved gode ord og omtanke hjelper oss til å lage program i Valle Radio.

Brokke Nord og Sør

Share

I Haralds time i går kveld hadde eg med meg kraftverksdirektør Reidar Ove Mork. Tema for samtalen var Brokke Nord og Sør, eit prosjekt som har hatt ei lang modningstid før det endeleg vart sett i verk. Han hadde sagt at han ikkje ville slutte før han hadde fått det prosjektet i hamn, men etter kvart hadde han mest ikkje trudd han skulle få det med seg.

Reidar Ove Mork kom til Setesdal i samband med utbygginga av kraft i dalen, selskapet han arbeidde for hadde fått eit oppdrag her. Han arbeidde med boligbygging i Oslo som sivilingeniør frå NTH, men vart med til Setesdal og vart verande her, sjølv om han ikkje hadde tunnelbygging og kraftverksteknologi i utdanninga si.

Brokke Nord og Sør er to utbyggingar, ei sør for Brokke kraftstasjon som skal leie tre bekker eller elver inn i tunnelen frå Farå og ned i kraftverket, den andre nord for Brokke, heilt nord i Bykle, der dei byggjer ein dam i Sarvsjuvet og fører fleire elever og bekkar til den og så har dei ein kraftstasjon, Skarg, som produserer kraft av vatnet før det går vidare til Brokke. Den største elva som vert ført inn i dette systemet, er Bjørnarå. Alt skal stå ferdig til vårflaumen i 2014, så sjølv om det er meir byrdefullt å byggje om vinteren, står dei på, det er 130 mann i arbeid der og 30 mann i arbeid i Brokke Sør. Jo fortare dei blir ferdige, jo fortare kan kraftverket tene pengar på investeringa på 900 millionar kroner. Det skal gje straum til 9000 boligar.

Mork fortalde levande om arbeidet med å kome så langt som dei er komne til no, tunnelane er store og mykje stein vert frakta ut og lagt i tipp, som grunneigarane og kommunen kan nytte om dei treng masse. Han var spesielt nøgd med at dei hadde kome fram til minnelege ordningar med alle grunneigarane på slike ting, men spørsmålet om erstatning for fallrettar sirkulerer enno i rettsalane, Høgsterett slit med å finne løysing på korleis ein skal vurdere dette. Det får vi ta når den tid kjem, sa han og fortalde at han hadde vore til stades på alle rettssakene, -det er interessant å høyre dei vurderingane som vert lagde til grunn.

Timen gjekk fort, vi var også innom krypsivproblema og spørsmålet om innfrysing, som ikkje vart noko av i år på grunn av vegbygginga ved Langeid. Så mykje tid til musikk vart det ikkje den timen, praten gjekk og klokka gjekk fort mot 21, då eg overlet mikrofonen til Ronny Stavsholt, som hadde Opi sending til heile Setesdal for første gong ein onsdagskveld.

Fem ordførarar i samtale

Share

I kveld hadde eg tre ordførarar med meg i studio i Valle Radio: Tarald Myrum i Valle og Leiv Rygg i Bygland. Mor til Leiv, Magnhild Rygg, som var einaste kvinne som har vore ordførar i Setesdal, var og med i samtalen, som i stor grad kom til å handle om Stemmerettsjubileet 2013. På telefonen var Bjørn Ropstad frå Evje og Hornnes kommune og Jon Rolf Næss frå Bykle kommune.

I Evje kommune, som då var eigen kommune, var dei først med å velje inn kvinne i kommunestyret. Det skjedde alt i 1916, men Bjørn hadde ikkje så mykje å seie om henne, anna enn at ho heitte Maren Blomkvist.

Neste kvinne kom i Hylestad, som og var eigen kommune før. Der vart Jorunn T. Harstad vald inn i 1946 som vararepresentant for AP. Men fordi den valde representanten, Aani Rysstad, vart vald inn på Stortinget, kom ho inn. Ho sat bare ein periode, og deretter måtte ein i Valle vente til 1967 før Åsta Møll kom inn i kommunestyret for KrF.

I Bygland kom første kvinne inn i kommunestyret i 1963. Det var Ingebjørg Almedal, fødd Lande. Magnhild Rygg kunne fortelje at ho var mormor til Gunstein Bakke, forfattaren.

I Bykle venta dei til 1968, då kom det to kvinner inn i kommunestyret, Margit Hoslemo og Gunhild Lyngtveit.

Tarald Myrum kunne fortelje ei historie om at det ikkje var lett å vere kvinne i Valle kommunestyre. Åsta Møll var noko plaga av røyken, som låg tett som skodde i romet der møta var. Ho hadde difor sagt «jeg dør av denne røyken». -Heve dei ikkje varamenn i Kristeleg Folkeparti, var kommentaren frå andre enden av romet.

Elles gjekk praten mellom dei fem om oppgåver i 2013. Næringsutvikling er ei viktig oppgåve, å sikre at Riksveg 9 får full uttelling i Nasjonal Transportplan er også svært viktig. Der lova dei å halde fullt trykk framover.

Magnhild fortalde at i hennar heile periode som ordførar, var dei fire kvinner og ein mann i formannskapet. Arna Bakke og Reidun Horverak var varaordførarar den perioden, og det skuldast ikkje noko kvinnekupp, det bare vart slik. Ho gjekk inn i mange oppgåver som hadde vore initiert av forgjengaren hennar, så det var ein travel periode på seks år ho var leiar i Bygland kommune.

Eldsjeler

Share

Otra IL har to eldsjeler som heiter Geir. Dei fekk LOS-fondets ildsjelpris for 2012, Geir Magne Feed og Geir Daasvand. I dag skreiv eg artikkel nr. 3600 på Setesdalswiki, den handla om Geir Magne. Han er rektor på Evjetun leirskule, men er mest kjent for aktiviteten i Otra IL, der han er leiar av skigruppa. Du kan lese artikkelen på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Geir_Magne_Feed

Elles har dagen vore brukt til å prate med ordførarane i Setesdal. Dei vert med i Valle Radio onsdagskvelden, alle saman. Då skal vi snakke om Stemmerettsjubileet 2013 mellom andre ting og prøve å finne ut kven som var første kvinne i kommunestyra i Setesdal. Kan hende vert det artiklar på Setesdalswiki av det etter kvart. Det har vore fleire varaordførar-kvinner opp gjennom åra, særleg i nyare tid, men bare ei kvinne har vore ordførar, Magnhild Rygg, mor til noverande ordførar i Bygland, Leiv Rygg. Kan hende får vi til noko med henne og i Valle Radio onsdagskvelden.

I 2013 går sendingane til heile Setesdal, ettersom vi sender på Radio Evje sitt nett også no. Det blir spennande for opi sending-porgramma, det pleier å kome fleire telefonar når heile dalen er med.

 

Program for veke 2, 2013

Share

Tysdag 8. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nyttårskantate. Fra Bachs juleoratorium
19.30 Livsmestring. Intervju med Ove Berrefjord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Musikk til nyår ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time. Reidar Ove Mork fortel om Brokke Nord og Sør
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt. Telefon 379 37 577

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
*Epost: post@valleradio.com

Valle Radio til heile Setesdal
-I 2013 vil Valle Radio sende til heile Setesdal, fortel styreleiar Ørnulf Hasla til Setesdølen. -Hausten 2012 fekk vi eit spørsmål frå Radio Evje om dette, og vi vil gjerne at sendingane våre skal kunne høyrast også i nedre Setesdal, så no er det lagt til rette for dette. Sjølvsagt kan ein framleis høyre sendingane våre på Internett rundt om i verda.

Hasla trur nok at dette vil føre til at programleiarane av og til tek opp tema som er aktuelle i Evje og Hornnes og Bygland. Men Valle og Bykle, som har vore radioen sitt nedslagsfelt til no, vil framleis ha hovudfokus onsdagskveldane. Harald Haugland, som har ansvar for tysdagskveldane i Valle Radio, seier at han vil halde fram med opplegget som har eit kyrkjeleg kulturelt preg.

-I sendinga tysdagskvelden skal eg ha med Ove Berrefjord, som var lærar i Bygland og Valle for 20 år sidan. Han skal snakke om livsmestringsprosjektet han no driv i Vestfold, fortel Haugland, som og vil sende musikk av Johan Sebastian Bach i radioen denne kvelden.

-Onsdagskvelden klokka 20 er det klart at Reidar Ove Mork, sjefen for Otra Kraft, skal vere med i Valle Radio og fortelje om Brokke Nord og Sør, kraftverksutbygginga som no foregår i Bykle og Valle. Og så vonar vi å få til noko om stemmerettsjubileet i den aktuelle timen frå klokka seks, seier Harald Haugland, som skal vere programleiar også onsdagskvelden.

Ein produktiv dag

Share

I dag auka Setesdalswiki med 11 artiklar. Kva dei handla om kan du sjå på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Spesial:Nye_sider

Då finn du at eg har skrive inn aviser frå 2003, men og første avisa i 2013, det er jo eit tiårssprang om lag. Og i det perspektivet kom ein artikkel om Margit Løyland, som i fjor gav ut ei bok om Hollendartida i Norge. Om du samlar på bøker relatert til Setesdal, bør du vel ta ein tur til Setesdal Libris og få den inn i boksamlinga di, ikkje fordi emnet er relatert, men fordi forfattaren er frå Grendi.

Reidar Tveito skreiv og ein artikkel i dag, om ei bok som Aust-Agder Turistforening har gjeve ut om turar i området deira. 123 turer i Aust-Agder, Nissedal og Fyresdal. Om Setesdalswiki kan ha artiklar om bøker som folk frå Setesdal har skrive eller som handlar om Setesdal, så er det flott, så artikkelen til Reidar var kjærkomen.

Eg hadde vel mål om å runde 3600 artiklar i dag, men om ikkje Reidar eller nokon annan skriv ein ny artikkel seinare i kveld, kjem nok ikkje milepelen før i morgon, for eg får kome meg til Valle i vintermørket. No er vel trafikken frå Hovden og Brokke stilna, så ein kan få ein triveleg tur oppover dalen. God sundagskveld til deg som les dette.