Program for veke 18, 2013

Share

Denne veka er ei av vekene der det blir endringar, for 1. mai fell på ein onsdag. Det var ikkje sett opp noka sending 1. mai, dagen er jo rød, men det blir altså sending likevel. Ikkje vanleg onsdagssending, men kommunestyremøtet frå sist veke, som bare vart streama over Internett, kjem i reprise på vanleg sendetid. Sist torsdag kunne Valle Radio ikkje sende noko til vanlege radioar, for Bykle Radio overførte kommunestyremøte i Bykle. Dermed gjekk Valle kommunestyre sitt møte bare på Internett. No får ein altså høyre det på FM onsdagskvelden. Om det blir noko meir enn overføring av kommunestyremøtet denne kvelden kjem an på om nokon har noko dei vil ha med på radio denne veka. Det er ope for kven som helst å ta kontakt om dei vil på lufta 1. mai.

Tysdagskvelden får eit normalt program denne veka.

Tysdag 30. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Harald Haugland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kommunestyremøteoverføring frå 24. april 2013

Gode lenker
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Aktuelle saker

Share

Av og til skulle eg ønske at vi hadde radio kvar dag, slik at vi kunne følgje opp aktuelle saker. Torsdag kveld var det biljakt der politiet stoppa ein bil med spikermatt ved Esso-stasjonen på Hornnes. Fædrelandsvennen som kjem ut kvar dag, hadde oppslag om det i nettavisa si fredag. Saka rakk ikkje fredagsavisa, og ho var vel for gammal for laurdagsavisa, den har eg forresten ikkje sett enno. Her er lenke til saka hos Fævennen, den var ikkje låst då eg var innom: http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/Bil-stoppet-med-spikermatte-etter-biljakt-2399987.html#.UX2ACLV7JXk

Neste Setesdølen kjem til tysdag, då er nok saka for gammal, ho er i alle fall ikkje aktuell, for dei to som sat i bilen er pågripne og sit truleg i fengsel når Setesdølen kjem ut.

Nå kan ein jo diskutere om Valle Radio skal ha slike saker. Men hendingar i lokalmiljøet bør jo dokumenterast ein stad, og når vi sender til heile Setesdal, kunne dokumentasjonen skjedd hos oss.

Eg opplever nok at vi ikkje er rekna særleg med hos folk som har aktuelle saker å berette om. Det er som oftast slik at vi som har ansvaret for kvelden, må leite etter sakene og prøve å overtyde folk om at det er bryet verd å kome i Valle Radio og dele dei med omverda. Mange gonger skulle eg ønske at det var ein full postkasse av saker som vi kunne arbeide med når vi skal ha sending, men det er det jo aldri. Som oftast ligg det bare nokre generelle pressemeldingar i innboksen, lite å lage lokalradio på.

I kveld vil eg takke dykk som tek kontakt med Valle Radio når de har aktuelle saker de vil dele med lyttarane. Det er kjærkome for oss programleiarar.

Verneverdiar

Share

I siste kommunestyremøte løyvde kommunestyret 100.000 kroner til eit prosjekt for kartlegging av verneverdiar knytt til botanikk og kulturlandskap i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Det er store verneverdiar i området, men dei er lite kartlagde. Det er heller ingen samordna strategi for å ta vare på og skjøtte desse verdiane. Prosjektet som det no vart løyvd pengar til skal dokumentere desse verdiane slik at den nye forvaltningsplanen kan ta omsyn til dei. Ein skal kartlegge naturtypar som slåttemark, slåttemyr og haustingsskog.

Arbeidet skal gjerast i feltsesongane 2013 og 2013. Det skal leverast rapportar for arbeidet innan 1. desember kvart år. Ein skal prioritere fem tiltak i kvar kommune, Bykle, Valle og Bygland. Ein skal og kartlegge verneverdiar knytt opp mot bygningar og bygningsmiljø, noko som fell inn under arbeidsområdet til fylkeskonservatoren.

I planen Et godt varp heiter det:

Gårdene i Setesdal har en særegen tunstruktur. Tettheten av kulturhistorisk verdifulle bygninger i et kulturlandskap med stor tidsdybde, gjør at dalen har en rekke nasjonalt viktige kulturmiljø. Det er behov for å få kartlagt disse. Gårdsanleggene med hus og innmark er kulturmiljøer som har vært i kontinuerlig utvikling siden middelalder.

Høyt tempo knyttet til utbygging og utvikling av fritidsbebyggelse i regionen, legger press på kulturminner i dalen. Den eldre bebyggelsen er truet fra flere hold. På den ene siden er verdifulle bygninger er truet av riving og flytting. Flytting av bygninger ut av landsdelen, forekommer i mindre grad enn tidligere, men fortsatt er det aktuelle problemstillinger knyttet til flytting av loft og andre bygninger internt i landsdelen. På den andre siden er det mange konsesjonspliktige eiendommer i Setesdal som ikke er i bruk, og hvor husene står tomme store deler av året.

Driftsendringer og nedleggelser av bruk/fraflytting truer både kulturlandskapet og husene. Erfaring og statistikk viser at bygninger som brukes, blir ivaretatt, mens de som står tomme, forfaller. Istandsetting og tilpassning til dagens krav er en særlig aktuell problemstilling for våningshusene, som er bolighuset på gården, og slik sett tunets hjerte.

Det er behov for bevisstgjøring knyttet til de nasjonale kulturminneverdiene i Setesdal. Dette gjelder i særlig grad politikere og kommune, men også eiere og allmennhet. Det er behov for en kartlegging av verdifulle kulturmiljø i dalen.

Utsikt frå Pernille kafe

Share

I dag fekk eg vindusbord på Pernille kafe på Evje. Det var hønsefrikassé på menyen i dag i tillegg til kjøtkaker, lapskaus og ertesuppe. Eg valde det første og fekk ein god porsjon.

Når ein får vindusbord ein fredag, ser ein kor travelt det er på Evje. Bilar kjem og køyrer, i dag var og motorsyklar ute og lufta seg, det skulle visst vere treff på Kilefjorden. Mange kristiansandarar stoppar, eg trur i alle fall det var det. Nokre går på Polet, andre på Rimi. Apotek og blomebutikkar er og populære ein fredagsettermiddag med solskin. Nokre har stø kurs mot Pernille og får seg middag eller ein kaffekopp.

Det er mange folk som er ute ein fredag. Evje er ein levande handlestad. Denne dagen sat eg heilt aleine, ingen kjende var innom den tida eg sat der. På nabobordet sat nokre postfolk, dei kjende naturleg nok fleire enn eg. Det verkar som om dei kjem her kvar fredag. Deira kommentarar om det dei såg ute på plassen var interessante å få med seg.

Då eg vel var komen ut att, møtte eg byklefolk. Dei studerte menyen og let til å meine at biffsnadder kunne vere god fredagsmat. Sjølv var eg innom Rimi og fekk meg noko frukt eg kunne ha i helga, litt fersk lettsalta fisk var og fristande. Så gjekk ferda nedover dalen medan stor trafikk kom i mot meg. Vinterfinale på Hovden trekkjer mange oppover. God helg.

Internettradio

Share

Som eg antyda tidlegare vart det Bykle kommunestyre sitt møte som kom på lufta i kveld. Men like før klokka seks kom det melding om at Valle kommunestyre sitt møte ville gå som Internettradio i kveld. Eg hadde imidlertid andre planar for kvelden, så eg fekk ikkje høyre sendinga.

Det har vore diskutert noko om korleis det skal gå med nærradioane som sender på FM når digitalradio-systemet slår inn og FM-radioane vert fasa ut. Etter kvart vil folk kjøpe radioar som ikkje har FM, og smått om senn vil ein ikkje kunne høyre Valle Radio i lufta. Men vi har jo Internett, og i kveld synte kan hende forma seg som vi kan ha om det skulle skje.

Vi sender jo sendingane våre over Internett kvar gong vi har sending, og det er som oftast nokon som høyrer på oss. Då eg hadde sendinga tysdagskvelden, var det 8 som var innom på det meste, og to av dei heldt ut heilt til slutt. Ein av dei må ha vore Olav Føreland i Søgne, for vi fekk melding frå han då sendinga var slutt der han takka meg og Niklos for Postludium-programmet. Den kvelden hadde Niklos laga eit program for å minnast Gotthard Arnér, den svenske organisten som ville vore 100 år 21. april i år. Han hadde funne flott musikk frå Storkyrkan i Stockholm og frå Kristinehamns kyrka og laga eit fint program den kvelden.

Til vanleg er det ikkje så mange som høyrer på Internett tysdagane, men onsdagane er det ein god del fleire, og i påska var det langt over hundre som høyrde sendinga på Internett.

Kva framtida vil føre med seg, er ikkje godt å seie. Men at det blir sendingar på Internett, er temmeleg truleg, ein treng ikkje krystallkule for å spå det.

Setesdalsprisen 2013 til Per Birkeland

Share

I Valle Radio si sending i går kveld kunne du høyre Erling Hellum sin tale før han delte ut Setesdalsprisen 2013 til Per Birkeland. Det var Ørnulf Hasla som hadde teke opp talen. Utdelinga skjedde under middagen på Setesdalskonferansen 2013 på Hovden Fjellstoge. Her kjem grunngjevinga:

Årets vinnar er i eigen divisjon når det gjeld sysselsetting, lønsemd og verdiskaping i regionen. Vinnaren er ein ekte kremmar og forreningsmann. Han har over tid bygd opp fleire verksemder som han er medeigar og leiar av. Kåringa i dag har samband med verksemda han har vore involvert i i Setesdal sidan ho var ny.

Som disponent og hovudaksjonær har han trygga og utvikla verksemda gjennom krevjande tider – og – gjennom å utvikle fleire verksemder i landsdelen – teke hand om fleire nivå og ledd i omsetningskjeda fram til forbrukar gjennom mellom anna annan verksemd som foredlar råvarene til nye produkt – og som eige grossistledd til dei store varehandelskjedane.

Verksemda er den største i ein av Setesdalskommunane og dobbelt så stor som nr. 2 i denne kommunen. Verksemda har oppvist positive driftsresultat og ein sunn økonomi heile vegen. Dersom vi ser bort frå Otra Kraft og Konsesjonsfondent, er verksemda den nest største bedrifta i heile Setesdal målt etter omsetnad, bare Setesdal Bilruter er større. Vinnaren er medeigar og driv verksemda med omsetnad nær 55 millionar i 2011.

I høve statuttane scorar verksemda og leiaren og høgt når det gjeld å vere banebrytande i høve bransjen på tidspunktet verksemda vart etablert. Verksemda har stor betydning for ei næring i heile Agder med omsetnad av ei råvare på vegner av ei spesiell næringsgrein. Verksemda starta som kommandittselskap i 1986 – ei selskapsform som var populær på den tida. Det går framleis gjetord om ordføraren som klarte å sameine mange krefter og få til etableringa av ei så stor produksjonsbedrift i sitt slag i regionen. Og det er han som framfor nokon skal ha mykje ære for etableringa. Kommunen er Bygland og ordføraren som det framleis går gjetord om heilt inn i Oslo og den tids Distriktenes Utbyggingsfond er Knut P. Sandnes.

Men prisvinnaren skal ha mykje av æra for drift og utvikling av verksemda sidan han kom inn som disponent. Han kan bransjen og har det kommersielle blikket for å lukkast over tid. Han blir omtalt som ein viljesterk person som plar få det som han vil. Det blir og sagt at han let tida arbeide for seg til han kjem dit han vil. Vinnaren er ein markant person når det gjeld næringsutvikling i Setesdal, men og på Sørlandet, men han held ein ualminneleg låg profil på alle vis, med ein nøysom og nøktern stil.

I ein periode då regionen var tilgodesett med refusjonsordning for differensiert arbeidsgjevaravgift vart det etablert ei bedriftsgruppe for å styre og prioritere flles tenlege tiltak for regionen. Mykje vart lagt i infrastrukturtiltak, Rv 9, og noko til kompetanse. Setesdalskonferansen er grunnlagt av Bedriftsgruppa i 2006. Kveldens prisvinnar er ein av dei som tilfører arrangementet mykje latter og ein god tone, og han deler med seg av eiga røynsle, mellom anna i sekvensen om merkevarebygging i 2012. På vegne av Setesdalsregionen, konferansen og alle som driv med utviklignsarbeid er det ei glede å tildele denne prisen til vinnaren.

Det er nokre kandidatar som utmerkar seg i form av tyngde over tid, i høve omsetning og i høve skapte arbeidsplassar eller innsats på vegner av bransje og Setesdal. Desse vart trekte fram og nominerte i 2013:
Olav Neset – Neset Camping, reiselivsnestor og eldsjel for heile Setesdal
Tor Kåre Helleland/ Oscar Roel – Tine Meierier Setesdal
Tim Davis – Troll Aktiv
Per Birkeland – Byglandsfjord Sag

Vinnaren av Setesdalsprisen 2013 er Per Birkeland.

Takk til gode hjelparar

Share

I kveld hadde eg ei kombisending, både tysdags- og onsdagsprofil. Først fekk eg ein interessant samtale med Petter Planke, som hadde innleiingsforedraget på Setesdalskonferansen sist veke. Han var oppglødd over den flotte konferansen. Eg spurde han om han nytta sosiale medier i sitt firma Redcord, slik Gunnhild Hasla fortalde at dei gjorde i Hasla Markveien. Det gjorde dei, dei hadde to tilsette til å ta seg av kontakt med kundene gjennom sosiale medier.

Samtalen med Petter Planke var i staden for Kåseriet, for han skulle ut seinare om kvelden, så han hadde ikkje høve til å vere med seinare. Etter praten med han kom Over ein open Bibel før vi hadde halvannan time med samtalar med gode hjelparar.

Den første var Eli Tomine Moe. Ho fortalde at det var historisk at Bygland og Evje og Hornnes skulle feire 1. mai saman i år. Det hadde aldri skjedd før. Arrangementet tek til med gudsteneste i Evje kyrkje og kransenedlegging på bautaen der. Så startar det på Furuly klokka 14 med aktivitetar for heile familien. I år kan ein og få kjøpe lapskaus der. Klokka 15-15.30 held Trond Blattmann tale for dagen, han kjem frå Kvinesdal, der han har halde tale for dagen på føremiddagen. Eli Tomine kjende han frå partiarbeid og spurde alt i mars om han kunne kome, og det ville han gjerne, så ho var vel nøgd med å ha fått ein så sentral politikar til å kome til Evje denne dagen.

Deretter snakka eg med Jon Rolf Næss, som skal halde talen for dagen på Rysstad. Han var godt i gang med å skrive talen, som nok henta inspirasjon frå Landsmøtet i AP som han nettopp hadde vore på. I Bykle har det ikkje vore tradisjon for å feire 1. mai, men i Eydehavn, der Jon Rolf vaks opp, var dagen like flott som nasjonaldagen.

Spørsmålet om vegline gjennom Frøysnes har blitt sett på dagsorden att, og eg snakka med Torbjørn Borgi, tidlegare ordførar i Bygland. Han meiner at den lina som no er vedteken, kjem til å rasere Nordigard Frøysnes, garden der Lars Liestøl budde, og han tenkjer at ein bør ta kulturhistoriske omsyn. Bygland kommunestyre bør snu og vedta ei anna vegline.

Til slutt snakka eg med Turid Greibrokk som er Bygland bygdekvinnelag sin representant i samband med markeringa av Stemmerettsjubileet 2013 som skal vere på Evjemoen kino. Ho fortalde om filmen dei skal vise og om debatten, vi som bur i Norge har fått vinnarloddet, noko filmen dei skal vise laurdag klokka 15 tydeleg viser. Både menn og kvinner er velkomne til arrangementet.

Uvanleg tysdagssending

Share

Som eg skreiv på bloggen i går vert sendinga tysdag uvanleg. Eg vil prøve å kombinere tysdagsprogram og onsdagsprogram og har lagt opp til aktuelle saker i tillegg til dei faste programpostane eg pleier å ha tysdagskveldane. Difor startar eg med Kvarteret, men i staden for kåseri kjem ein liten prat med Petter Planke om Setesdalskonferansen 2013.

Etter at Aud Karin Kjølvik har hatt andakt i serien Over ein open Bibel, blir det ein aktuell time. Eg vil vente til eg har sett i Setesdølen før eg legg fast programmet i den timen. Men frå klokka halv åtte til åtte vil eg ha noko om Setesdalskonferansen, Ørnulf har teke opp det Erling Hellum sa då Per Birkeland fekk Setesdalsprisen. Og Olav K. Hovet vil snakke litt om Setesdalskonferansen, han har vore på mange av desse arrangementa.

Etter halvannan time med aktuelt stoff, går vi over til tysdagssendingas spesielle profil att. Først er det Møteplassen og deretter kjem Niklos K. Besteland i studio med eit program der han presenterer organisten Gotthard Arnér, som ville vore 100 år no i april. Så sluttar vi som vanleg På kyrkjebakken med ting som skal skje i Setesdal komande veke, basert på stoff i Setesdølen eller det folk måtte ha lyst å presentere. Har du noko du vil fram med, må du ringe meg, 9763 1408 er nummeret.

Grunnen til dette spesielle opplegget er at det ikkje er sending onsdag. Kommunestyremøtet som skulle vore onsdag er flytta til torsdag. Då kolliderer det med kommunestyremøte i Bykle, dei pleier å ha møta på torsdagane. Truleg blir det Bykle sitt møte som vert sendt i radio, så om du vil høyre kommunestyremøtet for april 2013, må du nok gå i salen og høyre det live. Eg såg at sakspapira til møtet i Bykle var på 600 sider.

Her er lenke til Setesdalswiki si side om sendinga tysdag: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130423

Neste onsdagssending vert ikkje før 8. mai, for 1. mai er det inga sending. Eg lurer på kven som er leiar i Valle AP, for vi burde vel hatt litt om 1. mai-feiringa deira.

Program for veke 17, 2013

Share

Denne veka er det kommunestyremøte torsdagskvelden. Det skulle vore onsdag, men vart flytta då det skal vere ein studietur i regi av Setesdal Regionråd 22.-24. april. Vi fekk melding om dette 20. mars, men planen for sendingane vart ikkje justert, så det vert nok ikkje sending onsdagskvelden. Neste veke er det 1. mai onsdag, og då er det ikkje sett opp sending i Valle Radio. Etter samråd med redaktør Ørnulf Hasla har eg difor tenkt å la tysdagssendinga vere ei blanding av programprofil for tysdag og onsdag. Vi vil frå 18.30 få ein aktuell time med nytt frå Setesdal og ein halvtime med fokus på Setesdalskonferansen 2013. Resten vil følgje tysdagsprogrammet sin profil:

Tysdag 23. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Setesdalskonferansen 2013
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland: Gotthard Arnér – eit 100-årsminne
21.00 Kyrkjebakken

Torsdag 25. april

18.00 Kommunestyremøte

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Ta kontakt på epost harhaugl@gmail.com om du har noko du vil ha med i Valle Radio si sending tysdagskvelden.

Setesdalskonferansen 2013 – andre dagen

Share

Eg avslutta gårsdagens blogg med eit stev. Det er mogleg eg hugsar litt av det andre stevet også når eg tenkjer meg om:

Me helsar Signe, ei grepa kvinne
som gode løysingar let oss finne.
Til Erling Hellum me seier takk
hans stønad heilt opp til Bjåen rakk.

Meir om Setesdalskonferansen 2013 finn du på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2013

Andre dagen starta med Gunnhild Hasla som fortalde om oppstarten av Hasla Markveien og om korleis dei har teke i bruk sosiale medier for å halde kontakt med kunder. Dette er ein del av ein total mediestrategi, som og inneber at Haslasmykke har blitt profilerte i mange program på TV2.

Hasla var og eit case som Siren Marcussen Neset brukte då ho fortalde om Skattefunn, eit opplegg der bedrifter får inntil 20% skattereduksjon for å finansiere utviklingsprosjekt. Eit anna case var Nøgne Ø, der hadde dei laga ein film som fortalde litt om prosjektet.

Det knytta seg stor spenning til Einar Gelius sitt foredrag om Etikk og ledelse. Han var vel den einaste foredragshaldaren på kurset som ikkje brukte PowerPoint. I staden batt han foredraget saman med bokstavane MOT og hadde tre stikkord for kvar bokstav:

Mot, mening, moro
Omsorg, oppmuntring, oppdrift
Tid, tydelig, tillit

I tillegg dukka det opp ein E til slutt i foredraget:
Engasjement, etikk, elske

Med desse stikkorda heldt han møtelyden fast ein time og baud på erfaringar frå 25 år som prest og litt til. I samtalen etterpå vart det både Tillit og Trofasthet nemnde som ord på T som kunne høvd som stikkord, og han noterte seg innspela.

Plutseleg var det så tid for avslutning, den tok Leiv Rygg, leiar i Setesdal Regionråd seg av. Så fekk komiteen gåver, og to nye deltakarar melde seg til å vere med i komiteen for neste års konferanse.

Seks minutt før planlagt tid kunne så Styrk Fjærtoft Trondsen takke for i år og invitere folk til tomatsuppe med noko attåt før turen gjekk nedover Setesdal i strålande sol og mange tankar rikare.