Erstatning ved ekspropriasjon av fallrettigheter

Share

3. mai fall dommen i saka som Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Svein K. Røysland, Vidar Nomeland og
Tone Rysstad hadde mot Otra Kraft om erstatning ved ekspropriasjon av fallrettar i Bjørnarå og Fjellskarå. Lokalt er det bare Valle Radio som har omtalt denne saka i media. Det skjedde første gongen i april, då dagleg leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, var med på telefon i aktuell time. Då gjekk saka i retten, og han fortalde om inntrykk direkte frå rettssalen.

No er dommen komen, og tysdag 28. mai var Knut Olav Tveit igjen med på telefonen frå Oslo for å fortelje om dommen. Grunneigarane tapte, kunne han fortelje, men det var lagt grunnlag for at ein seinare kunne få erstatning på den måten som saka prosederte på. Grunnen til at dei ikkje fekk det i denne saka, var at det ikkje var godtgjort at det var ein marknad der denne retten kunne omsetjast i det aktuelle tilfellet, mellom anna fordi vassdraget er så gjennomregulert frå før.

I dommen heiter det:

Etter endringene i energilovgivningen på 1990-tallet har det utviklet seg et marked for omsetning av fallrettigheter der utbygging til småkraft er påregnelig. Dette er bakgrunnen for at Høyesterett i Rt. 2008 side 82 (Uleberg) uttalte at den såkalte naturhestekraftmetoden ikke lenger er anvendelig som verdsettelsesmåte ved utmåling av ekspropriasjonserstatningen for slike fallrettigheter. Etter denne avgjørelsen har det vært et uløst spørsmål om metoden også har utspilt sin rolle ved verdsettelse av andre typer fallrettigheter.

Saka gjaldt prinsippa for fastsetting av erstatning ved ekspropriasjon av fallrettar der ein ikkje kan rekne med å få konsesjon for separat utbygging til småkraftverk.

I dommen kommer Høyesterett enstemmig til at naturhestekraftmetoden fortsatt er anvendelig ved verdsettelsen av fallrettigheter som ikke er separat utbyggbare, men som likevel kan utnyttes til kraftproduksjon ved overføring til reguleringsmagasin i allerede utbygde vassdrag. Det er ikke utviklet noe marked for omsetning av denne type fallrettigheter, og det finnes derfor ingen pris som det etter ekspropriasjonserstatningsloven § 5 er naturlig å sammenlikne med.

Anken frå grunneigarane vart difor forkasta.

Knut Olav Tveit gjorde greie for dommen og var takksam for at grunneigarane hadde stilt opp. No var Småkraftforeninga på leiting etter ei sak som kunne vinne gjennom bygd på prinsipp frå den dommen i saka som setesdølane tapte.

Lyset gjekk

Share

Tysdagskvelden sat eg i studio i Valle Radio og hadde sending. Første delen av kvelden gjekk fint, Kvartert og Over ein open Bibel gjekk etter planen, det same gjorde første delen av Aktuell time. Ørnulf hadde eit fint minneord om Helge, etterpå fortalde han om Naboskryt-konferansen som skulle vore på Hovden i neste veke, men som er utsett til hausten. Så tok eg ein telefon til Reidar Tveito, som har laga eit nytt opplag av boka om Setesdalsbanen, det første opplaget vart seld ut alt for tidleg. Midt i den samtalen gjekk lyset.

Utan straum er det ikkje lett å sende radio. Straumen var borte i eit halvt minutt, men eg måtte starte frå begynnelsen av og kople meg opp, få i gang datamaskinane att, slik at sendinga kunne gå vidare. Men ein veit i grunnen ikkje så mykje om kva som hender ved eit plutseleg straumbrot og kva som må til for å kome på lufta igjen. Ein datamaskin starta automatisk, ein annan måtte restartast. Korleis linja til Bykle vart påverka, det måtte eg bare gjette meg til. Eit par telefonar for å kople opp, så høyrde eg på radioen at vi var på lufta att og kunne gå vidare.

Akkurat då hadde det vore greitt å ha nokon som visste meir enn meg om det tekniske å snakke med, men då eg prøvde å ringe Jørund, var det bare telefonsvararen eg møtte.

Resten av sendinga gjekk i grunnen som planlagd. Men då sendinga var slutt, gløymde eg å sende melding til Radio Evje. Om dei fall ut då vi hadde straumbrot, veit eg ikkje. Onsdag kom eg nedover dalen og ville høyre på Radio Evje, men den var taus. Då kom eg på at eg hadde gløymt å sende melding etter sendinga kvelden før, så eg tok mobiltelefonen og sende melding der og då, og plutseleg var det liv att. Eg er lei meg for det, men skuldar det nok litt på straumbrotet midt i sendinga mi.

Minnestund for Helge

Share

I går kveld klokka 18 hadde vi minnestund for Helge Dahle i Valle Radio. Ørnulf sende ut sms til kontaktlista for folk i radioen, og det vart stappfullt i den vesle salongen vår, det er jo i grunnen bare plass til seks-sju personar der, men i går kveld var vi nok minst tjue.

Ørnulf hadde laga eit lite minneord om Helge. Det las han opp, og så hadde vi eitt minutts stillheit der vi minnast den gode venen og medarbeidaren vår i radioen.

Etter det fekk Rolf Erik Homme ordet og han gjekk gjennom arbeidet som politiet har hatt i denne saka. Sjølv var han ikkje på vakt, dei som hadde vakt, heldt til på Evje og i Bygland, så det tok si tid før politiet kom fram. Ambulansefolka kom tidleg, bare eit kvarter etter hendinga, og dei frakta båra til Rysstad, der luftambulansen henta han. Politiet tok gjerningsmannen med seg til Kristiansand. Sjølv hadde Rolf kome til Sandnes i åtte-tida sundag morgon, det stod att ein del politiarbeid også då, og i tida framover vil det vere meir arbeid.

Etter at Rolf Erik hadde hatt si orientering, var det tid for spørsmål og kommentarar, og folk fekk gje uttrykk for tankar og kjensler. Etter ein time gjekk dei første, men fleire blei att ein time til. Jørund fann fram lydkutt med Helge på radioen sin datamaskin og spelte nokre, og vi mintest morosame stunder saman i radioen.

Etter det eg høyrer, skal gravferda vere tysdag 4. juni. Då vert nok kyrkja alt for liten, det er restriksjonar for kor mange ein kan ha på galleriet, men truleg vert det overføring i høgtalar slik at folk som står ute, får fylgje med. Etter gravferda vert det minnestund i idrettshallen.

I kveld klokka 18.30 vil Ørnulf dele minneord i Valle Radio.

Program for veke 22

Share

Dette er siste tysdagssending i vår. Ettersom det er kommunestyremøte onsdag, og dermed heller ikkje fleire vanlege onsdagssendingar, har eg laga ein aktuell time der eg vil presentere aktuelle saker før sommaren.

Tysdag 28. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
Her vil styreleiar Ørnulf Hasla ha eit minneord om Helge Dahle. Vi har og avtalt ein prat med Reidar Tveito, som har fått nytt opplag av boka om Setesdalsbanen han laga i fjor
19.30 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
Han har funne fram musikke som høver til vår og bryllaup
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. mai

Teknikar: Torhild Sandnes

18.00 Kommunestyremøte

Lenker:
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Ein sorgtung dag

Share

Det skulle vore ein av dei fine vårdagane i år, men så vart det ein sorgtung dag for folk i Valle og alle som var glade i Valle Radio. Programleiar for påskesendingane i mange år, Helge Dahle, vart drepen etter å ha blitt påført fire knivstikk ved halv firetida i natt. Det skjedde i eit partytelt på Sandnes i Valle, der det hadde vore ope hus frå tidleg på dagen, folk heia på syklistane som kom forbi på tur til Hovden.

Helge var ein av dei medarbeidarane i Valle eg enno ikkje hadde skrive om på Setesdalswiki. Vi snakka om at vi burde få høve til det ein gong, men det laga seg ikkje slik. No får det kome basert på stoff eg finn etter kvart. Han var vennesæl og humoristisk og glad i folk, så det er helst uråd å tru at han skulle hamne i noko slikt.

Eg laga ei side om hendinga på Setesdalswiki i dag, der samla eg nokre lenker frå ulike aviser og nettstader. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knivstikking_i_Valle_26._mai_2013

Sauer, ull og hyrding

Share

I kveld var det Bjørgulv T. Berg som hadde sendinga i Valle Radio. Han tok over for meg då eg fekk influensa og måtte kaste inn handkleet. I den aktuelle timen snakka han fyrst med Torleiv Jore, som var travelt oppteken med lemming. Han meinte at ein måtte ha tre lam under ein sau, det burde vere det normale. Han hadde og erfaring for at om ein sløkte lyset i sauefjoset om natta, så kom det ikkje lam om natta, så han hadde slutta å sove i sauefjoset i lemmetida.

Deretter hadde Bjørgulv Annemor Sundbø på tråden. Ho feirar jubileum i desse dagar, laurdag er det ope hus på Ose, Coop Marked Ose står for serveringa, for dei feirar og 20 år i ny butikk. Annemor på Ose Ullvare held til i den gamle Coop-butikken på Ose, og laurdag opnar ho biblioteket sitt så folk kan sjå oppskrifter og mønsterbøker. Utstillinga av votter og kofter er og oppe, og om ein ikkje er nøgd med serveringa på Coop, kan ein gå på Turistheimen.

Annemor var særleg oppteken av den gamle norske spelsauen, perspektivet hennar var at det einaste ein har att frå vikingtida, er ull frå denne sauen, laga til klede eller til segl. Det skulle mykje ull til å lage segl til båtane, alt måtte spinnast av kvinner som valde ut den best eigna ulla til føremålet. Og det var på Uppstad denne sauen overlevde, utan at ein hadde teke vare på sauen der, ville sauen tilpassa norsk landskap gjennom 1000 år ikkje lenger vore ein del av norsk dyreliv.

Endeleg snakka Bjørgulv med sokneprest Terje Seilskjær, som fungerer som prost og som har søkt på stillinga som er 50% og som no er ledig. Han fortalde kva stillinga inneber, mellom anna personalansvar for prestane i prostiet og oppgåver med å finne vikarar når nokon må ha fri av ein eller annnan grunn. Terje fortalde at han likte å vere leiar og hadde leiarerfaring frå fleire stillingar, mellom anna frå Søgne Kultursenter/Søgne Gamle Prestegard.

Program for veke 19, 2013

Share

Tysdag 7. mai
Inga tysdagssending denne veka

Onsdag 8. mai
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå klokka 20.30: Solveig Rysstad og Jorunn Helle

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
20.00 Bjørgulvs time. Gjest: Fatima Aakhus
21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Alle slags emosjonar

Share

Overskrifta er henta frå ein reklame på TV-kanalen Eurosport. Det vert litt til at ein ser ein del på TV når ein er sjuk, og Eurosport har hatt svært sjåarvennlege program dei siste par vekene for oss som likar å sjå snooker på TV. I går og i dag/kveld var det finale, og vinnaren vart den som etter kvart peika seg ut som den beste gjennom turneringa, Ronnie O’Sullivan, men taparen Barry Hawkins var i grunnen ein vinnar, han og. Det var første gongen han var komen forbi innleiingsrunden i turneringa og han heldt fylgje med vinnaren ganske lenge.

I helga starta så Giro d’Italia, så no er det sykling som gjeld. Frå i morgon er det full fart på landevegen etter at dei har gjort unna eit par kjedelege tempoetappar i helga. Der er det dramatikk, velt, folkefest og innspurtar kvar einaste dag, så ein har mykje å sjå fram til.

Attpåtil var det Start-kamp på TV i kveld, den enda med uavgjort mellom Molde og heimelaget, og kjenslene var nok sterkaste hos Moldefolka, dei ligg på sisteplass på tabellen. Nyopprykka Start held koken så langt.

Når det høver slik, prøver eg å få med meg ein film på Filmkanalen. Der finn ein og alle slags emosjonar. Og om eg kjem meg opp til klokka sju om morgonen, får eg med meg En engel i blant oss, der prøver serieskaparen å seie noko om Guds gjerning i ei verd der det gode ikkje alltid er så lett å sjå. Det vert emosjonar av slikt og.

Endeleg er det ein amerikansk serie om folk som driv slektsgransking. Den går måndagskveldane og handla i kveld om ein 5 x tippoldefar, ein tysk soldat som kjempa for engelskmennene i frigjeringskrigen då USA reiv seg laus. Han fekk amnesti og vart verande i USA. Den serien gjev historieundervisning og emosjonar i rikt mål.

Den opplyste borger

Share

I vår tid melder fleire og fleire seg på i samfunnsdebatten. Alle er kanskje ikkje einige i den påstanden, men eg meiner no det. For ein som skal fylgje med, kan det vere greitt å vite kven folk er som ein les eit innlegg av i VG, Dagbladet, Fædrelandsvennen eller Setesdølen. Ja, sjølv skribentane i Jol i Setesdal kan det vere interessant å få vite noko om.

Dei fyrste utgåvene av Jol i Setesdal hadde biografiske opplysningar om dei som skreiv. Sidan har desse falle ut, eg synest vel ikkje at det har vore med å gjere heftet betre. Avisene har sjeldan særleg forfattarinformasjon på folk som skriv lesarinnlegg, litt meir om dei skriv kronikkar. Men ein må over lang tid byggje seg opp eit inntrykk av folk som tek del i samfunnsdebatten, som oftast utan å finne informasjon om dei nokon stad.

Difor var det ein revolusjon då Internett kom og ein etter kvart kunne finne mykje informasjon der. Då dette vart sett i system med leksikonet Wikipedia, vart tilhøva mykje lettare for dei som leita etter slik informasjon. Her i landet kom informasjon frå bøker og papirleksikon av ymse art til nytte, og den informasjonen tok eldsjeler til å omforme til biografiske tekstar på Wikipedia.

Men nettleksikonet har hatt ein politikk om at folk som skal vere omtalte, må vere meir enn lokalt interessante. Difor er det mest bare ordførarar og varaordførarar frå ei bygd som kjem med, om ein då ikkje har kunstnarlege publikasjonar av noko slag. Kronikkskribentar og lesarbrevforfattarar har ikkje fått plass i eit slikt nasjonalt leksikon.

Difor har Setesdalswiki teke med mykje breiare når ein skal lage biografiar. På den nettstaden er det nok at vedkomande har ein funksjon i lokalmiljøet i Setesdal eller ein relasjon til dalen. Dei fleste som er med i Valle Radio har til dømes fått små artiklar i det lokale leksikonet.

På Wikipedia slit ein med å finne stoff til artiklar om nasjonalt kjende folk, anten dei er med i offentleg debatt eller på annan måte har stukke hovudet litt fram. Men det veks litt kvar dag, folk likar å lese små biografiar om folk som er aktive i samfunnsdebatten. Det er ei nisje for stoff som Wikipedia dekker godt, og med Internett er stoffet tilgjengeleg på mobiltelefon eller nettbrett ved nokre få tastetrykk.

Oppstått

Share

Sjølv om eg no ikkje er heilt utslått lenger, er eg slakk og kjem ikkje til å ha sending i Valle Radio komande veke. Tysdagssendinga går ut, men Bjørgulv tek over onsdagssendinga. I timen mellom 20 og 21 hadde eg avtalt med Fatima Aakhus frå Bygland om å kome i studio og fortelje om bygdekvinnelagsarbeid, ho er fylkesleiar for Aust-Agder. Den avtalen går Bjørgulv inn i. Gled dykk til å høyre ei dugande dame fortelje om kva ho er engasjert i.

Etter kvart fekk eg skrive inn fredagsavisa på Setesdalswiki og fekk vedlikehalde datoartiklane der. Eg lurer av og til på om folk trur det er bare eg som har lov å skrive på Setesdalswiki. Då kan eg jo avkrefte det her direkte. Og det hadde jo vore fint om nokon andre skreiv når ein stakkar vart sjuk. Heldigvis skreiv Reidar T. ein artikkel i den perioden, så heilt stille vart det ikkje, men det var nære på. http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85rstala_ved_Stigemo Flotte bilete hadde han og i den artikkelen, utan hans bidrag hadde Setesdalswiki vore mykje fattigare på innhald.

Men alle er velkomne til å bli med. Trykk på rediger-knappen og skriv ei linje eller tre.