Valle-meteoritten

Share

Det er no gått nokre veker sidan Valle-meteorittten var i media. Det er ofte slik at ei sak får plass i nyhetsbiletet ein dag eller to, så er det over. Setesdalswiki prøver å ta vare på slike saker ved å lage leksikonartiklar om dei. Det gjorde vi og om Valle-meteoritten. Her er artikkelen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle-meteoritten

I dag kom det bilete av steinen. Terje Fjeldheim, som fann meteoritten, registrerte seg som brukar på Setesdalswiki og lasta opp bilete av steinen, retta det som var feil i artikkelen og la inn bilete. Eg sende han ein takk og spurde om han kunne skrive litt om seg sjølv, og ei stund seinare la han inn informasjon på brukarsida si, så no kan folk lese på Setesdalswiki om mannen som fann Valle-meteoritten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bruker:Terje_Fjeldheim

Det er ingen tvil om at i Setesdalswiki-samanheng var det eit høgdepunkt i dag.

Det er no 4257 artiklar i samlinga og den veks sakte men sikkert og har etter kvart fått mange lesarar. I juni var det nesten 5000 unike gjester som besøkte over 145.000 sider ved over 10.000 besøk, 350 besøk i snitt dagleg.

Alt som er godt

Share

Denne veka har Ukens konkurranse på Bokmålswikipedia vore Stortingsrepresentantar. Det er mange stortingsrepresentantar som ikkje har artikkel, så vi har gjort ein innsats for å skrive nye artiklar og fikse på artiklar som alt er på plass. Eg har vore konkurranseleiar for denne konkurransen, og det har ført til at eg sjølv også har skrive nokre artiklar. Men det tek seg ikkje ut at eg vinn ein konkurranse eg sjølv leiar, så eg må vere litt forsiktig, sjølv om det ofte er slik at når ein kjem i gang, så vil ein gjerne skrive meir. Her kan du lese meir om konkurransen: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2013-26

Det var ei liste over om lag 400 stortingsrepresentantar som hadde artikkel på engelsk wikipedia, men ikkje på norsk. Eg tenkte eg skulle sjå på den, og då oppdaga eg ein person eg kjende. Det var Lars Aasgard frå Hordaland. Han hadde to periodar på Stortinget på 1970-talet, men eg kjende han som landsstyreformann i Den indre Sjømannsmisjon då eg arbeidde der frå 1972 til 1976 som redaktør av Fiskerens Venn. Å lese om alt han hadde gjort gjennom livet, kan ta pusten frå nokon kvar, bare les sjølv på http://no.wikipedia.org/wiki/Lars_Aasgard

På den tida eg arbeidde i Bergen, møtte eg Lars Aasgard ganske ofte. Eg var ung og hadde fått ansvaret for organisasjonen sitt hovudorgan, og det var ikkje alltid like lett. Men Lars Aasgard støtta meg og oppmuntra meg til å halde fram. Eg hugsar ikkje samanhengen då han sa det til meg, det var første gongen eg høyrde munnhellet, men sidan har eg høyrt det mange gonger og brukt det sjølv: Alt som er godt er anten syndig eller feitande. Eg måtte jo le, det kom frå ein from lekpredikant og tidlegare stortingsmann, men du verda kor sant det er.

Etter å ha skrive om Lars Aasgard, kom eg til å hugse at Oliver Dahl-Goli, som var generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon i om lag 30 år, også hadde vore på Stortinget. Dermed tok eg meg på tak og skreiv om han også. Han døde då eg var i Bergen, men dotter hans arbeidde på hovudkontoret til DISM saman med meg, og ho heldt fram etter at eg hadde slutta i 1976.

To KrF-stortingsrepresentantar har altså fått artiklar på Wikipedia denne veka, begge hadde sterk tilknytning til Den indre Sjømannsmisjon.

Når man blir seks og seksti

Share

I dag skreiv eg om Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Olav_Knutsson_Tveiten Han må ha vore eksepsjonell, då han var 64 år, i 1824, døydde kona hans, 58 år gammal. Dei hadde sju born. Men to år etter, 66 år gammal, gifta han seg på nytt, då med søskenbarnet til kona, som bare var 21 år. Med henne fekk han fem barn på dei tolv, tretten åra dei fekk ha saman før han døydde i 1837. Ho levde til 1864, eg har ikkje sett i bygdebøkene om ho gifta seg opp att eller om ho levde som enke resten av livet.

Eg veit nok at det var ei anna tid, men likevel, å ha sju vaksne barn og så starte på nytt med småbarn i ein alder av 67 år, det tenkjer eg det ikkje er mange som ville ha gjort i våre dagar. No vil vi heller nyte å vere gofa i den alderen. Så han må jo ha vore noko for seg sjølv, den gode lensmannen på Tveitetunet. Etter det eg kunne finne ut om han, hadde han sterke meiningar og stod for det han meinte. På Eidsvoll var han for sjølvstende og ein trugen støttespelar til Christian Magnus Falsen, og han sjarmerte kongen med sin opne tale. Han fekk til og med gåver av Christian Frederik. Eg lurer på kor dei vart av i åra etter 1814.

Han gav seg med politikken etter å ha vore med i Riksforsamlinga. Han tok det sikkert og rolegare som lensmann og etter kvart. Han fekk sonen Bjørn til hjelpelensmann dei siste åra. Med små barn rundt seg på Tveitetunet kunne det sikkert vere godt å nyte alderdommen utan å farte rundt i bygda i lensmannsoppdrag.

Lund-slekta

Share

I dag fann eg fram heftet om Lund-slekta av Tarald Nomeland og skreiv ein artikkel om det på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lund-slekta_i_Valle-Setesdal_1872-1972

Det er 40 år sidan heftet kom ut, eg fekk det av Sverre Lund i 2000. Lundslekta har vakse seg stor i Setesdal og utover i landet, så det kan vere godt å ha ei slik bok å slå opp i når ein lurer på samanhengar ein ikkje heilt har fått med seg. Når eg no har fått meg pendlarbustad i kjellaren i huset Sverre og Inger budde i, er det jo litt ekstra artig å kunne slå opp i boka.

Sjølv om ein har ei bok å slå opp i, må ein helst halde tunga beint i munnen for å ikkje vadre i alle namna. Det var i 1973 261 etterkomarar etter Ole og Heloise Lund, utanom ektefellene. Eg fekk skrive ein liten artikkel om Bjørgulv Sverdrup Lund sin bestefar, fylkesagronom Bjørgulv Lund i kveld. Smått om senn vil nok boka verte kjelde for fleire artiklar om ei tallrik slekt. Dersom du les dette og har innspel å kome med til artiklane eller bilete av personar i slekta, hadde det jo vore flott å del i dei. Send ein mail til harhaugl (at) gmail.com, så kan det fort føre til at det kjem fleire artiklar i Setesdalswiki.

Siste sending før ferien

Share

I dag var det sending i Valle Radio frå klokka 18. Det var kommunestyremøte som vart overført, og Torhild Sandnes var teknikar. Her er oversikta over sakene:

PS 35/13 Referatsaker
-RS 18/13 Særutskrift kontrollutvalet
-RS 19/13 Endeleg rapport – Tilsyn opplæringslova kap. 9A – Valle…
PS 36/13 Drøftingssaker
PS 37/13 Førespurnader
PS 38/13 Årsmelding og rekneskap 2012
PS 39/13 Tertialrapport pr. 30.04.2013
PS 40/13 Finansiering av trafo Rysstad industriområde
PS 41/13 Søknad om delfinansiering til prosjektet “Gulli Åkkås”
PS 42/13 Etiske retningsliner for folkevald og tilsette i Valle…
PS 43/13 Områdeplan for Valle sentrum – slutthandsaming
PS 44/13 Konsolidering av musea i Aust-Agder
PS 45/13 Søknad om salsløyve – Coop Valle BA
PS 46/13 Søknad om salsløyve – Forbrukersamvirke sør BA
PS 47/13 Søknad om skjenkeløyve Systog Dale
PS 48/13 Søknad om skjenkeløyve Brokkestøylen Cafe
PS 49/13 Søknad om skjenkeløyve – Valle motell og Camping AS
PS 50/13 Søknad om skjenkeløyve – Sølvgarden hotell og feriesenter
PS 51/13 Søknad om salsløyve Andersen`s Kolonial AS

Innkallinga var på 360 sider. Så kom det ei ekstrasak på 10 sider. Det er godt at det ikkje er papirbaserte møte lenger. Her er lenke til kommunen si side for møtet:
http://www.valle.kommune.no/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&ePhorteCommitteeMeeting.ID=555

Du må klikke på symbolet under Innkalling for å lese innkallinga.

Heia Hushovd

Share

I ettermiddag vart eg klistra til TV-skjermen. Eg likar å sjå sykling på TV. NM i landeveisritt i Grimstad burde altså vere perfekt, særleg når ei rekke proffar av dei vi likar å sjå i Tour de France er på startstreken.

Eit stykke ute i rittet, dei hadde vel att seks-sju mil, så kom bileta og synte at Thor Hushovd var i godt slag. Saman med ein ung syklist frå +Bank Team hadde han sprengt det store feltet og låg no i ei lita gruppe som den unge ryttaren hadde fått eit forsprang på saman med Kristoff. Og då den vesle gruppa tok att dei to, slo Hushovd til åleine. Det var jo vanskeleg å tru at han kunne klare å halde unna i over to mil aleine med sterke ryttarar halsande bak, men det gjorde han. Fem meter før hovudfeltet kom han til mål, og såg du på resultatlista, fekk alle same tid. Men Edvald og Kristoff måtte nøye seg med plassane bak Hushovd, sjølv om dei skal vere med i Tour de France og Hushovd i går fekk melding om at han bare var reserve.

Slik er livet, det går opp og ned. Men det var moro å sjå Grimstad-gleda på TV i dag. Nå er det bare snaue to månader til Tour de Fjords startar frå Valle. Eg las at Kristoff skal vere med der, men om BMC og Sky kjem, det har eg ikkje høyrt noko om enno.

Historie og lokalhistorie

Share

I går kveld vart eg sitjande og sjå på eit program på NRK om mor til prins Philip, prinsesse Alice, som gifta seg inn i den greske kongefamilien. Programmet presenterte ei interessant historie om ein person som hadde eit vanskeleg liv, men som vann over vanskane og fann ei oppgåve å vie seg til.

Gjennom vel fire år har eg no skrive på Setesdalswiki, og der kjem eg ofte over spennande tema som godt kunne vore grunnlag for lokalhistoriske artiklar. Men det er visst alt for få som er opptekne av lokalhistorie, for det er vanskeleg å finne stoff som kan vere kjelder for leksikonartiklar. Ofte treng ein då artiklar med historisk oversyn, men det er vanskeleg å finne, i alle fall på Internett, men sikkert og på trykk. Og om det er på trykk, korleis finne det og gjere seg nytte av det?

I Setesdølen fredag var det eit intervju med Bjarne Johansen. Han var ordførar i Evje og Hornnes i 1990 og 1991. Det førte til at eg tenkte at tida var inne til å setje opp ei ordførarliste for Evje og Hornnes. Kommunen vart slått saman i 1960, men kven har vore ordførarar og varaordførarar dei 50 åra kommunen har eksistert? Det er ikkje råd å finne noko stoff på heimesidene til kommune, dei presenterer bare noverande ordførar. Gjennom litt original forsking fann eg nok til å prøve meg på ei liste, den kan du sjå her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Liste_over_ordf%C3%B8rere_i_Evje_og_Hornnes

Det er sikkert fleire feil på den, og ho går ikkje lenger tilbake enn til 1983, det er altså over 20 år som ikkje er dekte. Og ingen varaordførarar er på plass enno, sjølv om eg jo kunne skrive inn noverande og forrige varaordførar ut frå kommunestyrelistene eg trass alt har.

Tilsvarande gjeld for dei andre kommunane i Setesdal. Og det er bare eitt emne som eg her nemner. Kva med barnehagehistoria i kommunane? Finst det noko om den utviklinga? Dei siste 50 åra har Setesdal gått gjennom ei rivande utvikling, ikkje minst takka vere kraftutbygginga, som vel starta for alvor tidleg på 1960-talet. (Brokke Kraft feira jo 50 årsjubileum for eit par år sidan). Å skrive lokalhistorie for Setesdal er å skrive om små emne og så kunne byggje dei saman til ein større heilskap. Det er godt at vi har fått etablert Setesdal sogelag, vonleg vil det stimulere folk til å skrive lokalhistoria vi treng for å kjenne kulturen og samfunnet vi lever i.

Mykje stoff

Share

I dag kom innkalling til kommunestyremøtet i Valle neste onsdag. Det skal sendast i Valle Radio, så du kan skru på radioen klokka seks som vanleg den kvelden og få lokale stemmer inn i stova.

Det hadde vore ei diger bunke papir om kommunen ikkje hadde gått over til iPad for medlemene. 360 sider kom eg til. Og då var ikkje søknaden om salsløyve for alkohol for Joker kome med. Eg lurer på om Kent Even har gløymt å sende inn søknaden, eller om det har gått med den som det gjorde med søknaden til Systog-Dale tidlegare i år, den forsvant jo i papirhaugen.

Medan den tidlegare søknaden til Margit Dale bare var for perioden fram til 30. juni, var søknaden no etter same mønster som dei andre søknadene. I Setesdølen kommenterte rådmann Eivind Berg at den midlertidige søknaden frå Systog-Dale mangla uttale frå politi med at det kunne ein skaffe i ettertid og at løyvet ikkje kunne gjelde før den var på plass. I ein del andre samanhengar seier ein frå kommunen klart og tydeleg at søknader ikkje vert handsama før alle dokument er på plass. Eg tenkjer nok at slik burde det vere også for søknader om skjenkeløyve. Tenkjer kommunen service, kan ein nok gjere som i denne situasjonen, men då lurer eg på kvifor ein ikkje tenkjer service i andre løyvesaker, men heller ventar til alt er på plass.

Det var vel rekneskapen som tok flest sider av papira kommunestyrerepresentantane fekk for å gå gjennom før møtet. Det ser ut til at den kjem ut med eit svært godt resultat, fleire millionar i overskot, meiner eg at eg las. Men no er det slik at i ein kommune er overskot vel helst eit teikn på at ein ikkje har fått gjort alt ein har tenkt å gjere, så då er vel spørsmålet om 2012 var eit godt eller dårleg år noko ope. Det kan verte spennande å høyre på Valle Radio neste onsdag.

Midt i naturen

Share

De vil nok vite at eg ikkje er så interessert i å gå turar i skog og mark som min kollega Øystein Berg er. Men no er det ferie og plutseleg er eg midt i naturen. Rådyra har ete opp alle rosene i hagen vår, dei kosar seg utanfor vindua våre både dag og natt. Det same gjer katten vår, men han spring heller etter fuglar og mus enn roser.

Den siste tida har me hatt ein elg gåande rundt veggene våre. I dag var han på jordet tvers over vegen, det som vi kallar Finn sitt jorde. Fleire bilar stoppa og såg på han, tok bilete, men han brydde seg lite om det. Etter ti minutt hoppa han over bekken frå Finn sitt jorde og over på vårt, så tok han nokre lange klyv over jordet og opp på vegen, kryssa vegen roleg og majestetisk og trødde vidare bak låven vår, ute av syne for både bilistar og oss som stod inne og såg på. Reidun gjekk ut på terrassen og prøvde å få eit par bilete av han, men ho var helst misnøgd for det er vanskeleg å få naturopplevinga festa til pixlar i fotoapparat når ein ikkje har speilrefleks.

Det var heller ikkje fyrste gongen elgen gjesta oss. Ho har eit bilete som er nokså svart, teke når tusmørket var nesten blitt til natt. Ein ser bare refleksen i augo. Sjølv såg eg han ein laurdag på knatten ovanom terrassen, ståande majestetisk og sjå utover hagen og jorda vår før han rusla ned frå haugen og over vegen i motsett retning frå det vi såg i dag.

Så eg har ferie midt i naturen, treng i alle fall ikkje dra på elg-safari.

Meteoritt i Valle

Share

Dersom eg hadde hatt ansvaret for onsdagssendinga i Valle Radio i morgon, noko eg ikkje har, for det er sommarferie og inga sending, hadde eg nok prøvd å få ein prat med mannen som fann Valle-meteoritten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle-meteoritten

Han heiter Terje Fjeldheim, er ingeniør frå Kongsberg og arbeider i Nordsjøen. Etter ein tur i Rogaland kom han over Brokke-Suleskar og tenkte å ta nokre dagar å fiske på fjellet. Om han gjorde det, veit eg ikkje, men det vart nok ikkje så mykje snakk om fiskelukke etter den turen. I ei myr på fjellet fann han ein meteoritt på mellom fire og fem kilo, den 4. største meteoritten som er funnen i Norge. Det er bare funne 16 meteorittar på nesten 200 år, så ein kan vel trygt seie at det var eit sjeldent funn.

Terje Fjeldheim vil ikkje seie kor i Valle han fann meteoritten, for han vil heller tilbake til området og leite litt meir sjølv og ikkje late andre kome han i forkjøpet. Men han antyda at han ein gong seinare vil seie meir om kor han fann meteoritten.

Saka kom på NTB, i Fædrelandsvennen og i dagens Setesdølen. Etter det eg forstår av Wikipedia, fall denne meteoritten ned 1. mars 2012. Den har altså lege i heia vel eit år.

I samtalen med Terje Fjeldheim ville eg gjerne fått vite kva han tenkte då han tok steinen med til Naturhistorisk Museum på Universitetet i Oslo. Truleg ville eg og prøvd å få tak i Knut Jørgen Røed Ødegård, han pleier å vere entusiastisk i slike situasjonar. Eg trur det ville blitt god radio. Men no er det sommarferie, så slike journalistiske innfall får nok bare kvile i fantasien og kanskje dukke opp på bloggen min i sommar.