Omkamp om vegnamn?

Share

I kommunestyret i Valle for september, som vi sende på Valle Radio onsdag 18. september, kom det ein førespurnad frå Margit Dale om kvifor det ikkje skulle vere høyring om vegnamn i Valle. Ordføraren streka under at det har vore få namn som folk kunne vere misnøgde med. Men i utgangspunktet skulle det ikkje vere klagerett. Likevel opna ordføraren for at det kanskje burde bli ein formell klagerunde og handsaming i kommunestyret.

Den som hugsar sjauen då det forrige gong var oppe forslag til vegnamn i Valle, og som vil ha ein slik runde ein gong til, vil vel ikkje ha ein slik runde ein gong til. Men at ein kan ha synspunkt på skriveform og så vidare, det kan nok vere. Men no er alle namna godkjende av Språkrådet, og adressane skal først og framst vere for at nødetatar og postverket sine vikarar skal finne fram. Då bør ein kunne tole at namna ikkje alltid vart slik eins eige hovud kunne ønske seg.

Eg held no på å skive artiklar om alle vegnamna i Valle på Setesdalswiki. Frå kommunen har eg henta kart som vil ligge i artikkelen og syne kor vegane er. Så får ein vone at det over noko tid går seg til, nye vegnamn er jo uvand, men det skal bli godt å få adressenamn inn i telefonkatalogen på Internett og andre stader etter kvart. Det er på høg tid, spør du meg.

Samarbeid i Setesdal

Share

I dag var eg heldig og fekk høyre Arne Hjeltnes på ein konferanse på Hovden. Det var festleg og interessant å høyre han fortelje om korleis matprodusentar rundt om i landet etter kvart har slått seg saman for å promotere produkta sine. Han fortalde og om korleis ein på Voss hadde arbeidd for å få ny logo for Voss som reiselivsmål. På ein morosam måte synte han kor viktig det er å forankre eit slikt arbeid i alle dei som er med.

I den seinare tid har det vore tydeleg at det ikkje er så lett å få til samarbeid i Setesdal. Eg trudde at Setesdalskonferansen hadde lagt grunnen for å sjå på regionen som ein samarbeidsregion på mange område, men plutseleg verkar det som om det ikkje er så lett å få til likevel.

Det skal verte interessant å sjå korleis ein finn ut av organiseringa av den nye kommunestrukturen. Om fylka vert oppheva, kan ein sjå på ein fjellkommune med Valle, Bykle, Vinje og Tokke like gjerne som ein dalkommune med dei noverande setesdalskommunane. Alt no ser det ut som om Evje og Hornnes oftare og oftare orienterer seg mot kristiansandsregionen, så om ein skulle satse på å bli med i ein setesdalskommune, vil dei nok måtte svelge nokre kamelar.

Arne Hjeltnes snakka om at ein burde jobbe for å gjere kvarandre gode. Det er ei øving som ikkje alltid er like god å gjennomføre, men han meinte at i det lange løp vil ein sjølv også tene på det. Etter mi meining er Setesdal Regionråd eit prov på det. Saman har dei fire kommunane gjort kvarandre betre enn om dei hadde stått aleine. Men etter det eg har høyrt, er det næringsdrivande i Setesdal som ikkje vil profilere Setesdal. Eg trur alle ville vore tent med om ein heldt fast på merkevaren Setesdal også i framtida, men då må ein samarbeide på alle plan.

Om å vente

Share

I fjor haust kom nokre av elevane på Valle Vaksenopplæring ikkje med bussen klokka 7.20. Dei hadde stilt seg i inngangen til Menighetshuset som ikkje lenger er Menighetshus for å få ly for vind og regn ein tidleg novembermorgon. Bussen var litt sein denne morgonen, så då den kom til Valle og såg at det ikkje stod nokon på busshaldeplassen, dura sjåføren bare rett gjennom sentrum og var borte før dei fekk styrte seg ut i regnet.

Den hendinga fekk meg til å etterlyse eit venterom i Valle sentrum. Eg gjorde det i radioen og på bloggen, men eg gjorde det og på jolebordet til Valle kommune i eit kåseri eg hadde blitt beden om å halde der. Innlegget hausta klappsalvar, dei var truleg høflege og velmeinte, men til no har ikkje noko skjedd. No står ein ny haust for døra med regn og blåst, bare vent, vi veit det vil kome, og Otra Kraft lever av regnet som fell her i heiane, så indirekte lever vi og av det gjennom skattane dei betalar, og straumen vi betalar for vil vi jo ha, så sjølv om vi ikkje likar regnet, tolererer vi store mengder nedbør om hausten.

Det er vel ikkje så farleg med eit buss-skur? Alle har jo bil, så ingen treng vel det her oppe i dalen. Så er det bare slik at det av og til er slik at ein tek bussen til byen i staden for å køyre bil. Grunnane kan vere mange, eg skal ikkje gå inn på dei. Men buss-skur manglar vi framleis.

Det kan vel ikkje vere så kostbart å få Valle Modellverkstad til å lage ein ekstra stor gapahuk og setje opp ved sida av Frikyrkja, slik at folk kan få ly for regnet utan å risikere at bussen forsvinn i det fjerne. Kan noko bli gjort i haust eller må det gå eit nytt år?

Medan eg snakkar om venting. Det har vore på tale å få betre lys i trappa til Valle Radio. I ein mørk haustkveld er det meinljos der og lett å snuble. Det skal bli interessant å sjå kva som kjem først, flaumlys i trappa eller ventebu i sentrum. Den som lever, får sjå.

Valle Radio veke 39, 2013

Share

Her er programmet for tysdagen. Onsdagsprogrammet har Bjørgulv T. Berg ansvar for.

Tysdag 24. september
Ansvarleg Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Andaktshaldar Marianne Synnes Bratseth
18.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.00Country Gospel Timen med Per Govertsen
20.05 Møteplassen. Gunvor Ørjasæter forteller om Israe
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. september
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå klokka 20.30: Helga Åkre og Ingeborg Løyland

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar få Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending ved Kåre og Jorunn

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130924

Bernard Emmelkamp

Share

Sundag spelte Bernard Emmelkamp konsert i Valle kyrkje. Du kunne høyre konserten i Valle Radio tysdagskvelden. Det er ikkje så ofte han er i Valle no for tida, travelt oppteken som han er som organist i Vennesla. Men i dag kom han innom att, for andre gong denne veka.

Han ville gjere eit nytt opptak av verket Preikestolen, som hadde urframføring i Valle kyrkje sundagskvelden. Tanken var å legge det ut på YouTube, der han har liggjande fleire andre filmsnuttar frå stykke han har komponert. Du finn dei ved å gå til http://www.youtube.com/watch?v=_1DqNFwFsto som er lenka til Om jeg er liten eller stor.

Han fekk like godt kopiere heile opptaket eg gjorde frå konserten i Valle kyrkje over på sin PC, så kunne han høyre den og vurdere seg sjølv i ettertid.

Eg er imponert over Bernard Emmelkamp. Med utrøttande engasjement lagar han musikk i kyrkja. Orgelet i Vennesla er ikkje mykje å skryte av, han reiste frå det beste orgelet i heile Otredal prosti til eit av dei mindre gode for at kona Oxana skulle få betre høve til å realisere sin musikardraum, og ho har teke mastergrad i piano på UIA no i vår. Sjølv planlegg han å framføre ei kantate av Buxtehude med eit prosjektkor i Vennesla i haust. I tillegg skriv han arrangement av salmer og songar og publiserer dei, nokre på Cantando, andre spelar han inn og publiserer på YouTube.

Du kan lese meir om han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bernard_Emmelkamp og programmet som han hadde i Valle kyrkje finn du og der: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130917

Kommunestyremøte

Share

Til vanleg har det vore kommunestyremøte siste onsdag i kvar månad, men denne gongen kom møtet alt den 18. september. Eg veit ikkje om grunnen var kollisjon med elgjakta eller noko anna, men altså: Sendinga i går var overføring av møte i Valle kommunestyre. Du finn lenke til sakene på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130918

På den lenka finn du heile sakskartet, det var over 140 sider, og i dag la eg og inn lenke til protokollen, så du kan sjå kva dei folkevalde vedtok. Om du klikkar på lenka til Valle kommunestyre, kan du sjå kven som er i kommunestyret. Framleis er det tre personar med røde lenker, dei andre ti er det artiklar om. Eg skulle jo gjerne hatt nokre linjer om alle, men så langt har det ikkje lukkast å få dei siste på plass.

Sjølv høyrde eg ikkje på programmet i går kveld. Eg gjekk heim og ville sove middag før sendinga starta, men vakna ikkje før møtet var slutt. Dermed kan eg ikkje seie noko om debatten. Eg såg av protokollen at det var ein vararepresentant som møtte, Sissa Ringstad møtte for Bjørgulv T. Berg.

Frå Mali til Moisund

Share

I morgon kjem Alf Halvorsen til Moisund bedehus for å vere med på misjonskveld. Fredag kom han heim att frå ei tre vekers reise til Mali, så ein kan nok rekne med ferskt nytt frå den erfarne Mail-misjonæren når folk samlast på Moisund bedehus i morgon.

Eg hadde ein prat med Alf Halvorsen på telefonen i Valle Radio i kveld i programmet Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv. Det vart bare tid til dette eine innslaget, og då fortalde Alf Halvorsen at det no var etter måten roleg i Mali. Det har vore val i landet og islamistane i nord har ikkje lenger så stort spelerom på grensa mot sør. Han fortalde og at det er sju misjonærar frå Normisjon som arbeider blant malinkeane, som er eit folk som og held til i Senegal, dei er ikkje så nøye på grensene, sa han. Difor vil eit misjonærpar som no reiser ut, bli stasjonert i Senegal, slik at arbeidet ikkje skal vere så sårbart om nye konflikter skulle oppstå.

Det er mykje stoff om Hilde og Alf Halvorsen sitt arbeid på nettsidene til Vennesla bedehus, der kan ein lese meir om arbeidet deira: http://www.normisjonvennesla.no/categories/show/8

Men i morgon kan ein altså få høyre det direkte frå han sjølv, og han sa at han gjerne såg folk frå heile Setesdal på Moisund bedehus i morgon. Det blir ein uformell stil på møtet, slik det brukar å vere på Moisund bedehus. Det blir høve til å stille spørsmål og å samtale om misjonsarbeidet i Mali på møtet.

Mykje sang og musikk

Share

Tysdagsprogrammet komande veke vil ha mykje sang og musikk. Her er programmet:
Tysdag 17. september
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel ved Arvid Hunemo
18.30 Aktuelt
18.45 Country Gospel ved Per Govertsen
19.50 Postludium. Bernard Emmelkamp i Valle kyrkje
21.00 Kyrkjebakken

Som du ser, kjem Country Gospel Timen ved Per Govertsen att også denne veka. Men hovudgrunnen til at det vert mykje musikk i Valle Radio komande tysdag er at Bernard Emmelkamp hadde konsert i Valle kyrkje sundagskvelden. Eg hadde høve til å ta opp konserten, og Bernard tykte det var greitt om eg sende programmet i radioen. Dermed vert Postludium utvida frå halvtimen, som programmet er til vanleg, til over ein time denne kvelden.

Mot slutten av programmet vil det og kome ein verdspremiere. I sommar var Bernard på Preikestolen. Vi som fylgjer han på Facebook, såg nokre bilete frå turen. No har han og laga musikalske bilete. Stykket består av disse delene: Oppstigning, utsikt mot Stavanger, fuglene, preikestolen – ditt faderauga, høydeskrekk, nedstigningen skreiv han i programmet for konserten. Melodien Kor stort min Gud, går att i stykket.

Konserten i kveld samla 17 personar, ikkje så mange, seier du kanskje, og det er jo sant nok, men orgelmusikk er blitt eit smalt kulturtilbod. Likevel er ikkje 17 så lite, til konserten i Evje kyrkje laurdag kveld kom bare kyrkjetenaren, så den vart avlyst. Difor var det altså verdspremiere på stykket Preikestolen i Valle. Og det blir altså verdspremiere i Valle Radio tysdagskvelden.

Bernard er ein moderne og iderik komponist. Det synte han og i fleire andre eigne komposisjonar han spelte i kveld, basert på kjende salmer. I tillegg spelte han stykke frå det klassiske orgelrepertoaret så vel som meir moderne musikk. Det første stykke i konserten var ein moderne bryllupsmarsj av den norske komponisten Trond Kverno, heilt ulik dei faste stykka som vert brukte til slik inngangsmarsj.

Tysdag får du altså høyre alt saman i Valle Radio frå klokka 19.50. Høyr Valle Radio på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming») Les om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130917

To konsertar på ei veke

Share

Onsdag hadde eg besøk av Edgar Paulsen i Valle Radio. Han kom i den aktuelle timen, var første gjesten min klokka 18. Han fortalde om konsertane han held med songar av Jim Reeves. Han ville ikkje kalle det konsertar, han kalla det heller Jim Reeves-kveldar, for han fortalde mykje om det alt for korte livet til den populære songaren med den flotte stemmen. Sjølv fekk eg ikkje høyre konserten hans i kommunestyresalen i Valle, den var klokka 19.30, og då var eg i studio. Men eg fekk med meg konserten på Valle Bygdeheim, den var noko enklare. Om lag 50 personar var samla på Dagsenteret og fekk høyre populære songar som I love you because og Adios amigo. På konserten om kvelden var det om lag halvparten, etter det eg høyrde.

Men i morgon er det råd å få med seg ein ny konsert. Ikkje med Edgar Paulsen, han er på Svennevig i morgon sundag. Men vår tidlegare organist Bernard Emmelkamp kjem til Valle. Han er no organist i Vennesla. I kveld var Bernard Emmelkamp i Evje kyrkje. I morgon klokka 19.30 er han i Valle kyrkje. Det er ikkje så ofte det er orgelkonsertar i Valle, så vi får vone det kjem nokon. Han la ut programmet han skal spele på Facebook, så eg kopierer det og legg det inn her på bloggen, så kan du vite kva du går til når du tek turen til kyrkja i morgon kveld:

1. Trond Hans Farner Kverno(1945) intrada 1 med en norsk folkevise(fra prosesjonsmusikk)
2. Georg Böhm(1661-1731) orgelpartita ”Wer nun den lieben Gott läßt walten”
3. Bert Matter(1937) Psalm 65 ”De stilte zingt u toe, o Here”(=Stillheten synger til deg, min Herre)
Tekstlesing
4. Georg Böhm(1661-1731) ”Vater unser im Himmelreich”(=Fader vår)
5. ”Star Wars”-main theme M. J. Williams, arr. B.S. Lengton
6. Bernard Emmelkamp (1971)
1. ”Om eg er liten eller stor”
2. ”Hvem har skapt alle blomstene”
3. ”Ingen er så trygg i fare”
(Nr. 1-3 fra ”11 organ pieces”, utgitt av Cantando musikkforlag i Stavanger)
4. ”Preikestolen” består av disse delene: Oppstigning, utsikt mot Stavanger, fuglene, preikestolen – ditt faderauga, høydeskrekk, nedstigningen
7. Johann Sebastian Bach(1685-1750): Preludium og fuge i G-dur

Lang i maska

Share

I dag gjekk eg inn på Coop Valle for å heve gevinst på eit Flax-lodd eg vann i Valle Radio i vår ein gong. Det var 250 kroner i gevinst, og eg tenkte at det kunne vere gode pengar å ta med seg til helga. Eg hadde ikkje somla meg til å hente pengane før, tenkte det var godt å ha dei i bakhand den gongen eg skrapte loddet og såg at eg hadde vunne.

-Loddet er gått ut på dato, det er ikkje verd noko, var svaret eg fekk. Eg trur det var 25. mai som var fristen.

Overskrifta på denne bloggposten syner kva eg følte der eg stod. Då eg kom heim til Mandal i dag, fortalde eg det til kona og sa at eg hadde tapt 250 kroner.

-Det har du ikkje sa ho, for du la ikkje ut noko for å få det loddet.

Sant nok, eg fekk det heilt gratis, så ho har heilt rett. Men om eg hadde somla meg til å hente gevinsten i vår, så hadde eg vore 250 kroner rikare, og det hadde jo vore gode pengar å ta med seg.

Denne onsdagskvelden deltok eg ikkje eingong i Opi sending, så eg hadde ikkje noko nytt Flax-lodd å skrape heller. Eg vonar at dei som deltok, fekk lodd som ikkje var gått ut på dato, for eg veit at radioen kjøpte inn mange lodd, og dersom nokre lodd låg over frå vårsesongen, kan dei kanskje vere utgått på dato. Eg vil difor rå folk til å sjekke kor lenge dei varer, slik at dei ikkje står i butikken og opplever å få like lang maske som eg fekk.

At melk og kjølevarer går ut på dato, det kan ein jo skjøne. Men at Flax-lodd skal gå ut på dato, det er jo litt meir uskjøneleg. Dei vert jo ikkje sure. Den som ikkje vinn, kan jo verte litt sur om han har brukt eigne pengar på å kjøpe lodd og så ikkje får att noko. Men det er noko anna.

Eg får kanskje likevel investere i eit Flax-lodd av eiga lommebok ein dag, skrape det i butikken og hente gevinsten med det same og få bort den sure smaken av Flax-lodd gått ut på dato. I alle fall om eg skrapar fram den store gevinsten.