Årsmøte for 2012

Share

Årsmøtet for Valle Radio for 2012 var lagt til Sølvgarden onsdag 4. september 2013 klokka 18. Då leiar Ørnulf Hasla helsa velkomen, var det 17 frammøtte.

Harald Haugland vart vald til referent og Ørnulf Hasla til møteleiar. Han opna med å seie at han var lei seg for at møtet ikkje hadde blitt noko av i vår, men at han var glad for at vi kunne få ha møtet før haustsesongen i radioen starta.

Årsmeldinga var skriven av Kåre Rike. Ørnulf Hasla las den. Det var nokre kommentarar på at årsmeldinga var skriven for hausten 2012 og våren 2013, men med små justeringar i høve til utkastet vart ho samrøystes vedteken. Deretter vart rekneskapen gjennomgått. I 2012 var det eit driftsunderskot, noko som skuldast ei stor oppgradering av studio. Balansen synte likevel god likviditet ved utgangen av 2012.

Valnemnda var Ronny Stavsholt og Henri Tore Viki. Dei hadde snakka med Ørnulf Hasla, Britta Lise Homme, Helge Homme og varamann Rolf Erik Homme som var på val. Alle var villige til å halde fram og vart attvalde med akklamasjon. Også valnemnda vart attvald med akklamasjon.

Etter at dei formelle saken var unnagjort, drøfta ein sendeplan for hausten 2013 og sette opp fordeling av oppgåver. Deretter samtalte vi om korleis vi betre skal dekke heile Valle kommune, men og dei andre kommunane i Setesdal. Sendingane våre går til heile dalen, og samarbeidet med Radio Evje er godt. Det er planlagt eit møte med Radio Evje. Spørsmålet om sendingar frå kommunestyremøta i Bygland har vore teke opp, men svar er ikkje kome så langt.

Møtet vart avslutta klokka 20, då Harald Haugland retta ein stor takk til Ørnulf Hasla for innsatsen gjennom året, noko som heile forsamlinga slutta seg til gjennom sterk applaus. Deretter vart det servert middag i restauranten. Her gjekk praten vidare med utveksling av idear til program i sendingane og andre synspunkt ut over kvelden.

På stand

Share

I går var SP og FrP på stand i Valle. Eg skulle på butikken då dei starta, og Åse Ingebjørg Flateland hadde ei dugeleg førelesning for Ingebjørg Godskesen om situasjonen for landbruket i Øvre Setesdal og kva ho meinte ville skje om FrP fekk makta. Elles var det ganske så gemyttleg, eg fekk stoff til å få kjøt på artikkelen om Kåre Gunnar Fløystad på Setesdalswiki, og i etterkant av det, skreiv eg ein ny artikkel om han på Wikipedia. http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5re_Gunnar_Fl%C3%B8ystad Men eg gløymde å ta bilete av han til artikkelen.

Derimot fekk eg ein koseleg prat med Kjetil Rike, Britta Lise og Leiv Rygg. Tarald Myrum var innom, men han måtte på formannskapsmøte. Der skulle dei debattere om kva som skulle gjerast med korset på Menighetshuset. Eg meiner dei burde hengt opp eit kommunevåpen og sett opp skilt med Valle midleritidge kulturhus då dei hadde kjøpt det. Kommunevåpenet har fem krossar, og så hadde det blitt markert kven eigaren var. Men Kjetil kunne fortelje at dei hadde ikkje avvigsla huset, sjølv om det no var gått lang tid sidan handelen. Det burde jo og vore gjort, slik at det var tydeleg for alle at no var dette eit kommunalt hus.

Det gjekk eit par timar i solsteiken utanfor Coop Valle før eg fekk tak i Setesdølen og kom meg tilbake på skulen for å skrive inn overskriftene. Så vart det eit par småartiklar til, før eg plutseleg oppdaga at klokka var så mykje at eg måtte kome meg til Rysstad for å vere med på årsmøtet i Valle Radio. Det vart ein hyggeleg kveld med 17 møtande. Eg vart vald til referent, men referatet kjem eg tilbake til i ein seinare bloggpost. Eg var referent for årsmøtet for 2011 og, men det referatet vart diverre skrive i gløymeboka, så det finst ikkje. Referatet for årsmøtet for 2012, derimot, det kjem snart på bloggen.