Program for veke 44-2013

Share

Denne veka fekk eg ikkje lagt ut programma her på bloggen før etter at sendingane var ferdige. Men då kan eg jo legge inn lenker til programsidene på Setesdalswiki, så om du klikkar på lenkene nederst, kan du sjå meir om korleis programma var desse to kveldane.

Tysdag 29. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
18.55 Country Gospel Timen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 30. oktober

Teknikar: Torhild Sandnes

18.00 Kommunestyremøte

Lenker
*Tysdagsprogrammet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20131029
*Onsdagsprogrammet http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20131030

Ei veke med fakkeltog

Share

Denne veka arrangerer Stefanusalliansen fakkeltog i åtte byar for å minne om forfulgte kristne rundt om i verda. I kveld gjekk toget frå Torgalmenningen til Korskirken i Bergen, torsdag går det fakkeltog frå Oslo domkirke klokka 17 til Utenriksdepartementet og same kvelden går det fakkeltog frå Kristiansand domkirke klokka 18 til Paviljongen på Torget. I Kristiansand vil det vere appell frå Dag Vige, Svein Harberg, Kjell Ingolf Ropstad og Dagrunn Eriksen.

Tema for aksjonen i år er situasjonen i Nord-Korea. Eit prosjekt som Stefanusalliansen støtter, er produksjon av soyamelk og bollar i ein provins i Nord-Korea. Organisasjonen kan ikkje drive evangelisering, men får lov til å gje innføring i grunnleggande matproduksjon og kunnskap om forholdet mellom mat og helse og mellom god hygiene og næringsmiddelproduksjon. Bakeriet framstiller 1,2 millionar bollar per år og like mange koppar soyamelk. Mjøl, sukker og smør er importert frå Kina, lokalt skaffast egg og kumelk. Dette vert distribuert til 15 skolar og 15 barnehagar, fem dagsenter og fem barneheimar. Dette kan utvidast, men då må inntektene til Stefanusalliansen aukast, så dei er ikkje sikre på om dei kan få det til.

Nå gjennomfører FN ei stor gransking av Nord-Koreas brot på menneskerettane. Fleire tidlegare offentlege tenestemenn i Nord-Korea, folk som tidlegare var involvert i propaganda-apparatet, har vitna for FN-kommisjonen.

I tida framover kan kyrkjelydar etablere misjonsprosjekt retta mot Nord-Korea gjennom Stefanusalliansen. Dette skjer gjennom eit samarbeid med organisasjonen TRADI, som arbeider for at folk i landet skal få dekka grunnleggjande behov og at motivasjonen for arbeidet er trua på Jesus.

Malala

Share

I kveld vart eg sitjande og sjå Skavland på NRK1. Det var eit sterkt møte med Malala, men og interessant å høyre samtalen med Bianca Jagger og med prinsesse Märtha Louise. Denne gongen var programmet frå London, så praten gjekk på engelsk. Å høyre ein så reflektert 16-åring snakke var jo ei oppleving i seg sjølv.

Når vi får ein interessant samtale i media, er det synd å bryte han av med musikk. Det har Skavlan skjøna, men det er rart at det er så vanskeleg å skjøne for dei som lagar radio, som til dømes Sørladssendinga, men det skal eg ikkje seie meir om no.

Malala fortalde i sendinga om Swat-dalen, som er blitt kalla Østens Sveits. Høge fjell og grøne dalar gjev ein flott natur, og fram til 2007 var det fred og gode villkår for jenter der. Så kom Taliban, og dei drap folk som hadde for kort sjegg eller på andre måtar ikkje tedde seg slik deira tolking av islam sa. Malala kunne ikkje tenke seg at dei ville gå laus på ei jente som var barn, så som 11-åring tok ho til å blogge og fortelje om hendingar i heimbyen og regionen. Dermed vart ho mål for Taliban, som sende to 20 år gamle gutar på skulebussen for å drepe henne. Til vanleg var det mykje folk på vegen, men den dagen var vegen tom. Ho overlevde og vakna på eit sjukehus i Birmingham, og no er heile familien flytta til England.

Malala er pashtun, det er ei folkegruppe som bur sør i Afghanistan og nord i Pakistan. Det bur flest pashtunarar i Afghanistan, men etter tradisjonen har dei ikkje hatt så mykje politisk å seie, det har vore dari-folket som har styrt i landet. Då vi hadde flyktningar frå Afghanistan i Valle, var dei dari.

Eg visste ikkje mykje om desse tinga før, men kveldens program på Skavlan gav litt opplysning om dette og var både lærerikt og informativt. Så då kveldens musikar kom på scenen, skrudde eg av, sjølv om han var ein flink gitarist, hadde eg fått nok i det programmet og kjende meg meir opplyst enn eg hadde vore tidlegare.

Program for veke 45-2013

Share

Denne veka fekk eg ikkje lagt ut programmet for sendingane før sendingane. Eg hadde jo tidleg klart programmet for tysdagen, men tenkte at eg skulle få på plass programmet for onsdagen og før eg skreiv om det på bloggen. Så vart det plutseleg noko anna som tok plassen, men eg legg det ut her likevel:

Tysdag 22. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.30 Kristen sang
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium

Onsdag 24. oktober 2013

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakt: Jorunn Helle og Solveig Rysstad

Kl. 18.00 Aktuell time
*Ein prat med Øyvind Staveland i Vamp
*Utdeling av Kongens Fortenstmedalje til Ingebjørg Vegestog Homme.
*Andre innslag frå kulturveka
Kl. 19.00 Tankar frå Bibelen: Gjest: Oddvar Søvik
Kl. 19.30: Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Lund
Kl; 20.00: Kåseri av Theis Salvesen
Kl: 20.30: Gjest: Ole Paus
Kl. 21.00: Opi sending med Rolf Erik Homme Og Henri-Tore Viki

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Av og til

Share

11. september signerte Evje og Hornes, Bygland, Valle og Bykle kommunar samarbeidsavtale med AV-OG-TIL. Denne organisasjonen arbeider for å redusere bruken av alkohol. 48 organisasjonar er med i arbeidet, du kan lese meir om dei her: http://avogtil.no/om-av-og-til/hvem-er-med/

I ei tid der alkoholen fløymer stadig vidare, kan det vere godt med nokre tiltak som fokuserer på at ein ikkje alltid skal ha alkohol i glassa. No skal kommunane samarbeide med lokale organisasjonar, næringsliv og eldsjeler om å forebygge skadeleg bruk av alkohol og å fremje godt alkovett. Den interkommunale ruskonsulenten i Setesdal, Wenche Gauslaa Hægeland skal koordinere arbeidet.

Her kan du sjå bilete frå 11. september, då ordførarane signerte avtalen: http://avogtil.no/aktuelt/setesdalskommunene-med-i-av-og-til-samarbeidet/ Så får vi håpe at det fører til mindre alkoholbruk i regionen i haust.

Eg var innom Bjørgulv T. Berg på NAV i går for å få opptaket frå møtet om ikonar i Hylestad kyrkje måndagskvelden. Framleis er NAV-skiltet borte frå veggen, eg trur sterke folk med litt for mykje alkohol innabords reiv det ned tidlegare i haust. Det er gjerne slikt som skjer når ein får for mykje innabords. Så ein reduksjon i bruken av alkohol kan truleg bare føre godt med seg.

Kongens medaljer

Share

I helga var det kongeleg medaljedryss over Setesdal. Laurdagskvelden fekk Annemor Sundbø hederen for arbeidet ho har lagt ned til beste for strikking gjennom eit kvart århundre. Ho er jo blitt statsstipendiat og får fast inntekt for si formidling av kvinnekultur gjennom bøker og foredrag. Kampen for tilværet er dermed noko lettare enn då ho tidlegare streva med å skaffe seg utkomme frå engasjementet sitt.

Ordførar Leiv Rygg overrakte henne medaljen på Bygland mållag sin kulturkveld. Ho skreiv på Facebook at ho ikkje kunne forstå kvifor det var så viktig at ho skulle vere med på det arrangementet, men så vart det jo desto hyggelegare. Ho har drive Ose Ullvare i 20 år, og før det dreiv ho Torridal Tweed, sjoddyfabrikken som vart grunnlaget for boka om skattar i fillehaugen. Ordføraren fortalde at mange lag og organisasjonar stod bak søknaden.

Sundagskvelden var det tid for medaljeutdeling i Valle. På opningsarrangementet til Kulturveka 2013 var første post på programmet tildeling av medalje til Ingebjørg Vegestog Homme. Ho har vore ein sentral kulturformidlar i mange tiår innan bunadsaum, bøker og bilete. 83 år gamal saumar ho framleis bunader, og bileta ho gjennom åra har samla inn har kome til nytte i bøker og mange andre publikasjonar. Ho er også aktiv i arbeidet med nettstaden vallemal.no. I tillegg har ho samla inn viser, stev og bånsullar, så hennar kulturarbeid femner vidt. I grunnen er det rart at ho ikkje har fått medaljen for lenge sidan.

På Setesdalswiki har eg prøvd å samle informasjon til ei liste over folk som har fått Kongens fortenstmedalje. Når eg ser på den lista, slår det meg at det er ganske langt mellom mottakarane. Eg lurer på om det kjem av at det er få som fortener medaljen, eller om det er få som det blir søkt for. Det er jo slik at ein må søke, og då må nokon ta initiativet til å lage søknaden før ordføraren kan stø søknaden, som skal gå gjennom fylkesmannen. Vi burde vere flinkare til å heidre kvarandre, det er til og med bibelsk, der står det: Kappast om å heidra kvarandre.

Gratulerer til begge. Det var vel fortent.

Bygdeutvikling i Valle Radio

Share

Tida går fort, no er det snart ei veke sidan eg hadde med meg Åse Ingebjørg Flateland i Valle Radio for å snakke om Bygdeutvikling. Ho var gjest i Haralds time onsdagskvelden, og det vart ein triveleg time. Åse Ingebjørg har snart vore bonde i 30 år og ho har fått utmerking for både 15 og 20 år som leverandør av elitemjølk. Likevel tok ho seg tid dei siste tre åra til å skaffe seg fagleg påfyll på Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling på Særheim på Jæren. Tre år jobba ho i eit desentralisert studieopplegg og skaffa seg bachelorgrad som ein av til no 12 personar.

Dette fortalde ho levande om i den timen vi hadde saman. Vi nådde ikkje å spele musikk, for praten gjekk lett om mange ulike emne. Eg hadde tjuvstarta litt og lese litt på heimesidene til skulen, men eg hadde ikkje fått med meg kva oppgåva hennar hadde vore. Så var det Smaken av Setesdal kunne ho fortelje, dette har sidan blitt utvikla til eit selskap med sju deltakarar, då ho jobba med det var det eit prosjekt i regi av Setesdal Regionråd, som ho fekk knyte seg til.

Å drive gard i Valle er ikkje så lett, dei naturgjevne tilhøva er ikkje heilt tilpassa det som vert krevd i dag, for å kunne leve av det må ein helst ha stor besetning, og då må ein ha mykje jord, så Åse Ingebjørg fortalde at ho leigde jord mange stader rundt i bygda. Dei er bare fem bønder att som driv med kyr, ein i Hylestad og fire i Valle. Ho har ikkje drive med sauer, men trongen for kulturlandskapspleie nær husa heime har gjort at ho vil få nokre sauer som kan gnage, slik at ho slepp å bruke øks og sag når runningane vert store.

Kulturlandskapspleie er ein viktig del av det folk set pris på ved bonden sitt arbeid i våre dagar, matproduksjon er visst ikkje så viktig lenger om ein skal tru undersøkingar som er gjort, mange meiner at ein kan få mat frå andre land. Men dei aller fleste vil ha opne landskap, så bonden sitt arbeid med å halde nede tilvekst av lauvskog gjennom å ha dyr som beiter, set folk stor pris på. Vi snakka noko om det, og vi snakka og om dei mange ubrukte driftsbygningane som står rundt om, og om nokre av dei kan takast i bruk til andre føremål. Åse Ingebjørg hang med på alle emna, leiaren i Valle bondelag og tidlegare i Aust-Agder bondelag var lett med sjølv om samtalen var både springande og variert i emna. Å ha ein slik gjest i studio er ei stor glede og gjer det inspirerande å lage radio.

Meir om Hasla som Årets sørlandsbedrift

Share

I kveld såg eg innom Fædrelandsvennen si nettside om Årets sørlandsbedrift. Litt etter klokka 23.00 torsdag har det lille Valle-foretaket opparbeidet seg en ledelse på nærmere 200 stemmer i kvartfinalen mot Fibo Trespo fra Lyngdal. Slik stod det då på sida.

Eg veit ikkje om innslaget i onsdagssendinga i Valle Radio var til noko hjelp, til no har ikkje avisa skrive om at det kom ein auke i stemmetalet i tida etter klokka 19 i går, då eg hadde prata med Ørnulf om dette på lufta. Han kunne fortelje at han var heilt overvelda over i det heile tatt å kome med i konkurransen, utvald av jury. Han visste ikkje kven som hadde foreslått Hasla, det kunne visst kven som helst gjere på avisa si Facebook-side i ein periode, etter det eg forstod. Men av dei mange forslaga hadde ein fagjury plukka ut Hasla som einaste bedrift i Aust-Agder til å vere med. Om no Hasla ikkje kom med til semifinalen, var det siger bare å vere med i første runde, meinte han.

No ser det ut til at Hasla går til semifinalen. Denne gongen hadde runden meir enn tusen sms-stemmer, det var til no runden med fleste stemmer, så det ligg god innsats bak resultatet om no Hasla går vidare. Vi snakka om at Lyngdal Radio neppe hadde lagt opp til å gje Fibo Trespo drahjelp, og om du hyrde Valle Radio i går og så gjekk inn og stemde, så var det medverkande til at Hasla fekk stemmer. I tillegg hadde dei jo mobilisert i sosiale medier, der er Hasla flinkare enn mange.

Lukke til med vidare innsats. Har du ikkje stemt, må du sende BEDIFT E til 03811 før klokka 08 i morgon, fredag. Les meir her: http://www.fvn.no/okonomi/bedrift/2489941.html#.UmBgvlB7Itp

Servicenivå i Setesdalskommunane

Share

I kveld hadde eg Bjørn Ropstad på tråden for å snakke om Forbrukarrådets kommunetest. Dei hadde brukt ein del arbeid på å sjekke servicenivå i kommune-Norge. Evje og Hornnes kom på 9. plass. Han berømma folka på servicekontoret i kommunen, dei er trugne på jobb og godt kjende, så dei finn svara lett. Han meinte og at kommunen har jobba over tid med å utvikle service for publikum, og så langt han kunne sjå, var folk godt nøgde, for han fekk få klagar frå innbyggjarane, noko han nok trudde han ville ha fått om dei var misnøgde.

I andre enden av lista fann vi Valle på 399. plass. Elise Marie Kringen måtte kommentere dette i Kommunen informerer i kveld, og ho sa at ein måtte bare legge seg flat, det var ikkje på nivået ein ville vere. Dei arbeider med ei ny nettside, ho vona at den snart ville vere klar, men det var ikkje heile svaret, for svar på epost og i telefon var heller ikkje gode nok.

Eg måtte trøyste henne litt med å minne henne på at det nok ikkje er mange kommunar i Norge som har så god informasjon til publikum via lokalradio som Valle kommune. Kvar veke har dei ein halv time med kommunal informasjon, og møta i kommunestyret vert og overført på lokalradioen.

Elles var vi innom mange tema i kveldens sending, men dei får eg kome tilbake til seinare.

Johannes Geffert

Share

Det er ikkje så ofte eg skriv om ein organist her på bloggen, som regel held det med å lenke til ein omtale av vedkomande. Men i kveldens Postludium presenterte Niklos. K. Besteland den tyske organisten Johannes Geffert, mannen som skal stå for konsertspelet når det nye orgelet i Kristiansand domkyrkje vert teke i bruk om tre veker. Klais-orgelet til 14-15 millionar er bygd i Bonn og frakta til Kristiansand i fire trailerlass. Det er det første Klais-orgelet i Norge.

Johannes Geffert er fødd i 1951 og er son til ein organist, så han kom tidleg i kontakt med musikk. Etter artium studerte han med Michael Schneider på Musikkhøgskulen i Köln, og då han hadde fullført dette, 22 år gammal, kom han til London for å studere med Nicholas Kynaston.

Frå 1974 til 1979 var han organist i Annakirche i Aachen, der han og var leiar for Aachen Bach-tage. I 1979 kom han til Kreuzkirche i Bonn. Der var han til 1998, då han vart professor i orgelspel og improvisasjon på Musikkhøgskolen i Köln, der han sjølv hadde vore student. I mellomtida hadde han og vore lærar i mange år på Robert-Schumann-Hochschule Düsseldorf. I Köln er han leiar for avdelinga for evangelisk kyrkjemusikk.

Johannes Geffert har laga mange arrangement av orkesterverk for orgel. I 1981 grunnla han Johann Christian Bach-Akademi, der han er leiar og solist. Han er ofte lærar for meisterklassar, og oppfører regelmessig ny orgelmusikk. Han har gjeve ut ei rekke plater, i programmet i kveld høyrde vi frå ei plate han har laga på orgelet i Abteikirche Maria Lach i Koblenz.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20131015
http://de.wikipedia.org/wiki/Johannes_Geffert